torsdag 15. desember 2011

Julestemningar som aldri kjem tilbake

I elleve- tolvårsalderen var eg hysterisk oppteken av julesnøen, som måtte kome for at det skulle bli skikkeleg jul.Eg hylte og bar meg når vervarslet berre lova kaldt regn igjen og igjen, og det beste ein kunne håpe på var litt sludd, som kom slengande etter ein sein hauststorm. Eller kanskje blei det berre litt hagl,  ei handfull inntil fjøsveggen mot vest. Mor mi minte meg på om at eg omtrent heldt heile familien ansvarlege for julesnøen, så dei måtte trøyste og tenne håp når det såg som mørkast ut, og paraplyane på det gamle magnetkartet til NRK stadig var oppslegne.

Når ein blir vaksen, gret ein ikkje over julesnøen lenger. Ein er faktisk heilt nøgd utan, sidan snø betyr måking, forsinka trafikk og slikt. Jula handlar kanskje andre ting. Ein er ikkje så oppteken av at alle meterologiske detaljar må stemme.

Men nostalgi forbunde med jula kjenner vi alle til. Dei salte juletårene mine over snøen som aldri kom, er i dag berre eit minne eg smiler vemodig av.

Eg sit her oppunder julehelga 2011 med dette vemodssmilet og tenkjer på førjula i fjor. På gode førjulstradisjonar på arbeidsplassen min.Denne siste fredagen før jul, når alle pynta seg litt, og kanskje hadde nisselue på for moros skuld, så elevane fekk litt å le av.Vi fekk  juleroser i kinna av springing hit og dit, med CD spelar og pepperkakeboks.Ut frå klassromma tona julemusikken, elevane teikna på tavla, og song med på Rocking around the Christmas tree.Vi åt mandariner, og opna dei siste gåvene i klassekalenderen.

Etter at elevane flaug ut dørene, var det dei obligatoriske snittane i kantina, som kaffekassa alltid hadde pynta koseleg på ikea-budsjett og pyntelageret frå i fjor.Pensjonistane våre dukka opp til lunchen, med utkvilte andlet, i findress og cardigan. Det var klemming , dei sa  neida er på farten støtt og slett ikkje keisamt å sluttte i jobb no rekk eg lese heile avisa.  Bleike skuleandlet skein varmt i skjæret frå borddekorasjonslysa, når vi song rotmo-songar, høyrde på rektors tale og mintes det året snittane vart gløymde, og vi måtte ete marsipankake til forrett og ferdigpizza etterpå.

Torbjørn snakka alltid om blindeskulen i Polen når vi satt rundt bordet. Det var ei lang historie kvart år, om kan som var skjedd sia sist, og korleis det stod til med den gamle priorinna, som var nesten hundre år men framleis dreiv denne blindeskulen i Polen og aldri slutta med det.Kvart år sendte Torbjørn den blå kakeboksen  rundt bordet, så alle kunne gje pengar til dei blinde i Polen så dei og fekk ei fin jul.

Så var det "julerunden", juleøl og akevitt. Julemusikk, underhaldning. Kvart år bygde Fredrik og Tor eit tårn av ølboksar, for å sjå kor høgt det kunne bli.Kvart år senka vi skuldrane med ein øl, kontoret var stengt og mørkt, moppane vart sett bort, prøvebunkane gøymt. Vi kjende på den herleg forbodne kjensla av å drikke øl midt på ettermiddagen.Vi kjende på gleda ved å sitte saman med folk vi var glade i, som vi brydde oss om. Vi visste kva dei skulle gjere i jula. Vi visste kven som gledde seg til jul, og kven som ikkje gjorde det. Men vi var der i lag og høyrde på kvarandres historier og planer. Og vi vandra inn i vinternatta, frå pub til pub, inn mot byen.

Eg hugsar halvmørkret som senka seg medan vi satt der i lag og let jula liste seg innpå oss. Eg hugsar at vi snakka om at sola hadde snudd, og at no gjekk det mot lysare tider.Eg hugsa vi avvikla årets siste trekking i vinlotteriet. Vi song ringvejulesongen. Eg hugsar dei ny-tilsette, som med undring møtte alle desse tradisjonane og  som straks vart ein del av dei  slik eg sjølv blei då eg var ny.

Eg kan ikkje gråte og hyle av at denne tida er forbi. Denne julerunden, desse kjende korridorane, trappegangane, denne kantina, dette lærarrommet med dei kjende posthyllene, det vesle kjøkenet- det er borte og ein del av fortida no, slik den fortvila ventinga mi på julesnøen som elleveåring også er blitt fortid.

Slik er det med alle juleminne.Først opplever du dei, så blir dei vemodig del av det som aldri kjem att.
Det beste ein kan ta med seg, er kor fint det er at ein har delt desse stundene med andre.

Og håpe at vi ikkje mistar evna  til å dele.

tirsdag 15. november 2011

Det som eigentleg er farleg

eit innsekt kan spasere
på ein menneskerygg
så tungt

at det går igjennom

mandag 14. november 2011

Villver

Haustposen heng etter tærne
i eit tre
vrenger utav seg ei skur av lauv
og piskande regn
kastar laussnø opp på toppane
bles røyken ned i pipa

knekker greina han heng på
borar seg ned i mosen

sender ein nordavind
til å gjere reint

før vinteren
bankar frostrøyk av frakken
og set kofferten hardt ned
på tunet

lørdag 12. november 2011

Mellom lange liner

Når ein ser twitterstraumen sildre forbi, ser ein samstundes dagen til mange menneske  slik han fortonar seg for folk i kring landet. Kaffedrikking, avislesing og retweeting frå Morgenbladet , KK og Aftenposten  først på dagen. Kvikke innspel frå nyheitsbiletet- linkar til artikar det kan vere verdt å lese.Nokre utrop på 140 teikn over tabloide vinklingar, men stemninga er stort sett godsleg. Og moderat  effektiv.

Mange kjenner at dei må be om orsaking til feeden for at dei twitrar i arbeidsida.Det trengst neppe.Dei som les tweeten, har lite å gjere sjølve akkurat da.Dei er jo på twitter dei og.Og dei som ikkje les, har neppe vondt av det som blir twittra eller retwittra av linkar, medan dei knugar og slit på jobben utan nettdekning.

Utpå ettermiddagen seier nokre i frå i tweet at no går dei frå jobb. Andre seier ikkje stort ved middagsleitet. Det er mykje som skal foregå i familiane på denne tida.Måtte einast vere hektiske tweets med spørsmål etter middagstips, eller artige gullkorn frå den yngre generasjonen, ytra  på veg heim frå barnehagen.

Medan dei små får sjå på Fantorangen, benkar twitterstraumen framom dax18. Og da byrjar det å bli straumkvervlar i twitterelva.Frydefulle tweets om politiske utspel, kudos til twittrarar som er på skjermen,om dei da gjer ein god figur. Mentions byrjar florere no. Meiningsurvekslingar kan byrje ta seg opp.

Dei intensiverer seg når Dagsrevyen og TV2 nyheitene byrjar,da det går på kritisk vurdering av nyheitsformidling, politikarar, avgjerder, og korleis alt eigentleg burde vere om rette politikarar satt i rette posisjonar, om vi hadde vore meir førre var i  #dettalandet, og ikkje vore så naive, så usystematiske, så dumsnille, så byråkratiske, så slurvete, så sosialdemokratiske, konservative, framandvennlege eller rasistiske.

Dette held  straumen fram med, gjerne i krasse ordelag til tider, heilt til nokon vaksne med twittertyngde kjem inn og sett feeden på plass ved å seie at dei ikkje gidd høyre på meir  trakassering og personforfølgjing no. Da brukar det å bli stilt.

Eit lite oppsving kan kome i samband med URIX ellerTtrygdekontoret, men det er mest krusningar på vatnet, sia mange alt har brent av krutet sitt tidlegare på kvelden eller byrjar tenkje på å leggje seg.Difor er det mange gøyale tweets , mellom anna om at ein ikkje vil leggje seg, og at andre må ta ansvar for ein. Tweets om mellommenneskelege saker, flørt, og gode musikktips. Det blir tettare mellom poesitweetsa og. Kvelden får fram melankolien i oss, mange vil skrive dikt om mørker og vårlengt, mange vil høyre, og mange vil retweete.

Så stilnar feeden sakte mot natt. Det blir mindre fart på tweetstraumen. Men dei  tvittringar som er, kjem stille som doggdropar. Nokre av dei vakre, og triste. Det kan vere spor av tørka  tårer mellom 140 teikn. Det kan vere ekko frå tomme stover i dei. Dei er vatn under twitterbrua når morgonen kjem. Men mykje fint kan bu under bruene.

Det er veldig fint når  twittrarar kan få snakka  mellom dei lange og høge linene.
Eg trur nesten nattkvitring er av det aller finaste.

tirsdag 8. november 2011

Gamle dagar

ferdiglevd liv
kan kome til syne
samanrulla
eller bretta
i ei øskje
nedpakka
etter hundre år-


nokon vil synast
at dette var rare greier

eller bli
uforklarleg
glad

torsdag 27. oktober 2011

Som ein liten prikk der oppe

 sjel  på veg i luftrom
 tretti tusen fots marsjhøgd
som bakken ikkje meir skal finnast
og ho evig må reise rundt der oppe
 inn og ut av drivande skylag, med val mellom kaffe og te
 til Armageddons englar deler flykroppen
med flammande sverd
rister henne ned
til evig dom

utan sikkerheitssele
lysstripa langs golvet
vil aldri tennast

onsdag 19. oktober 2011

ein jubeldag skal kome

når alle summetonar stemmer seg saman
til  tjukke akkordar
som ankertrosser

når  trikkeskinner omfamnar
andre trikkeskinner
som  frodige lianar gjennom byen

telefonliner kjæler
kvarandre
i lufta

-då skal endeleg
to framande hender
flette vakne fingrar

medan alle  trådar
syng

tirsdag 18. oktober 2011

Skyming

I uthuset
sit han
stilt

spikkar dagane dine
av emnet

ljose spon
av

tid

Eit kutt i oktober

Åsryggane er klipt
ut av det mørkegrå papiret
vinternetter er laga av

Skarpt kutta kant mot himmel
som har den barnslege blåfargen

 sommaren gløymde att i farten

lørdag 15. oktober 2011

Banket opp i Aure

Slik var overskrifta. På biletet såg eg fire afghanske gutar, på framsida til lokalavisa. 23. september hadde ein ungdomsgjeng gått laus på flyktningane, som var på veg heim frå opning av det nye kulturhuset. Dei hadde delteke ivrig i dugnaden for å få ferdig huset, no skulle dei heim og byte klede.Alle som hadde delteke i dugnaden, hadde nemleg fått billett til opningsfesten, som straks skulle byrje.

I staden møter dei overmakta.Bak samvirkelaget. Lokale ungdommar ventar på dei, og kallar inn forsterkningar, mellom anna frå det lokale rånemiljøet.Det endar med fleir skadde afghanarar, og ein av dei til legevakta etter kutt i aksla frå ei flaske.
Og ei  trist historie blir rulla opp. Om folk som gjev flyktningane fingeren gjennom bilvindauget, og brølar til dei fordi dei reinsar fisk på kaia og etterlet fiskeslo til måsane.Med hatske tilrop, hærverk på syklar og steling av eigedelar. Klassekampen reiser til staden eit par veker etterpå, og biletet blir fylt ut.Hovudmennene bak fleire av samanstøytane er to sekstenåringar. Ungdommar i rånemiljøet seier at saka hadde vorte verre om vaksne hadde kome ut frå festlokalet og blanda seg inn. Det varsvært  mykje rasisme på Aure, kunne rånarane fortelje.

Dette fører minnet tilbake til oppveksten min på denne same staden. Eg gjekk 9 år på Aure barne-og ungdomsskule.Kvar veke satt eg på skulebussen dei 18 kilometrane frå Aure sentrum og inn i Todalen. Staden for gamle indianerhøvdingar, viktigperar og neanderthalerar.Rottholet, Avholet,Avkroken. Det var det vi høyrte, på skulebussen og i skulegarden. Forslaget til skuletur i sjuande; "Vi tek med oss ein pose glasperler, og fer til Todalen", ropa ein gut i klassen. Alle lo, høgt og lenge. "Proffesor Baltazar" vart eg kalla. Og ikkje fordi eg var smartare enn andre.Eg veit eigenleg ikkje kvifor. Antakeleg fordi eg gjorde lekser av og til.

Høg status på undomsskulen fekk du om du hadde vitne på at du hadde klina i bilar på fest, smugrøyka i friminuttet,drukke heimebrent får du var 15. Du fekk ikkje status av å bu i ein avdal 18 kilometer frå folkeskikken,og ikkje vera så mykje på fest. Det vekte irritasjon. Kva var det med oss som var så mykje finare? Kven trudde vi at vi var? Som berre gjorde lekser og reiste heim med bussen? Idiotar. Små pupper var berre fjøra på toppen av alle slengmerknader og morsomheiter om person og heimstad. I niande sa eg ikkje meir i timane. Eg hadde funne ut at muntlegaktivitet kosta for mykje til at det var verdt det.

Så, når varaordføraren i min barndoms heimbygd  er "morosam" på  facebook omkring eit eurosongbidrag, trur eg det kjem veldig overraskande på folk frå mine heimtrakter at resten av landet reagerer så negativt på denne "harmlause spøken" som dei faktisk gjorde.  Folk som har lese resten av diskusjonstråden hennar på fb, seier at det var mange meldingar der som var mykje verre en den som hamna  i oslopressa. Men dei kommentarane  var ikkje så interessante for Akersgata.Ingen av dei andre i diskusjonstråden var jo ordførarkandidatar. Men  debattantane frå fb har no på sett og vis gjeve seg til kjenne i avisene likevel- gjennom handlingar. Men framleis nokså ansiktslause-for oss  utanfor bygda.

Vi todalingar vart aldri angripne med avkutta  flasker bak samvirkelaget. Vi fekk berre slengbemerningar, og sosiale stempel som sære og rare.Men det gjekk  kaldt nedover ryggen på meg då eg las desse avisoppslaga om rasistisk vald. Ei  heil veke tok det altså før ei så grov valdhending når avisene. Da var det allereie for lengst ei politisak. Oslopressa, borstett frå Klassekampen, har ikkje vist seg interesserte. Skremmande.Det vekte til live den kjensla eg hadde då eg budde der. Her er det ingen som ser deg, ingen som høyrer deg.  Det er ingen veg ut.  Blir du her, må du bli slik som dei andre. Elles går det ikkje.

Difor gjorde det meg så glad, då ein av grannane mine, på veg heim til Todalen i bil, køyrde forbi eit lite opptog i Aure sentrum ei stund etter alt dette stygge hende. To storfamiliar, dei ca tjue flyktningane på Aure, pynta til fest.Glade og forventningsfulle.Dei skulle feire enden av fasta, og bar med seg dei lekraste rettar til samankomsten sin.. Grannen min vinka til dei frå bilen.Dei smila og vinka tilbake.

Og eg tenkjer; hald fram å smile, hald fram å feste! Det finst ein  betre veg ut av alt. Det må det berre.

onsdag 12. oktober 2011

Augneblink med glas

opp frå dovnande øl
stig eit skjelvande speglbilete
buktar seg i  svimmel grimase

før eit andlet går i oppløysing
i  kolsyre

søndag 9. oktober 2011

forvitringar

i glisne gamle vindaugsrammer
ligg det forvitra sladrekjerringandlet
djupt i alle kvisthol

stramme munnar
i tette årringar
av spottande
mosegrodd
lått

vinden jamrar
gamle klagesongar

gjennom
rustne nykkelhol

lørdag 8. oktober 2011

kan tenkjast

du kan verte ein
heliumballong
på avvegar
ein gong

vite kor du har
vore
ikkje
kvar

du  fer

der oppe
åleine
over tretoppen

i sakte fart

torsdag 29. september 2011

Røyksoppar

Ein dag

vi vil kome til å sitje skjøre og opne

på cafear


og blåse ut små, grå skyer

av gamle dagar

mandag 26. september 2011

Kisteluft

Natta opnar kistelokket,
lukt av fleire år gammalt mørker breier seg

møllkulene trillar ut av gamle seilarstøvlar

Stivt samanbretta ligg
kamferstinkande epleslang
frå syttitalet

Framom månen
stryk
ein gulna dåpskjole

torsdag 22. september 2011

Eit raskt glimt

Gatelyset lagar eit neonauge,
det doggar på halogenbrillene

Mot asfalt  klakkar mollstemte hælar
i  haustkatedralen


postludiet er enno
eit par jamndøgn unna.

onsdag 21. september 2011

Viktig spørsmål

Du lurar på kva som er inst i spegelen, seier du.Jau, eg skal fortelje deg kva som er inst i spegelen.Der ligg alle styggedagane, dårleghårdagane,dagane du hadde lyst til å drite i, og legge deg igjen. Alle dagane der du skulka skulen, krangla med mor di, eller fekk dårlege nyheiter: Kvisedagar, hemndagar slåtida iheldagar, blåmåndagar og feittysdagar, oskeonsdagar.Jævla valentindagar.Alle desse dagane som kom deisande.Ikkje kunne du, i din aller fulaste, villaste fantasi, forestille deg i at dei alle budde der. Inst i spegelen.

mandag 19. september 2011

invitasjon

Ein varm cellokasse
med raud plysj
lokka til seg

eit smekkert instrument,
det glødde i treverket

la lokket varsamt att
ikring svingande former

og let bogen stryke dirrande over
strenger

så dei skalv der inne
i mørkret

søndag 18. september 2011

Utsyn

Eg vil klatre opp på den høgste tuva
stå på tærne i lyngen
til eg får tak i ei grein, og kan
slite meg opp langs stammen
på den store eika-

eg står på den øvste greina
og skjelv

der grip eg føtene
til den fyrste ørna som flyg forbi,

så eg kan hekte fingertuppane i den
nedste enden av måneskalken

Og segle med
over himmelbogen

lørdag 17. september 2011

Kveldsregle

Kveldshimmel gløder nedanfrå
i himmelrand.

Åsryggane er jarngryta
 det frøser kaldt i.

Natt samlar bitane
i hop

på botnen
er alle like

torsdag 15. september 2011

Hærverk

Djupt i mjuk hjartepose vart det skore
med stålkanta ordnøklar mellom fingrane;

ripa inn på mjukt underlag,
ei natt då ingen såg

berre blinde trafikklys
var ute

tirsdag 13. september 2011

Hylling

ein bauta
ville eg reise.
Ein stein som  lyfte seg
som ei tenorrøyst
mot alle gråvershimlar

der djupe søkk i steinen
var kjære avtrykk
av
hundre år
med vakkert klivne

vedskier

mandag 12. september 2011

Minne om dagar som har gått

Gyngestolar som
gyngar

utan at nokon rører dei

I stille stover

fredag 9. september 2011

Nytt

ei hand som enno ikkje 
grip rundt
noko,

men har
den mjuke bogen

som vil

onsdag 7. september 2011

Hausten ringjer

I ring på tørt
fortau jagar vinden
visne blad.

Mennesket
piskar tørt
og uroleg
i ring
i  rastlause
karmahjul

 på tredemøller

Når det ringjer
set vi han
på lydlaus

tirsdag 6. september 2011

Urskog

Djupt nede i skogbotnen
mellom fibrane
i svampaktig mose

dampar det frå ei sovande urtid,
der
skodda stikk den lange halsen 
i veret
ein halvt oppløyst
brontosaurus

snusar på
det som var der

og framleis
er

tirsdag 30. august 2011

etterlysning

sist sett
i overvakingskameraet
på veg mot

mørk materie

drege inn
klemt saman

av livet

søndag 28. august 2011

kyss

natta legg med sanselege fingrar
eit kjede av gatelys 
kring halsen på august

ho smyg seg opp på barkrakken

ber med mørk røyst
om dunkel fjord
on the rocks

ei gul månestripe
 dandert
over
kanten

der lippene
møter glaset

lørdag 27. august 2011

Etter rulleteksten. Har vi det som trengst?

Med rulleteksten etter minnemarkeringa 21 august var den offisielle sørgeperioden over.Folk strøymde ut i gatene att, etter å ha gjeve statsministeren taktfast og langvarig applaus.Folk ikring landet tørka tårene framom fjernsynet, og gjekk for å smøre ei skive.

Skulane  byrja, ferien tok slutt. Folk deler feriebilete, plukkar bær og ser vermeldinga. Avisene har fått att framsidene om kva du bør ete og ikkje. Nokre gonger kan ein nesten gløyme den 22 juli. Det kan verke som det ikkje hende,dette fæle.Det var berre ei fiksjonsforteljing. Det kom aldri til å hende oss. Men det hende.

Og når eg tillet meg å tenkje på det, er noko av det første som slår meg kor vakker sorga kan vere. Eit andlet i sorg er fritt for stress.Sorga er så stor og tek eit menneske så fullstendig at det ikkje er plass til andre kjensler. Denne sorga involverte ikkje hemntankar, trong til vald og gjengjeld. Det var ei sorg som  ga klemmar, og som heldt roser.Som oppfordra til meir åpenheit og demokrati. Som ga ei kjensle av samhald, for det var ei delt sorg. Ingen klamra ho til brystet og sa den er berre mi. Kongehus og statsleiing delte.Pårørande av ofra delte.Overlevande delte.Og vi andre framom dei tusen tv-apparata delte. Det var noko utruleg rørande raust med dette vesle landet, der regjeringsmedlemmane såg utsom ei sorgtyngd lita familie når dei møtte pressa. Utanlandske journalistar lo oppgjevne av det manglande vakthaldet i Tinghuset, der fok spaserte rett inn i hallen med fulle ryggsekkar under fengslinsgmøtet, utan å få innhald og ID sjekka av politi. Der politikarar og kronprinspar står midt mellom folk på Rådhusplassen under rosemarkeringa,  utan synlege vakter.
Men vi er landet der folk heng opp gjengløymte vottar i trea langs skiløypa, og let tjuvar stikke av med nesten ubevakta munchmåleri.Vi er dei godtruande nordbuarane, som trur åpenheit skal vere vegen ut av sorga og inn i ei betre framtid.Vi står skulder ved skulder, frå kyst til kyst.

Men ikkje alle ønskjer vere med og dele. For nokon kjennest det ikke rett.Der mange i landet kjenner at denne sorga også er mi, og vil dele, kjenner nokon det motsette; I denne sorga har eg ingen plass. Oppmerksemda går feil veg, til folk eg ikkje bryr meg om. Eller, viktigare-desse folka bryr seg ikkje om meg. No skal liksom alle støtte dei. Og det kjennest ikkje rett. Når dei får all sympati, vil og folk sympatisere berre med meiningane deira.Kva blir det av meg då?

.Så er den første veka av Noreg etter 227 snart til endes.Korleis har ho vore? Det har regna ein del. Elevane har starta skulen, og valgkampen er i gang. Politikarar står ved valstands, som alltid på denne tida.

Så opplever vi  at sv-politikarar får høyre av rasande forbipasserande  at det hadde vore betre om det var sv-ungdommar som hadde vorte "plaffa ned",når dette fælslege  først skulle skje.Ein sv-politiker sa i dag i ukeslutt på NRK1 at dei hatske utfalla mot politikarar på stand har vore verre no i haust enn nokon gong tidlegare.Sjølv har eg våga meg inn på nokre kommentarfelt i aviser, som til dømes då Frp-politikar Dahlberg i Trondheim gjekk så lang som å seie i Adresseavisa at innvandarane kan vere ein ressurs for landet vårt.I kommentarfeltet veltar det fram hatefulle og rasande meldingar.Det er slike mengder.Ein blir stum, når ein ser alt dette sinnet som finst der ute.

Det er riktig og viktig å gjer som statsministeren seier, og bake kaker og gå på besøk til dei berørte, som sit heime med stor sorg etter tapet av sine- no etter at verda har stilna kring dei. Men kven vil gå med kaker og snakke med dei som fyller kommentarfelta med raseri, som skrik om skyting og vald mot eldsjeler som ivrig deler ut brosjyrar på stand for noko dei trur på? Kven vil gå inn, med det samme reine og heile andletet som sorga ga oss i juli, og ta dei på alvor-for å få i stand dialog  med desse som ikkje vil?

Eg er neppe den sjølv som greier ta den konfrontasjonen. Eg er kanskje redd eit slik møte vil skitne til sorga mi. Ei sorg er nøydd til å kjennast rett.

Nokre folk eg kjenner hadde ein hund som var glad i å bli sett av husstanden sin. Når familien var samla framom TV'n, stilte han seg mellom folk og fjernsyn, og bjeffa alt han greidde.Han visste da at dei kom til å bli sinte, men da såg dei han i det minste, og snakka til han. Det var ingen lett hund å like.

Men hunden logra når han vart klappa på hovudet.Og ein og annan gongen, når dei slo av fjernsynet og sette seg ned med han, roa han seg ned.

tirsdag 2. august 2011

menneskeheita på biologilabben

Nokre gonger kan menneska minne om  om ungar som skal gjere elevforsøk i biologitimen.
Ulike mennesketypar skil seg frå kvarandre i tilnærminga til faget.

Nokre ungar elskar legge små dyr under mikroskopet, for å finne ut korleis dei ser ut inni. Dei klemmer krypet mellom to glasplater, og zoomar inn.Vil gjerne prate om det dei ser.Noterer ivrig, kranglar om plassen.

Andre ungar har inga interesse for faget, og vil helst ha friminutt og sparke fotball.

Nokre byrjar gråte, fordi dei synest det er vondt for dei små dyra å bli klemt i hel mellom glasplatene.

Kven av desse iretteset vi? Kven skal rostast?

søndag 24. juli 2011

Dei stille dagane.

Dei tomme oslogatene.Gråveret som heng over byen.Og stillheita.Alvorlege ansikt under paraplyar. Natta der er ungdommar sitt i ring,sett fram eit lys til, legg på ein blome.Stilt,stilt. Ingen ser på klokka. Ingen spring etter bussen. Ingen rasar gjennom butikken med handlevogna.Dei berre står  i gatene.

Men landet har ikkje god tid.
For dette er ei vond og ubegripeleg  tid.

Vi har vore inne i dei rasande dagane, der vi sprang  frå rom til rom, og brølte motstridande meldingar frå tv, radio og sosiale media oss i mellom.Vi har rasa og skrike ut våre eigne emosjonelle teoriar og gjetningar, og teke ut sinnet vårt på dei som har hatt andre teoriar og gjetningar enn vi sjølve har hatt på kvifor dette forferdelege skjedde.Vi har vore redde. Vi har vore fordomsfulle og glefsa tilbake.Kanskje mest til dei vi hadde nærast oss.

Alle dei kjente, trygge stadene i oss sjølve vart borte. Alle dei trygge stadene utanfor oss sjølve er borte.Farga er vaska ut av sommaren. Kanskje er det derfor vi står så stille no. Vi veit ikkje lenger kvar vi skal gå.

Etter desse stilleståande dagane, skal vi også byrje å vite kva vi kjem til å hugse i frå dei.Kva som blir sitjande igjen.Kvar vi var hen da vi først fekk høyre kva som hadde skjedd.Kva vi hadde på oss den dagen. Intervju med ungdommar.Om det blir kondolansane på tv, frå all verdas statsleiarar.Kanskje er det mykje meir ulogiske ting i ettertid, det som blir sittande igjen.Hjernen er mangfoldig.

For dagane vil byrje å røre på seg att, sakte, vil vi igjen byrje springe etter bussen, stresse avgarde til avtalar, betale regningar, lage middag.

Men ingenting vil nokon gong bli det same meir.







Men

mandag 11. juli 2011

var det noko eg sa?

..ei kjent frase , dette. I samlivssituasjonar, mellom venninner. I forholdet til  foreldre- når ein ser at dei har ei uhellsvanger mine, utan at noko blir sagt. Den ubehagelege kjensla høgg til i magen. Det hender at ein kan seie dette til seg sjølv, etter at ein har merka ei rar stemning i eit møte. Nokre gonger spør ein  direkte den gjeldande personen;

-Var det noko eg sa?

Og grunnlaget for dette spørsmålet er gjerne ei endra atferd. Ei isnande tausheit. Ei stram mine. Ein taus telefon. Ein undertone i en samtale som ein ikkje blir klok på.Det kjennest som om ein sit til bords i "Fanny og Alexander". Den tida mor i filmen var gift med Biskopen.Ein veit at ein på eit eller anna vis har tråkka over. Nokon har blitt såra, kanskje  fornærma. Men når ? Av kva? Tulla eg for mykje? Vart spøken drege for langt? Vart ikkje meldinga fremma med glimt i auget? Var det eit synspunkt der som vart slege fast for kvasst?Nokon som kjende seg tråkka på av det?Og svara på desse spørsmåla finst ikkje alltid i eige hovud.Nokre gonger må ein spørre folk rett ut.

Var det noko eg sa?

Språket vårt kan vere vår beste venn, og verste fiende. Vi kan knytte tette band med det, forhold, vennskap, lojalitet, respekt. Men vi kan og støyte folk frå oss, krenke og såre. Det kan til og med forekome utan at vi veit det sjølve.Nokre gonger kan språket vårt vere pilkast med bind for augene. Vi er aktlause og uforsiktige. Og vi veit ingenting, før skaden er skjedd.Vi  har truffe nokon, forferdeleg ubehageleg.Kva kan ein gjere, når ulykka har skjedd?

Eg tenkjer at der er Twitter ganske lik den verkelege verda. Vi har eit verkemiddel .Nnår noko har gått for langt, gått over styr, ein spøk ikkje blir opplevd som ein spøk, og alvor ikkje blir blir teke på alvor, eller språket  blir berre ord utan innhald. Vi avfølgjer vedkommande.Rett og slett.

Den kjensla i magen-  brått høgg den til.

 -Var det noko eg sa?

På Twitter får vi gjerne ikkje  greie på kva vi eigenleg sa.
Men, forresten. Det gjer vi kanskje ikkje i det verkelege livet heller.

søndag 3. juli 2011

twitterskulen, sett frå ein ny i klassen

Så vart eg drege baklengs inn på twitter, skeptisk og tvilande. Fekk klora ned ein bio, mentoren min forklarte meg reglane,og skaffa meg dei første vennene mine. Slik storesysken følgjer småsyskena sine til skulen, og raust let dei slå følgje med andre storingar dei første dagane. Deretter er ein overlaten til seg sjølv, og til å byggje vennelista si.

Twitterskulen er på nokre måtar ikkje ulik den verkelege verda. Nokre vener har du fordi dei er snille og lojale, og ser deg som den du er tvers igjennom tweetsa dine, der du prøvar vere så clever. Nokre twittervenner får du fordi du ser opp til dei. Når dei følgjer deg attende er du kjempestolt, og føler deg viktig.Du fekk tydelegvis  sagt noko smart, som har gjort dei nysgjerrige.Andre du møter på twitter er ekspertar på noko du tykkjer er særs interessant. Men nokre er ville, galne og spennande å henge med. Fordi du aldri veit kva dei kan finne på.Det slaget mor di ikkje likar at du er ute i lag med. Og når du har alle desse kategoriane på plass, kjem alle dei andre som kjenner dine venner. Og slik byggjer det på seg.

På ein måte blir det letttare då,  på ein annan mykje vanskelegare.Du har fleire no som byrjar å forvente noko av deg.Du må ikkje bli keisam og forutseieleg, da blir du avfølgd. Er du for lite aktiv: ditto.Du må ikkje bruke smilefjes, utropsteikn eller andre emoticons.Du må ikkje ha stave- eller kommafeil.Du bør ikkje pludre om trivielle daglegting for ofte.Du bør ikkje avsløre manglande kunnskap om temaet du kvittrar om. Nokre på twitterskulen har kvittra om at  dei konsekvent avfølgjer alle som snakkar om kjensler, draumar,veret, hurtigruta, familieliv.  Eg har kome til twitter-tenåra.

Alle veit kva tenåra fører med seg av kjenslemessig sentrifugering, toppar, botnar og kaos.Den eine dagen er du euforisk, den neste nede i kjellaren.Det handlar om å passe inn, om å halde plassen sin i gjengen,ikkje miste ansikt eller posisjon.Å ha dei riktige språklege kleda, ha dei riktige vennene, og bli engasjert  mange gonger i twitterdansen gjennom #ffnor.

Sidan eg er tenåring, må eg be om orsaking for åtferda mi. Alle feilskjær i form av sleivete merknader kjem sannsynlegvis av at eg er for ivrig etter å seie noko smart, og difor har trakka på tær eg ikkje såg i forbifarten.Eg er full av ukontrollerte  twitterhormonar, og vil eigentleg ingen noko vondt.Eg er berre ein liten elefant i eit språkleg glasmagasin.Difor; ber over med meg, ver så snill.

Eg blir vel twittervaksen med tida. Og kan byrje å studere.

mandag 2. mai 2011

Årets alternative russerop

lommeboka, lommeboka
flæsj-flæsj-cæsh
russepakke, russepakke
klær- og-stæsj
kule bukser,manikyr og russespa
luksusbuss og fæsjenruss på sushibar
champislønsj og tapasbrønsj og sponsorfest
trendy sassy preppy classy first best dressed
russe- hit og russedit og kredittkort
russeknute sovepute blække fort
kræsj og bom og kjønnssykdom og chill og slækk
konto tappa, tusenlappa, svisj pang vækk

fredag 29. april 2011

stiff upper wedding lip

Hurra for brudeparet i London hurra for kjærligheten som seierer og de som fikk hverandre og fine kjoler og strigla hester!Hurra for bombefly fra andre verdenskrig lavt over byen, folkefest og flagg.Hele dagen har gått med til tv oveføring av det samme igjen og igjen, kjoler og preken og korgutter og et smugkyss på balkongen.Hurra for åpen vogn, og hurra for at ingen lakeier besvimte foran kamera eller at bruden rotet med rekkeføgen på brudgommens navn under vielsen. Igjen, selvsagt-hurra. Hva skal man ellers si?

Mange vil nødig vedstå seg det, men de elsker å se på kongelige brylluper.Diverse arbeidsplasser har nok overbelastet nettet i dag med å se på tv- overføringen fra laptopen på kontopulten .Og andre igjen innrømmer, hvis de blir pressa, at de har sett Håkon og Mette Marits bryllup på DVD om og om igjen og grått på nytt og på nytt.Det er den virkelige prinsessedrømmen de ser på. Jenta som kom inn fra kulden,  vant prinsen, og ble tilgitt for sin skumle fortid av et helt folk.

Så hvorfor kjeder jeg meg - når jeg også  2011 kan være vitne til at ei jente fra folket få sin prins - bare med enda mer publikum, finere slott,dyrere tiara og større budsjett? For det har jeg gjort i dag. Jeg kjeda meg etterhvert  noe innmari. Eneste gang jeg fikk klump i halsen var av koret i Westminster Abbey. Brudeparet var vakre, pent kledd og så avslappa ut.Men ..så da?

Når man er vitne til en engelsk liga- fotballkamp, ser man jo at  finnes mer enn nok  lidenskap og engasjement  blant engelskmenn. Og det så vi jo også  litt av hos folka som jublet langs ruta brudeparet kjørte, selv om mange antakelig var bryllupspilgrimer fra andre deler av verden.Men lidenskapen og engasjementet  i de ofisielle britene kommer bare ikke ut i slike seremonielle sammenhenger. Alt går av stabelen perfekt taima, ikkeno sommel, ingen brudesvenner eller piker begynner å hyle, og 5 forskjellige prester preker i vei uten et host eller kremt.Men jeg som tv-publikum blir bare ikke grepet!Og det ser ikke ut som brudeparet selv blir det heller. Ingen dirring i stemmer, ingen tårer i noen øyekroker.Familien til brudgommen har ansiktsuttrykk som er stive av kjedsomhet, hvis ikke er  hattenålene deres som stikker dem i hjernestammen.Dronning-gemalen så faktisk  ut som han syntes kyssinga på balkongen var både pinlig og unødvendig.

Godbiter som taler og den øvrige festlige delen av pryllupsarrangementet får ikke seerne ta del i. Man kunne jo der risikere å få et glimt av noen menneskelig trekk hos konglighetene.Og når det henges opp discoculer i taket på Buckingham Palace, må  vanlige folk for all del ikke få se det. Vi kunne jo risikere å få et glimt av at noen av gjestene lo med åpen munn, eller løste på snippen.

Det britiske kongehuset har en lang tradisjon for å klemme igjen døra si foran folks neser, i både glede og sorg. At de nå plutselig skal begynne å invitere bostedsløse på julemat i Buckingham Palace slik det gjøres på Skaugum, er kanskje vanskelig å se for seg.Men det nye britiske prinseparet, uansett om jeg kjedet meg igjennom bryllupsdagen deres, kan kanskje ta i et tak i framtida, og åpne noen kongelige dører?

På en smalere tv kanal i kveld så jeg et klipp fra en dokumentar om Prins William. Et år etter studiene jobbet den unge tronarvingen for en veldedig organisasjon i Chile, der arbeidsoppgavene blant annet bestod i å skure govet på doen på barnehjemmet der han jobbet, og stå opp klokka seks om morgenen for å koke grøt. Men han lo høyt og hjertelig når han lekte med ungene.

Jeg lurer på om ikke det blir dette tv- klippet jeg kommer til å  huske best fra  den 29 april 2011.

tirsdag 26. april 2011

sit no berre her

Sit no her med den gamle
PCen min-
 brødsmular mellom tastane-
og skriv litt
ser litt på tv,  gjer litt ulikt
småtteri i huset
ikkjenoko viktig
litt borti PCen igen
noko eg skulle sjekke
sjå fort igjennom
sveipe
lesarinnlegg
skulle kanskje..
Nei,  ikkje så oppteken av
det der
den saka
engasjement
kan bli
 litt slitsamt
tar ein røyk
sleng nokre meldingar på
fjasboka
som dei kallar det
hehe
vise interesse

Skal berre sjekke noko
i kjøkenskåpet
eller i ei skuff
bak sofaputene
på PCen
i lommeboka
ryddar  kvittreringar
slettar gamle meldingar
i innboksen
neida-
sit no berre her
med den gamle PCen, eg
heilt greitt det

fredag 15. april 2011

utruleg men sant

-ein gong budde eg i sameiget frå helvete. Ja, du kan le du men det er sant. Det låg i en gammel gråkvit bygard, der murpussen  datt av i store flak, og bitar av stein ramla ned få verandaene.Rustent arneringsjarn stakk ut av alle såra i murveggen,og grein  mot alle som gjekk forbi i haustregnet.Målinga skalla av yttedøra. Rett inntil veggen på huset , innghegna i ein bikkjegard , stod søppelkassane til heile blokka. Dei flomma alltid over av sprekkeferdige søppelposar som kråkene reiv og sleit i slik at uappetittlege søpplerestar flaut omkring på bakken. På varme sommardagar stinka det  råttent  inn vindauga i alle leiligheitene som vendte den vegen.

Var eg galen då eg kjøpte meg inn i det der? Jauda, det har du vel rett i. Ein ivrig og slu meglar, min manglande kunnskap om bustadmarknaden, og behov for noko sentrumsnært å bu i sendte meg ut i det. Med eitt stod eg der, med eit usikkert smil og nøklane i handa. Klar for det første sameigemøtet.

Møtet skulle foregå på eit særs profesjonelt utsjåande kontor i byen, med inventar i mahogni og mørkegrøne teppegolv. Nokså uventa omgjevnader, med tanke på at blokka vår var nokså sliten,og såg ut som ho stod midt i ei krigssone.  Det synte seg at dei øvrige eigarane i sameiget var svært få .Ei ung jente som hadde knust sparegrisen, og  hadde fått låne pengar av bestefar sin til å kjøpe møblar. Eg, den urtutinerte bustadshandelamatøren, og ein familie av forretningsfolk av den meir profesjonelle typen. Dottera i denne trønderske utgåva av familien Anker Hansen og typen hennar budde i andre etasjen i sameiget. Resten av familien budde noko flottare, på andre sida av byen. Deira oppgåve var primært å håve inn pengane frå utleige av dei 5  leiligheitene dei åtte i blokka vår.Tonen på møtet var avmålt, men samtidig og profesjonelt jovial - slik tonen kan bli blir når den vanlege timesbetalinga til han som bestyrer kontoret ligg på eit nivå ingen snakkar høgt om.

Eg undra meg litt over det unge paret på nokon -og -tjue som satt på møtet i lag med oss. Dei var kledde som eit  noko tilårskome ektepar.Reimsandalar i gull og kvitt, blazer, korrekt handveske og paraply over armen. Nokon her har rota i klesskåpen til Mona Høines og Gordon Gekko, tenkte eg.Paret gjorde alt for å verke vaksne og etablerte, ikkje minst ved å dra i gang ein krangel under møtet. Den unge frua banna sambuaren sin opp og ned på drevent  ekteskapeleg vis, og gjorde nokså eksplisitt reide for oss andre at han stinka tåfis, sjølv om dette ikkje akkurat stod på saklista. Too much information kan ein kanskje meine. Men: at det var ein og same eigar til 5 leiligheiter i oppgangen, skulle ikkje ha noko å seie for dei demokratiske vedtaksprosessane våre i sameiget, forsikra familien Anker Hansen.Eg og jenta med sparegrisen nikka, truskuldige og tillitsfulle .

Å halde ei avis i dette sameiget, skulle vise seg å ikkje vere enkelt. Å gje ytterdørnøkkel til avisbodet så han kunne få levert avis,a var uhøyrt for det før nemnde paret i andre høgda. Avisbod kunne jo finne på kva som helst kriminelt  i oppgangen om morgonen, vi måtte skjøne at folk som leverte aviser var jo notorisk umoglege å stole på. Avisbodet kunne jo berre legge avisa på utsida av huset, kva var problemet? Med denne metoden vart  avisa anten 1: klissvåt av regn, og funne om morgonen i ein sølepytt eller flaksande i 4 deler  ut over heile gata.Eller 2: avisa vart stole av grannane som ikkje abbonnerte. Eg sa difor opp avisa.

Ein dag ikkje lenge etter at eg flytta inn, draup det skittent vatn i hovudet på meg gjennom badetaket mitt. Leigetakatane i etasjen over meg  visste ikkje kva dei skulle gjere,og arvingane i andre høgda var ikkje heime. Dei hadde i tillegg  gjeve klar beskjed om at dei ikkje ville ringast på privattelefon. Helst burde vi ikkje banke på heller, det tykte den unge herren i huset  var ubekvemt. Han lika nemleg å gå ikring heime i berre underbuksa, - og gav syn for segn den eine gongen eg var så uheldig å banke på.  Mail skulle vere den einaste kontaktforma. Utan innlagt  breiband i garden, og utan planer om å legge det inn, vart dette noko tungvint i krisesituasjonar. Men breidband  var både dyrt og unødvendig, meinte ekteparet  2 høgda. Det vart gjerne slik dei ville.

Herr og fru  hadde sjølve teke ansvar for å fungere som oppassarar for dei 5 leiligheitene i oppgangen som familien åtte.Men desse oppassarane i 2 etasje  vart rasande da eg ringte rørleggaren i utrengsmål, den dagen det rann kloakk gjennom badetaket mitt. Difor nekta dei betale røyrleggjarrekninga. Krangelen deira med røyrleggarfirmaet pågjekk i fleire månader,med  skriving av ufine brev, ukvemsord og rasande telefonar.Det heile enda med trugsmål om inkasso.Før det roa seg.

I oppgangen hand det med eitt ein dag eit langt dekret på sikringsskåpdøra.Det var herren i 2 høgda, som åpenbatt hadde erta på seg nokon særs dubiøse folk i jobbsamanheng . Alle i oppgangen  fekk via oppslaget beskjed om å ikkje åpne ytterdøra, utan at vi var heilt sikre på at vi kjende dei som stod utanfor. Passord vart tilrådd. Om nokon av desse durkdrivne folka han var redd for skullle dukke opp, måtte vi ringje politiet øyeblikkeleg. Der vi skulle spørje etter ein bestemt etterforskar, som hadde høg bereidskap.Det var farlege karar det var snakk om, fekk vi vite. Vi var ein periode omtrent like utrygge i oppgangen vår som dei tre små grisane var i plankehytta si, med  kriminelle storbyulvar luskande i nabolaget med agenda om å blåse huset vårt ned. Det bles heldigvis over denne gongen og, ingen møtte valdsmenn i bygarden, såvidt eg kan hugse.

Diverre var scener, brøling, skjellsord og anna type utbrot litt for vanleg agenda til at det vart særleg lenge roleg i dette sameiget.Under Earth Hour stod herren i andre etasje på gangen og skreik i vitlaust raseri, fordi nokon hadde slokka lyset ute i oppgangen også. Frua i andre etasje brølte plutseleg til meg på eit kjøpesenter i byen, da ho tykte at eg ikkje hadde helst ordentleg på henne da eg passerte. Da vi hadde dugnad og skulle måle golvet i oppgangen, stod ho øvst i trappa og ropa til oss at dørmatta faen ikkje skulle kastast, same kor full av sand ho var. Den skulle ho ha i gangen sin, for det var ho som hadde kjøpt den!

Etter som steinane rasa ned frå verandaene, vasslekasjane auka på, vindaugsrutene i gangen ramla ut ,søpla flaut utanfor husdøra, og raserianfalla frå 2 høgda slo ned som influensabyger, byrja eg å grue meg til å gå ut. Kanskje eg kom til å  treffe nokon av dei i oppgangen. Eg ana aldri kva som kunne oppstå av ukontrollerte situasjonar.Å bytte trappevask med dei sette i gang lange korrespondansar med gule lappar i postkassa og iskalde irettesettingar om å ta ansvar for eiga vasking.All kontakt burde unngåast. Difor var det om å gjere å storme ut når det var stille om morgonen, og kome heim etter at alle hadde lagt seg.Ikkje snakke med nokon, gå i vaskekjellaren om natta, ikkje uroe eller ta plass.

Det gjekk etter kvart  opp for meg at eg rett og slett ikkje var nøydd til å bu slik. Eg kunne faktisk kjøpe meg eit anna husvære, og flytte. Tanken sette sjela mi fri, sjølv om det vart ein lang og omstendeleg prosess å bli kvitt kåken.Eg hadde og heile tida dårleg samvit for å  utsetje ein ny kjøpar, eit uskuldig sårbart menneske, for alle psykosane i oppgangen. Etter kvart fann eg likevel ut at om berre den nye eigaren heldt ut å bu der litt lenger enn eg, kunne jo stockholmssyndromet faktisk tikke inn. Ny eigar fekk såleis rett og slett sympati med herren og frua i andre etasje,og tenkje at dei gjorde vel så godt dei kunne stakkars.

Når eg tenkjer attende på det no, er det heile veldig fjernt. Eg ser av og til at det lyser frå vindauga i det gamle husværet mitt når eg fer forbi med bussen.
Men så tenker eg ikkje meir på det.

mandag 11. april 2011

frå meldingsboka

Eg skulle gjerne vere meir venn
og vere der når du trong meg, alltid
men på vegen til telefonen, chatten og døra di
snubla eg i ein helgetur med kjærasten, datt midt oppi ein spa-time, endte opp i frisørstolen, vasa meg så inn i eit par lange treningstimar.

da eg kom til meg sjølv att
tykte eg det var for seint å ringe

lørdag 9. april 2011

Når kroppen er heime åleine

Eg gjekk i søvne då eg var lita. Og eg prata i søvne også. Mamma kalte det å burble.
Det var ubegripelege ord som kom ut, som om eg var ein slags støysendar som slo seg på midt på natta. Eg produserte  høg og ukontrollert roping ,med enkelte tilfeldige ord innimellom som ga meining. Etter kva eg har høyrt seinare, vart eg ofte snakka til, og eg svara visst og. Men svara mine var i overkant kryptiske. Som eit spontan-orakel på nattetid,utan at noko av det  inneheldt  djupsindige bodskapar. Eg ga meg gjerne når dei vaksne snakka til meg, sov vidare, og hugsa ingenting av utbrota mine når eg vakna dagen etter.

Berre den gongen eg med stivt blikk kom inn i stua da vi hadde gjester og freista krype inn i stoveklokka, greip dei vaksne inn med handmakt.  Dei styrte meg varsamt tilbake på rommet mitt, utan å lage unødig oppstuss.

Tremeningen min gjekk og i søvne. Han dreiv med turn til vanleg, og det gjorde han tydelegvis når han sov også.Fleire morgonar var gardinstengene bøygde og hang og slong, etter at tremeningen min hadde prøvd å turne i dei om natta.Foreldra hans måtte stadig bytte gardinopphenga sine. Ei anna natt kom dei på han medan han freista presse dyna si inn på ei lita badehylle.

Far min var og søvngjengar i oppveksten. Da han var i gang med konfirmantførebuingar og skulle sove over på ein gard på Våg nokre netter, vakna folk på garden av at ytterdøra small opp midt på natta.Det var far min som var i fullt firsprang dei to kilometrane til kyrkja. Iført underty av typen doveremakko, og utan sko.Halvveges til Aure vakna han av seg sjølv, då han trakka i ein søledam.

Eg undrar på kvifor ingen ungdomar går i søvne lenger. Eg høyrer i alle fall ingen fortelje om det.Er det for mykje som skjer på internettet og i alle dataspela? Er hovuda deira så overfylte når dei  går og legg seg, at hjernen kollapsar til natta som ein daud mobiltelefon? Eller er det så kleint å snakke om søvngjengeri på skulebussen på morgonen,  at fenomenet blir tia i hel?At det på ein måte er eit signal om at ein har eit stussleg og keisamt lite liv? Ein sit ikkje oppe og chattar med kule folk, sender meldingar eller spelar World of Warcraft. Neida-ein vasar rundt i nattdrakt som ein idiot, og gjer bisarre ting. Fritt for ikkje å fortelje om det, liksom.

Ein elev av meg gjekk forresten i søvne, når eg tenkjer meg om. På hotellet vårt i London, på skuletur. To jenter i klassen skjøna ikkje kvifor han, i berre trusa, skreid stivt nedover korridoren på det særs snuskete etablisementet. Så dei følgde etter klassekameraten sin.På trappeavsatsen i tredje høgda stoppa han, og pakka ut kronjuvelane.Hadde ikkje dei to jentene gjort anskrik, hadde han nok fullført oppdraget sitt .Men den sovande kom godt nok i gang  med lysfontenen til at det vart særs pinleg da resepsjonsvakta kom opp trappa nett samtidig, og måtte hoppe til sides.

Det høyrer med til historia at denne eleven bruka å gå i søvne når han overnatta på nye plassar. Det hører og med at vi hadde klaga ein del på hotellet kvelden før."And you lot, were complaining about the room.." sa resepsjonisten til dei tre elevane, etter sidehoppet sitt, med all den britiske imperienedarva forakt han kunne meistre. Då vakna guten.

Eg trur denne historia er artigare for alle oss andre enn for den unge herren som vakna midt i trappa med ønskekvisten i handa,andlet til andlet med ein sur resepsjonist, når han  trudde han var på do.I slike tilfelle kan eg forstå at ikkje svevngjengeri er noko du  vil skryte på deg, akkurat.

Sjølv om det eigentleg er ein nokså fascinerande tanke. Kva kroppen vår kan finne på ,når vi sjølve ikkje er til stades...

onsdag 6. april 2011

da det ringte på

-stod det ein trugande mann på utsida , med hatteskygge langt nedover ansiktet. Han spurde med flat og monoton røyst om det var slik at nokon i denne bustaden hadde lagt seg utan å pusse tennene kvelden før.
Vi smekka døra rett i fleisen på han.

Kvelden etter stod det to fyrar på døra, morske, og med kvar sin sprettert. Dei  skulda oss for at vi hadde late vaskemaskina gå etter klokka ti på kvelden. Vi lo dei opp i trynet, og smekka ytterdøra raskt igjen.

Nokre kveldar etter stod ein fire fem rørslege karar spreidd utover den halvmørke trappeoppgangen. Eit par av dei bar på balltre. Dei mumla mørkt om telefonrekningar som var betalt lenge etter fristen, og ei lyspære som hadde hamna i papirsøpla. Vi kasta feiekosten etter dei, låste døra, sette på sikkerheitslenka.

Det gjekk ei veke.

Så stod det plutseleg ti mann på dørmatta ein kveld, alle med hesjestaurar. Dei stirde oss rett inn i augo, og spurde om det var sant at nokon på denne addressa hadde juksa på ein geografiprøve og bede ein bussjåfør dra til helvete.

Eg henta Mauseren og bles alle ti  til himmels.

Om eg ikkje hadde sett strek, hadde dei  sikkert vore frekke nok til å be seg sjølve inn på  kaffe.

Ei veske full av Berlin

Berlin satt i kleda
heile veka etterpå
eller dukka opp 
i form av sammankrølla
Fahrschein
cafekvitteringar

fragment av minne, handveske i hovudet

frukost-tv
dei laga eggerøre med flesk
duppa det i kaffien
og åt

bugnande blomebutikkar i
undergrunnen

marknaden i Kreutzberg  selde
buntar med brukte ledningar og kablar
gamle plater
og sjakkspel

dama i vintagebutikken
gav rabatt på silkebluse
fordi vi såg så snille ut

kirsebærtrea
sprang ut
stille
mjuke poff
av rosa kronblad spreidde seg

lydlause kaninflokkar om natta
i parken
 Carlottenburg
nær hotellet

eg kan rote lenge rundt
i  handveska
med alle minna

samankrølla, klistra saman,
med tyggis inni
luktar T-bane

mandag 28. mars 2011

Wenche Foss- divaen med arbeidsgleden

Så fåe endelig tabloidavisene ta i bruk nekrologene de har hatt ferdigskrevet i skuffen i tjue år.Wenche Foss er død. Men, dessverre, tabloider. Dere får det nok travelt nå medf å fylle etter med de siste oppdateringer. For denne dama holdt seg gående omtrent til det siste sukket.

Og i dagene framover kommer nok fler og fler sannhetsvitner til å stå fram med sine Wenche Foss- historier. Mer eller mindre gode. For Norges Riksdiva skildres av alle, var hun den som kunne snakke med alle. Hun stod fram offentlig med ubehagelige ting som sykdom og død, temaer som ikke andre pene skuespilllerinner  av hennes generasjon snakket om. Hun gjorde det også lettere for foreldre av barn med Downs syndrom å se en fordomsfull verden i hvitøyet.

Men hun kunne også skjelle ut yngre skuespillerkolleger, fordi de ikke hilste pent nok på henne når de traff henne første gang. Hun reagerte med hele følelsesregistret og i full offentlighet i alle saker hun brydde seg om, kanskje uten å gjøre så mye faktasjekk på forhånd.Noen ganger kunne det kanskje til og med se i overkant impulsivt ut for oss som har vokst opp i grisgrendte strøk. Men det var åpenbart også for folk utenfor Oslo at hun hadde en intens opplevelse av å være i det godes tjeneste.

I et intervju som er gjort nokså nylig, er Wenche Foss trist i det kvikke blikket hele landet kjenner så godt fra bilder. Hun snakker om at hun ikke tror at hun vil oppleve en  ny nyttårsaften.Hun så bakover på et langt og intenst levd liv. Og sa at hun hadde vært så heldig og så priviligert,og var så glad for det. Fordi hun hadde alltid hatt jobb. Hun hadde alltid hatt mye å gjøre.

Altså, det hun oppsummerte og mintes, var ikke det de fleste skulle tro en så gammel dame ville snakke om; barn, barnebarn, sin avdøde mann, bryllupsdag og barnedåp og ungdomstid. Nei. Det var arbeidet. Hvor heldig hun var, som hadde hatt så mange fine arbeidsoppgaver i livet sitt.

De færreste av oss kan skryte på seg at vi er ett med jobben vår- at vi ikke helt vet hvor jobben slutter og vi selv begynner.Wenche Foss kunne si det. Vi kan selvsagt beskylde henne for  at hun på den måten også var skuespiller når hun møtte andre i privaten-men det er vanskelig å gjøre det til et problem,  når engasjementet hennes kom så mange andre til gode. Wenches, favorittdikt som Lise Fjeldstad nettopp leste på Dagsrevyen, handler nettopp om å glede andre mennesker.

Om det er noe å lære av at Wenche Foss har trippet i 93 år her på jorda i høye, elegante hæler?For min del tror jeg det handler mest om å ha vært vitne til genuin arbeidsglede.Å  greie å takke for alle arbeidsdagene dine som har vært- når du vet at dagene du har foran deg er få .Å kjenne sann og ekte glede over den jobben du har hatt hele livet, hvor flott er ikke det?

Den kan sies av en kyniker at det er lett å være arbeidsglad når du er Diva. Og det kan vel være.Men hva kunne ikke vi alle bidratt med med en slik arbeidsglede som Wenche Foss hadde?Og da tenker jeg ikke først og fremst på gleden jobben kan gi oss selv:  Men på den gleden vi  kan sende videre til andre, når vi trives der vi er.

Jeg skåler  i champagne for deg i dag, Wenche. For deg - og for arbeidsgleden.

lørdag 26. mars 2011

alt har si tid

Årstider
går kanskje ut på dato

men ei sommartid
gjer ingen sommar

satans sykkelhjelmfolk

Fy flate så provoserende og irriterende sykkelhjelmbrukere  kan være. Nå snakker jeg ikke om de engstelige nybakte småbarnsforeldrene som med skjelvende hender trykker denne blå eller lilla plast-og isoporgreia med festlige, sporty logoer langs sidene  langt nedover skallen for å berge det som berges kan, men  om de dustene som absolutt ikke kan ta av sykkelhjelmen sin  innendørs.

Så står disse hjelmfolka på biblioteket, i kø for å oppspore ei obskur bok. Bredbeinte og gjennomsvette, gjerne med refleksvest også, står de der og damper av treningsiver, med et særdeles velfornøyd lite smil rundt munnen. Selv om de utsondrer skyer av svette etter sykkelturen halve byen rundt, er de en eneste stor vandrende svettering av selvtillit.  Det er som om de synes at den hjelmen de har på hodet kroner dem til noen slags friluftskonger, som gir dem rett til å stå der og stinke midt i blant oss, mens det samler seg en dam av sølevann rundt dem på gulvet fra overtrekksbuksa deres. Midt på hodet troner hjelmen. Svette pipler fram under den. Men på skal den være!

Det er noe provoserende selvtilfreds over denne atferden. Det er som sykkelhjelmen får fram den mest nedlatende, slitsomt joviale og overbevist rettroende siden i mennesket. For dem som har lest Trollvinter av Tove Jansson, vet hva jeg mener når jeg snakke om Hemulen. Denne frisksportende, alltid blide friluftsmannen med stor nese, som spiller tuba når det ikke passer, og bader i isvann. Som kommer til Mummidalen,der de pusler omkring med sitt og foretrekker å sove hele vinteren, eller sitte i ovnskroken og drømme om våren.Uten å egentlig være svovelpredikant, snur denne Hemulen Mummidalen på hodet med sine forsøk på å danne en vekkelsesbølge og frelse friluftsfolk.Heldigvis greier han ikke å gjøre mye skade. Mummifolk er litt for opptatte av å kose seg.

Så, til dere friluftsglade, lett tykkfallne akademikerne med et sykelig forhold til sykkelhjelmene deres, pedaltråkkende året rundt, stinkende av svette, søle og med klaprende sykkelklyper! Hold dere unna meg!  Jeg mener det. Som Mummidal-beboer i hjertet: Jeg liker fløtegratinerte poteter, jeg kommer aldri til å sove frivillig i noen snøhule, eller under en glissen gran i Bymarka! Jeg trener når det passer meg, jeg spiser sjokolade- og jeg¨vil helst se pen ut på håret, if you know what I mean....

Det var bare det jeg ville si. Takk for oppmerksomheten.

søndag 20. mars 2011

opplysningskontoret for hvitt kjøtt

I eit intervju framgår det at opplysningskontoret for kvitt kjøtt får ein god del telefonar oppunder store høgtider. Folk som ringjer, har mange og detaljerte spørsmål om tilbereiinga av jule - eller nyttårskalkunen. Dei er svært konkrete i spørsmåla sine, og er entusiastiske og glade i stemmane.

Men det opplysningskontoret for kvitt kjøt ofte merkar i desse samtalane,er at dei store selskapa med saftig kalkunkjøt og godt tilbehøyr aldri kjem til å finne stad. Dei som ringjer, sit heime åleine og planlegg fiktive selskap.

Eg veit ikkje om dette er ei veldig fin eller veldig trist historie.

Men det viser at opplysningskontoret for kvitt kjøtt er ei veldig viktig verksemd .

fredag 18. mars 2011

angående Deres søknad

Angående Deres søknad på jobben som er utlyst hos oss, kan vi informere Dem om at stillingen nå er besatt, og vi takker for interessen.

PS:
Det var forøvrig aldri aktuelt å gi deg jobben heller, siden vi allerede da du kom inn døra på intervjuet luktet  at du var en person som totalt manglet den nødvendige respekten for autoriteter. Du snakket som om du hadde peiling, som om du til og med innbilte deg at du hadde mer peiling enn oss. Du burde ha skjønt at du aldri kom til å komme noen vei med en slik attitude her i bedriften. Akkurat som vi gidder ha en ansatt rekende rundt som kan mer enn oss andre, som alle kundene liker og som haler i land avtaler vi ikke selv har greid å lande? Tror du vi er helt sprø? Trodde du virkelig at det entusiastiske gliset, gestikuleringa, de sirlig innbundne attestmappa med den uspiselig selvtilfredse CVen på toppen, og det oppsperra liksom-så-jævla-vitale blikket ditt kom til å gi deg noen  fordeler her? Vi må bare le..

Suck it up
Du aner virkelig ikke hvor langt du var i fra å få denne jobben.

søndag 13. mars 2011

Ting det ikkje er vits i å gøyme på

Han var ikkje så stor, og gjekk kanskje i andreklassen på barneskulen. Han var i den alderen då ranselen er firkanta og stikk ut på begge sider av ryggen. Dette var nok på syttitalet, og då var alle skuleranslane til små ungar firkanta. Og på syttitalet var andreklassingar veldig små og tynne.

Det var etter siste skuletime, og alle ungane sprang så fort dei små beina kunne bere nedover til skulebussen. Ikkje fordi dei var redde for å bli for seine, men fordi dei alle så gjerne ville sitje i framsetet.

Dette heilage setet ,som stod parallelt med førarsetet, fekk ein liten andreklassing til å kjenne seg som ein nestkommanderande. Slik kunne ein sitje og sjå sjåføren , gasse, gire og bremse, opne døra kjekt med den store sveiva, handtere billettmaskina .Ein slapp bli sitjande saman med ein av dei store ungane som var ekle, eller saman med ein gamling som hadde vore hjå legen og byrja bry seg, og kanskje seie rare ting. Dei andre ungane kunne byrja å le av dei rare tinga gamlingen sa, og det var så pinleg. Sat ein i framsetet, var ein kongen av bussen. Ingen dummingar eller gamlingar kunne ramme ein der.

Nesten alltid sprang dei store fortast, og dei små kunne springe til dei nesten kasta opp, men det var ingen vits likevel, for dei store var alltid større og hadde alltid så lange bein.

Men denne gongen sprang andreklassingen fortast. Eg veit ikkje kvar dei store ungane var denne dagen, men det var faktisk denne andreklassingen som kom fram til bussen først! Eller rettare. Det var to andreklassingar. Og i det den vesle tynne ,som hadde sprunge så det vesle hjartet nesten eksploderte i brystet, sette foten på neste stigtrinnet i bussen, pressa ein større og sterkare klassekamerat seg forbi han. Og når denne klassekameraten står på øvste stigtrinnet, snur han seg og slår den vesle andreklassingen så hardt i andletet at han dett bakover på rumpa i ein søledam.

Ein kan lure på kvifor det er slik at den som greier å erobre framsetet i livet med rå kraft, kjenner at det i tillegg er naudsynt å slå folk i andletet.

I dag er den minste andreklassingen far sjølv. Eg ser han bere det vesle barnet sitt kjærleg omkring. Heldigvis trur eg han har gløymt episoden med framsetet.

Det er nok berre systera hans som aldri kjem til å gløyme.

lørdag 5. mars 2011

kjerne

Midt inni den store fellesskapen
bur den største einsemda

ler hjarteleg,

forsvinn i mengda

mandag 28. februar 2011

rettsvesenet slit av og til

Saka Nøtteliten mot parkvesnet :
Denne rettstvisten utvikla seg til å bli  særs komplisert og forvirrande Det byrja dra i langdrag då den anklaga  allereie innleiingsvis innrømte at han hadde gløymt kor han hadde stukke vekk tjuvegodset.Foklaringa hans var springande og fragmentert. Og hopp og sprett og tjo og hei og fire nøtter deler seg blei ein alt for upresis retorikk  for aktoratet.Den anklaga vart omsider sett fri. "På grunn av bevisets stilling", vart det ståande  i rettsprotokollane.Mange tykte dette var ei rar avgjerd.

Faren for gjentaking var jo tross alt temmeleg stor.

søndag 13. februar 2011

tidleg om morgonen

kunne ein tydeleg sjå fuglespor i nysnøen
frå det eine vinterhjartet til det andre

før dei vart trakka vekk

lørdag 12. februar 2011

livsmysterium

 dei snille
vinn til slutt
sa dei vaksne alltid

no er vi vaksne

og ingen har vel eigentleg
vunne enno

dei vaksne
døydde

beleilig nok

lenge før dei fekk eit forklaringsproblem

lørdag 29. januar 2011

noko å undrast på

vinternatta vart flerra opp av dei som stod nedi korsvegen og brøla.Skulle ikkje forundre oss om dei har tenkt å halde på til nokon kjem og ber dei om å slutte med det tenkte vi .
Kva er det den lyden sa tante Margrete ein  augustkveld er det nokon som brølar borti vegen ja det er nokre folk, vi veit ikkje heilt kva dei driv på med sa vi og så vart det ikkje meir snakk om det.

torsdag 27. januar 2011

provokasjon

- men det verste med dei nye grannane var at dei liksom aldri fekk hengt opp  gardiner

tirsdag 25. januar 2011

flaks

det var heldigvis eit ledig sete på bussen til Framtida
Hadde vore kjipt å stå heile vegen

torsdag 20. januar 2011

Should they stay or should they go?

Nå har Mulla Krekar endelig lyst til å reise hjem selv, kan Dagbladet gledesstrålende meddele. Med utropstegn på første side. Vi slipper altså å mase på fyren mer, hipp hurra for det. Den slemme, svartsmuskede araberen, som er på FNs most wantedliste, som slenger ut morddtrusler og havner i klammeri med kvinnelige komikere. Endelig skal vi bli kvitt den turbaniserte bråkmakeren, som ikke har stelt i stand annet enn helvete siden han kom til gards som kvoteflyktning i 1991.Til og med utenriksministeren sier nå at han synes det er helt greit om Krekar'n pakker sekken nå, og takker for laget.

Hvorfor vil Mullaen dra nå så plusdselig?Jo- det er Marie Amelie, det. Men hva det er med hennes sak som gjør at Krekar har bestemt seg for å dra, sier ikke Dagbladet noe spesielt om. Kanskje det er fordi han nekter konsekvent å la seg assosiere med et land som er så onde mot søte unge papirløse asylsøkere? En slags sympatireaksjon,altså? Dette siste utspillet til et hjerteløst kongerike som river ungpiker utav armene på de etnisk norske kjærestene sine blir dråpen i Krekars allerede velfylte beger.Her på Berget har han, en seriøs mulla,  blitt lempet rundt på av morokvinner, og hengt ut i alle media.Nå er det omsider nok.

Vi må ha en asylpolitikk som er forutsigelig over tid, sier Jonas Gahr Støre i en TVdebatt nå i kveld.Michael Tetchner snakker på sin side varmt for at Marie Amelie er sosialisert inn i det norske samfunnet, og at det derfor er en fornærmelse mot henne å forvente at hun skal rette seg etter disse forutsigelige oppholdsreglene som Gahr Støre forsvarer.

Men hva med Krekar da, stakkar? Han har jo ertet på seg folk, han har kranglet med  naboene sine, slengt ut trusler i affekt, han har stått beinhardt på sine meninger , han klager på at myndighetene ikke gjør nok for ham og tar nok hensyn til hans situasjon,-således kunne vi vel si at han er ganske sosialisert inn i det norske samfunnet han også?Alt dette er adferdstrekk de fleste av oss nordmenn burde kjenne oss igjen i. Det er hvilken som helst nettdebatt, for eksempel om strømprisene, bevis nok på.

 Krekar er en gammel gubbe.Han har skjegg, rare hodeplagg, underlige skikker og snakker dårlig norsk.Ingen har gått i tog for ham, etter alle disse årene.Selv om han har vært kjendis mye lenger enn Marie Amelie.Men nå er det nok. Ferdig!!!! Han gidder ikke bli her lenger. Han har omsider gjennomskuet oss nordmenn.

Han har skjønt at her i Norge går folk heller i fakkeltog  for kattunger enn for skabbete gamle hannkatter.

mandag 17. januar 2011

about timing, part two

Hei
lura på om eg kunne låne
hjartet ditt i helga

skal på byen, skjønar du

du sit jo berre her
med den raketten din
likevel

lørdag 15. januar 2011

slikt som kan skje om natta

Ei natt kom dei og reiv språket ut av senga medan det sov.
Språket var særs ubudd- etter mange år med stadig meir sviktande kj-lyd. Det låg og skalv på soveromsgolvet, med ein lommelyktstråle rett i fleisen. Det freista reise seg, ustødig på føtene, ufokusert og mentalt svimmel av alle engelske orda - som var det einaste som svirra i hovudet. Språket hadde i tillegg byrja å stamme den siste tida, og hakka nesten berre utav seg forkortingar og smsar. Det greidde såleis ikkje alltid gjere seg forstått. Det einaste det greidde formidle når det prøva å snakke var tabloidoverskrifter, som aldri hadde noko med saka å gjere. Språket kunne til dømes plutseleg skrike opp om sex, blod, hallikar, sjokk, og korleis ein skulle bli tynnare.

Da språket fekk summa seg litt etter pågripelsen,og byrja å rope ut sine vanlege tabloidheiter, såg dei mørkkledde hentarane berre kaldt på det. Stakkars krek,tenkte dei. Vi kan verkeleg ikkje ha slike her.

Språket greidde ikkje forsvare seg, og vart slengt ut av huset sitt.

Ein regel er ein regel, it goes beyond saying..

søndag 9. januar 2011

it's all about timing...

..han satt tålmodig og venta
på å få fyre av nyttårsraketten sin

ville nødig forstyrre

best å vente til ein dag det passa

mandag 3. januar 2011

flygande grantre

Over heile byen suste det sterkt av utspilte greiner i lufta, og dei klaska tungt ned i landinga og piska sviande i bakken så snøen gøyv.Det var særs farleg å gå ute. Kor ein enn gjekk, kunne ein setje livet til. Både ovanfrå og sidelengs kunne trea kome susande, i mørkret, om natta, om morgonen, eller ved middagstid.Lufta var mørk og tjukk av stupande graner. Redsla greip folk.

Det var tida for dei døyande juletrea si hemn

søndag 2. januar 2011

leggetid

..etter mykje mas, og ein lang sesong
kunne endeleg Jesusbarnet legge seg og sove ut i krybba si.

han gret
så mykje besøk, presangar
og framande gjester

strengt tatt
bør ein vel ikkje gje spebarn
så dyre gåver.......