tirsdag 17. desember 2013

Falmede, dødende

Gamle dikt sitter på en benk i parken
og venter på å dø, de henger med underkjeven
 i øynene gulner språklige bilder fra nittenfemti
lommene  er fulle av smuldrende enderim

de hadde de store, nymalte ord
da de var unge
folk klappet begeistret
i Edderkoppen

de rødmet
som varme
syltetøyglass

lørdag 7. desember 2013

Vintervende


Vi er snøtunge graner
greinene våre peikar mot jorda

Nattstjerner prikkar i nakken
nordlyset feier vegen med oss
vi er knekkande kvist,
pustar som
botnfrosne bekker

Lystørste ventar vi
ved  åskammen,
med solstrime
i lommen





Års ende

Tida forsvinn
inn i skogen

berre snødryss frå ei grein

viser kvar ho 
stega forbi

mandag 2. desember 2013

I papir

Midt i novembers lodne natt stod vi
kalenderbladene regnet ned over oss

snø over år vi ikke skulle dele
hauger av upakkede
overraskelser

vinteren kom
som papirdager
i år

torsdag 28. november 2013

Urtidstanke

Til alle tider
også medan dinosaurane sine brøl
runga mellom ulmande vulkanfjell,
har månen tikka sakte over kvelven.

Nokre gonger feit og gul, til å ete opp
Andre gonger ein sigd.
Han veltar deg ned i djupe dyner
Kappar natta opp i svevnlause sekund,
stikk deg spisst i hjarterøter

Dinosaurane skreik eingong i feite gulnetter, spisse sigdnetter
Utan kunnskap om tid  rava dei rundt i urskogen,
knekte greiner og åt kvarandre,
utan kjensler

torsdag 21. november 2013

Spor

Nokon vil hugse deg
så lenge du er
ein facebookprofil

så lenge orda dine
framleis spøker på blogspot

nokon vil kjenne att omrisset ditt
på flickr

finne spora dine
bak hashtaggar
på instagram

du sit i eit fly
til ukjend destinasjon,

og strør pikslane dine
tynt
over jorda

mandag 11. november 2013

fysiske forutsetningar

Teksten din må dirre,
ropte dei til henne

finn kårde-ord,
som flenger papir,
køyr blyantar i låret!

Men ho var fødd med elghjarte
tjukt og djupraudt slo det i bringa hennar
ho bar det langsamt ikring i byen,
i seige kliv.


Elghjarte veg så mykje,
ein kan ikkje berre springe
over gata på gult.











lørdag 2. november 2013

Kvinnene heime



bakar svulmande flettekransar
og tek med på dugnaden-

i postordre-tunika ler dei
utan grunn, og tek dansesteg
i uironiske crocks

Dei teiknar smilande soler
på den rosa songen

i skyminga
skrur dei av nyheitene
heklar ein bord

rundt mann
og barn















mandag 28. oktober 2013

Gje meg dei gamle stemmane


dei som har hengt ute ein vinter
på ein spikar på naustveggen

Dei som blafra fillete frå tretoppar,
du fann dei då det lysna.

Syn meg kvistane i bjelken,
Ikkje splinten.
Vis meg  djupe arr
som kryssa handflater

Ultralydbilete frå
gamle hjartesår


torsdag 24. oktober 2013

Før alt blei som no


Ein gong var verda

seglande fuglar i
drivande duskregn

mjuke andlet stod
bøygde over vogna

*

Sidan
vart horisonten
fylt med langsame,
grå munnar

som åt tid














tirsdag 22. oktober 2013

Frå sofadjupet

Eg ligg berre på sofaen og kjenner at eg kunne ha lyst til å bli forfattar
men eg måtte løfte meg frå sofaen då
og klive ut i verda gjennom ein  PC skjerm,
kome over til publikum,
connect to the camera,
finne greia mi.

Men enno sit eg fast, for pc skjermen min
er for trong
over skuldrene

 eg greier ikkje krype igjennom
men hovudet er  ute-
klynkar forfattardraumen
inn
i tuse døve øyrer,

mot tusen ryggar
framom uendelige fjernsynsprogram

Haiku

Å kutte diktets armar av
blodet pumpar ut gjennom
stumpane

Å kappe av beina diktet kviler på,
staute metaforar,
mogna gjennnom hundreår,
årringar av fantasi

Å kneble diktet
med grått papir

piske det
med
stramme stavingar

onsdag 16. oktober 2013

Tidsnok


Dei bykste over gjerda
dei storma langs hjulspor
dei sprang av seg støvlane,

dei sprengte låsane
dei braut opp dørene;

-tikkande daude fluger
Vegguret låg
med føtene i veret

torsdag 3. oktober 2013

Før dei tok avskil


gravla dei
ufødde kyss

utanfor
muren

i villgraset

fredag 27. september 2013

Oktober apokalypse

Da gåseplogene hadde revet opp himmelens buk
med vilkårlig vemodsdolk
rant seigt mørke ned

på stubbemarkene
lå døde slåttekarer

under våte eikeblader

Skuldkjensla


Ansiktet
stramt som ei klostercelle.
Krusifiks over døra,

vekker deg
frå hårskjortesvevn

med ein rykande kopp
grålysning


torsdag 26. september 2013

Mørk haustsong

Du kan stå ute i haustkvelden når dei lysande vindaugsrutene
kastar flyndre gjennom bølgande berbuskar
-og tenkje, dette hausthagehavet med duppande epler og lukt av jord,
dette tørre lauvet som raslar og vispar rundt i stive straumkvervlar,
vil vaske meg gong på gong opp på ei uendeleg nattleg strand
til eg ein morgon står smaløygd til knes i nysnø

onsdag 18. september 2013

Lik det eller ikkje.

Om du  er ein meitemark,
er kjærleiken ein fiskekrok

ein dag
trer han  mothakane
gjennom
kroppen din.

Di vondare,
di meir
krøllar du deg
rundt han

slik er
kjærleiken

slik er han

slik

mandag 16. september 2013

Når du minst ventar det

Ingenting vondt kjem med austavinden, har vi lært.Frå den kanten kjem berre varme føhnvindar, som feiar lauvet opp med varme hender og legg det varleg til sides.
Med austavinden kan vi kjenne oss trygge, det blir ingen storm .Om ein klipper eit digert hol i september, vil austavinden få holet til å gro igjen. Det er ingen vist i å bli sint når det er austavind. Ausavinden berre køyrer på. Han er så hyggeleg at ingen protesterer om eit tre ryk overende.
Om du ikkje likar austavind, er det ditt problem.

torsdag 12. september 2013

I byrjinga


veltar vi lubne rundt
i keivhendte famntak,

kvinkar som pingvinar

Så glade
at mammuthjarte inni
all verdas isblokker

kan byrja å slå

i takt

torsdag 5. september 2013

Eg reiser bort litt

Om eg let dette diktet stå ulåst ei stund,
kan Ernest Hemingway ake seg ned
på ei heil flaske whisky, ta seg inn og lage fest.
Frode Grytten kan ta med seg nokre oddingar,
ha nachspiel med gitar og
Arnulv Øverland skarrar furer i spisebordet
medan Gunnvor Hofmo dempar lysa,
sit ved vindauget og sukkar .

Sidan vil eg kome heim til eit dikt
med fulle askebeger
gjengløymde skor
i gangen

Eg skal slå vindauga
på vidt gap

vikla eigne ord ut
av silkepapir.

onsdag 4. september 2013

Når alt endeleg skal ryddast opp

Skal vi brette kvarandre saman,
legge kvarandre i komodeskuffer
med lavendelposar.

Tett saman skal vi ligge der 
ikkje lenger høyre stoveklokka
utrøytteleg kappe ljoset opp i små bitar,
strø det over kvitskura golv

søndag 1. september 2013

Det du aldri ser

Inst i spegelen ligg eit barn,
kryp saman i eit hjørne
armane over hovudet.

Å spegla seg
er å
snu ryggen til.

tirsdag 27. august 2013

Livskvalitet

Å vere
utsynet frå papirkorga
til den glødande diktaren

lauvhaugen som
sleppte våren fram

eit sprøtt
fugleskjelett
som raspar langs asfalt

når trekkfuglane
har reist





fredag 23. august 2013

Haustkropp

Huda
ein fuktig teltduk

kjellarpust mot
jordslaghandflater

moll og dogg
dryp
av
hausthjartet.




søndag 18. august 2013

Sympatihøsten

Logrende haler
svinser over dine

svidde plener

legger igjen
hjertevarme

i hundeposer

tirsdag 13. august 2013

Erkjenning ved kanten



vi er berre insekt
 på vassflata

 tynne føter
 i små groper av himmel








onsdag 7. august 2013

Ein du kjenner

Oljefargen på vatnet høyrer august til,
trøystaren med tunge augnelok

stillar måseskrik,
let doggen tjukne i halsen-
kan ikkje lenger kvinka
kåte grasttråsongar,

og kvitkløverknise

August stryk blåtone over fjellnakken
ropar inn modne bær til kvelds

breier høyet,

høyrer det svevnkviskre
om turka sommardagar

søndag 9. juni 2013

Svimmeltid 2016


En gang i framtida
drar jeg tilbake

til landet bakenfor mobiltelefonene,
langt inn under lueskyggene,
i dunjakkenes dyp

Vil jeg da begripe
at jeg presset tankene mine
inn bak denne pulten,
overlevde trykket av verden
mot klasseromsvinduet?

Vil jeg fatte at jeg en gang
gikk i disse korridorene
med glødene hjerte, med
likes og venneforespørsler
dryssende fra lommene?


lysår unna lærerens
bekymringsrynke

oppdaget jeg
at kloden er latterlig liten,
omgitt av stille mørke

og at det er godt å lengte hjem





















Svimmeltid 2016


En gang i framtida
drar jeg tilbake

til landet bakenfor mobiltelefonene,
langt inn under lueskyggene,
i dunjakkenes dyp

Vil jeg da begripe
at jeg presset tankene mine
inn bak denne pulten,
overlevde trykket av verden
mot klasseromsvinduet?

Vil jeg fatte at jeg en gang
gikk i disse korridorene
med glødene hjerte, med
likes og venneforespørsler
dryssende fra lommene?


lysår unna lærerens
bekymringsrynke

oppdaget jeg
at kloden er latterlig liten,
omgitt av stille mørke

og at det er godt å lengte hjem





















Svimmeltid


En gang i framtida
drar jeg tilbake

til landet bakenfor mobiltelefonene,
langt inn under lueskyggene,
i dunjakkenes dyp

Vil jeg da begripe
at jeg presset tankene mine
inn bak denne pulten,
overlevde trykket av verden
mot klasseromsvinduet?

Vil jeg fatte at jeg en gang
gikk i disse korridorene
med glødene hjerte, med
likes og venneforespørsler
dryssende fra lommene?


lysår unna lærerens
bekymringsrynke

oppdaget jeg
at kloden er latterlig liten,
omgitt av stille mørke

og at det er godt å lengte hjem





















fredag 7. juni 2013

Etterpå og undervegs


Etter at vi endeleg greidde
slå i hel tida-

-låg ho og bukta seg

i timevis

Miskunnsvers

-skyt ikkje pianisten

ropar nokon

-han freistar berre spele fram konsensus
mellom smak og behag-

-forskreva  språk
og tomtygd tale

torsdag 6. juni 2013

Eg.Meg.EG


Halte hovslag
på grått papir
du veit ikkje kven som skriv, seier du

ser blygt ned

på tynn ordskorpe




Junitankar frå lærarståstad

Skoleåret smuldrar sakte opp desse junidagane. Det driv færre og færre folk kring i gangane. I gymsalen er det stille og pakka med folk som skriv eksamensstil, krumbøyde over PCane sine,  dei bedriv retorisk analyse så sveitten silar, langt frå mobiltelefonen og designveskene.

Blomsterbukettar, kakeformer  fyller lærarrommet. Nokon skal takkast av frå jobb. Nokon har hatt ei førebels avslutning med klassen. På benken står eit fat med sveitte baguettar under krølla plast, og viser at sensorane ikkje var så svoltne i år. Dei mest skiglade lærarane har byrja bli så brune no at fargeskillet på halsen mellom påske- og pinsesola held på å jamne seg til. Dei fargeglade toppane damene kjøpte på Indiska i fjor er pakka ut, og flagrar ikring på skulen med lystige sveitteringar under armane. Det er snart ferie, det veit alle.

Skuleåret er ein samankrølla papirpose no, med nokre smular i botnen. Vi skal snart kaste han.Det er ikkje anna å gjere. Alle latterkuler, geografiprøvar, eigenmeldingsskjema, gjengløymt gymtøy, dikttolking, fysikkforsøk er oppbrukt. Noko gjekk bra, andre ting skar seg . Langt der bak i  svartaste januar eingong hadde ein kanskje ein krangel i korridoren om prøvejuks, eller fråvær. No er januar langt bak i tida, situasjonen kanskje gløymt. Han ligg berre bak i minnet, eit gammalt gnagsår.

Alt det ein ikkje har handterte slik ein ville. Timar som var gjennomplanlagte, men fall i fisk. Møte der temperaturen steig meir enn naudsynt. Rettebunkar ein bruka ein månad på, fordi ein blei liggande sjuk.Alt dette ein ikkje kan gjere noko med, rette opp eller gjere ugjort.

I juni er det ikkje så viktig lenger.

Ein sitt med eksamensretting til eitt på natta, fordi nettene er så lyse at ein ikkje har hjarte til å legge seg. Ein  lever desse dagane og nettene i juni i ein slags rus av syrin, hegg, svarttrost og muntleg eksamen , der ein legg ned pc'en og går ut på verandaen om natta, berre for å stå forvirra der ute og sjå skyer måle ein sein, ubegripeleg solnedgang over fjorden.

Midt i denne tida, der ein krøllar saman ein lang vinter som ein papirpose,ligg ei visse om at denne tida er så forgjengeleg. Vi er slitne no. Men framom oss ligg ein lang sommar der alt kan skje.

Og i august møtest vi  att.

fredag 12. april 2013

Slekt skal følgje

I dei djupe plogfurene
i  handskuggen

kan du sjå deg sjølv
springe,
som barn.

Med eitt

er
alle grøftekantane

i deg


fylt av hestehov


onsdag 13. mars 2013

Vi ville kanskje ikkje dit

Vaksenlivet bular fram,
 fiskeauget gjennom persienner

 inn gjennom nykkelhol,
med knis i låsane
til jenterom dynka i pastellsukker

 mellom fuktige matapir
klistrar redde brødskiver seg saman
sveitteringar i ulevd framtid

Vaksenlivet sit i den mørke stova di
med morgonkåpa stramt knytt
spør deg med stemme, gul som ein fotoalbum,

-kvar har du vore?

tirsdag 12. mars 2013

Forårssyn

Dessse gåseplogane i livet 

kan opne deg

når dei kjem
seinvinters

gjennom
din magre
natteskugge

slepande på
lys







fredag 8. mars 2013

Hvem bestemmer hva dagens 16-åringer skal bli?



Noen tanker omkring ungdom og utdanningsvalg.


I Adresseavisen onsdag 27 februar  2013  kunne vi lese et større oppslag om at det foreligger forslag  fra politisk hold om å opprette rene realfagskoler, så de sterkeste elevene kunne få utviklet sine ferdigheter ytterligere. Dette for å imøtegå det store behovet for ingeniører de kommende årene, og for så styrke norske elevers realfagskompetanse og konkurransedyktighet på internasjonale markeder.

 I denne sakens anledning ble et par elever fra Strinda vgs intervjuet. En elev ga klart uttrykk for sin mening; en skole som den hun gikk på nå, var å foretrekke. Der Strinda-musikalen for henne var med på å gjøre skoletiden mer minnerik, og gi gode opplevelser og personlig utvikling ut over fellesfagene.

Forrige skolereform, Kunnskapsløftet, var tydelig i sin retning og sitt fokus da den kom. Den skulle styrke kjernefagene, lesing, skriving og regning. Det er også åpnet for å fordype seg på videregående nivå allerede i valgfagtimene i ungdomsskolen, som en del av regjeringens strategi Realfag for framtida (2010) Dette forteller en fornøyd undervisningsminister i bladet Utdanning , 7 sept 2012.

Ingen bestrider viktigheten av de grunnleggende fellesfagenes verdi og viktighet. Men det kan være en kilde til undring at i bladet Utdanning, så vel som i de fleste av landets aviser, er det et temmelig ensidig fokus på en enkelt faggruppes visjoner og mål.

Frafallet i videregående skole har aldri vært så stort som i dagens skole. I 2012 viste statistikken et frafall på mer enn 30%. Realfagene som det igjen og igjen bankes inn i elevers hoder at er de aller viktigste, er blant fagene mange elever sliter mest med. I begge ender av skalaen er det altså de samme fagene som får mediefokus- på godt og vondt.

Det vil nok alltid være en viss konjunktursvingning i ungdoms yrkesvalg i ulike perioder. Men den nasjonale realfagsatsingen som nå er omfattende og påkostet, styrer antakelig en del av dagens elevers valg. Det er en så bred markedsføring i alle media, at den er umulig å overse . Om man er tiendeklassing i 2013 og klarer seg bra i matte, skal det en del til for å velge en annen vei enn det både foreldre, skole, media og politikere tilrår.

Noe av skepsisen til forsatte og andre ved å velge for eksempel estetiske fag som musikk, dans og drama, er at dører da stenger seg karrieremessig for fremtidige valg, som for eksempel nettopp i realfagsfordyping. At dramaelever også har matematikk, vet ikke alle. Men det vet rådgivere på ungdomsskoler   

Alle, ikke minst foreldre, bør også få vite at musikk, dans og drama gir elevene en generell studiekompetanse. I tillegg til å dyrke sine interesser og skapende evner, kan de altså rett etter videregående skole starte ved et bredt utvalg med studier og høyskoler. Og med å ta et par ekstra realfag, kan de utdanne seg til hva de vil.

Stavanger Aftenblad gjør i sin utgave 6. februar 2013. rede for en undersøkelse gjort ved Vågen videregående skole i Rogaland : Journalisten Helene Andreassen har tatt for seg  avgangsklassen på musikklinja  1998, for å finne ut hva disse elevene jobber med i dag. Blant disse elevene finner vi blant annet fem sivilingeniører, tre leger, to journalister, en psykolog.

Det er ikke slik at alle blir yrkesmusikere av ei musikklinje- like lite som alle elever på idrettsfag blir olympiske mestre i hopp eller alle elever på studiespesialiserende linje blir nobelprisvinnere i fysikk. Et videregående løp varer i tre år. Når elevene avslutter, er de fleste av dem bare 19 år. Ikke alle vet når de søker skoleplass på videregående som 16 åringer hva de skal gjøre hele sitt framtidige yrkesliv. Vi snakker om et tidsperspektiv på mer enn 40 år. Fullført videregående skole er ingen endestasjon for et endelig karrierevalg.

Er det mulig at at elever ikke tør å søke seg inn på linjer for estetiske fag, fordi omgivelsene deres skyver dem i retninger dagens samfunn framholder som  viktigere ?

Vi finner igjen tidligere elever fra tidligere Ringve vg skole (nå Charlottenlund vgs)  som skuespillere på  Nationaltheatret, Trøndelag Teater, Sogn og Fjordane Teater og Rogaland Teater. Tidligere elev på formgivingsfag, Ingar Dragset, har sammen med kollega Mikael Elmgren hatt egen utstilling i velkjente Tate Gallery i London. Media-elever har vunnet Amandus-priser. Disse elevene turde satse på å forfølge sine interesser, til tross for at kanskje velmente råd og innspill anbefalte dem en annen vei. De fikk isteden 3 år i et fagmiljø med kreative medelever og varierte oppgaver, og fikk være skapende i skolehverdagen sin. Og de oppdaget at det var mulig at dette kunne bli et framtidig levebrød.

Og hva gjør de som ikke blir kunstnere, spør du kanskje. Den før nevnte klassen på Vågen videregående skole forteller noe om det. Vi leser i artikkelen at mange av dem som ikke har musikken som levebrød , fremdeles er ivrige hobbymusikere. Ser vi  f eks på St Olavs Hospital her i byen, finnes et rikt revymiljø. De ansatte har store forestillinger for fulle hus. Hva Studenter-UKA og  UKErevyen har betydd for studentene gjennom tidene  her i Trondheim, vet alle som har vært den del av dette miljøet. Verdien av å ha slikt kulturarbeid på en arbeidsplass, kan nok de fleste som deltar skrive under på. Allerede i 1911 sa Samfundets formann Edgar B. Shieldrop følgende;

Høiskolen vil gjøre dere til studerende, Samfundet vil gjøre dere til studenter. Den som blott er det første uten å være det annet, (..) han blir intet helt menneske. (sitat fra boka Vår egen lille verden,1986)

På estetiske fag i videregående skole utdanner vi ikke bare skuespillere, men vi  ønsker å utdanne kreative og kulturengasjerte mennesker. ”Jeg liker å utdanne begge hjernehalvdelene mine, både den teoretiske og den kreative” sa en av elevene våre da han ble spurt om hva som var fint med å gå dramalinja.

Et samfunn trenger et sammensatt yrkesbilde. I det britiske skolesystemet, som er svært mye mer lagdelt og komplisert en det norske. Men de har en til dels ganske annen satsning på estetiske fag.
De private og mer velstående prestisjeskolene som legger sin sjel i at deres elever skal ha de mest optimale resultater, driver ikke ensidig vektlegging av en faggruppe. De ser verdien av å utdanne hele mennesker. 

Elevene ved King’s College School i London er aktive i til sammen 18 ulike idretter. De har to elevorkestre, og de har en viden kjent teaterundervisning, som blant annet rekrutterte en av hovedrollene i Narnia- filmene. ”Når de forlater Kings college, er de unge menn og kvinner som liker å gå i teateret” sier rektor stolt i et intervu med VG –magasinet lørdag 27 oktober 2012. King’s College School er en av de mest prestisjetunge i Storbritannia, og kvalifiserer sine elever til å komme inn på de beste universitetene og siden få karrierer i samfunnsliv , politikk, forskning. Hvor mange rektorer ved norske videregående skoler ville med stolt stemme ha våget å ha et tilsvarende fokus i et intervju?

Det er bra å være framtidsrettet, markedsrettet og ha ambisjoner om å plassere Norge på det teknologiske verdenskartet. Ingen av oss som jobber i dagens skole er i mot det. Men et så rikt land som vårt, har også god råd til å ha to tanker i hodet samtidig.


lørdag 2. mars 2013

Ta det du har


Kok opp ei gryte med
sjølvforakt
når dei første boblene bryt flata, dryss over
lumpne
loppefrø, fint snitta
sarkasmar,
og ei tom kuldegrop etter ei einsam rumpe
pisk saman fornærmingar, med ei handfull,
godt munnknadde
krenkingar
krydre med hermetiske
krokodilletårer
og syrna oppstøyt

Lat dette trekke nokre dagar
Legg det på norgesglas

Og du har ein kur mot skrivelyst






fredag 1. mars 2013

Du kan høyre vinter



Blåsmak av februarskuggen.
Raspar  ru vintertunge

Sporsnø, ordsnø

kvistpistring ,
snarskravl


Fugl  trillar runde raklar
fram
på svart grein

lørdag 23. februar 2013

henne har du sett

Den jenta som allltid forsiktig puttet vottene opp i støvlene og satte dem i bislaget der de ble kalde,
brukte alltid speile seg i et knappenålshode, og syntes hun vart tjukk og stor. Hun begynte å viske ut sine spor før de ble laget, og pustet innover  i genserkragen.En dag mistet hun sifrene i personnummeret sitt, og så dem trille vekk i snøen.Plutselig, helt uventet, så hun igjennom seg selv.

fredag 22. februar 2013

Mosemyr

Ein fot sett djupmjukt avtrykk i mosemyr,
for mennesket må gå over.

Før foten slepper grunnen ,
har mosen alt byrja å reise seg

Vi snur oss,
er berre riper i doggen

 morgondisen har ikkje flytta på seg

 Likevel
lyt vi halde fram.



onsdag 20. februar 2013

Berre henge ein stad. Ingen spesiell.


Vi pikslar ned nokre flyktige sjeler
ber dei drive rundt i rommet,
og servere oss røykringar,
nippe til
snakkebobler

samtidig dundrar vi
med  ironiske tomlar 
heit hjartebank
inn

på instagram

samlar grådig
alle likes
i  handflatene





søndag 17. februar 2013

Det var da og no og da

på inste rilla
i minnet

har ein aprilsundag
hengt seg fast

subbar igjen og igjen
over same datoen

har laga
eit  lite hol i tida





fredag 15. februar 2013

Du kan høyre vinter



Blåsmak av februarskuggen.
Raspar mot ru vintertunge

Sporsnø, ordsnø

kvistpistring ,
snareskravl


Fuglar trillar runde raklar
fram
på svarte greiner

søndag 3. februar 2013

ord og is


Isen delte seg
under orda dine

Du mista blyanten

Først vert det stille
når metaforar
hamnar under is

Så høyrer du
fugleføter raspe

der oppe



lørdag 26. januar 2013

Kjend fjell


Over viddene
kryssar svevnens skispor
kvite flater


Etter kjem
natt
og vind

bort

bles utenkt
tanke

fredag 18. januar 2013

Holde fast

Med beina
rundt
flankene på
livet

i bukkesprangenes
voldsomhet
er balansepunktet

utenfor din rekkevidde

svimlende sekunders kraftprøve
tonn med evinnelig evolusjon
hamrer
over tynn jordskorpe

mørk materie over
kokende jordkjerne under

I de svette flankene 
dundrer

 hissige hjerteslag

fredag 11. januar 2013

Du høyrer det

Om natta, når det susar i vassrøyra
forvillar du deg

til aude plassar
'
alle aude- tankane
bur i
vassrøyr

Om natta
bankar dei på  tinninga di

ustoppeleg





tirsdag 8. januar 2013

Fuglespor



På stramt lerret
byrjar året si vandring

små, mjuke
søkk

i første januarveke



lørdag 5. januar 2013

Januar



halter over veien
trettendedagen

Juletrær denges av søppelmenn
nordavind  setter
blåfrost
inn på kontoen

Ynske

Diktet
sprengjer regndråpen
innanfrå

driv dogg inn
i åpne
porer





fredag 4. januar 2013

Andlet i ruta


Ein skjermsparar i livet hans
ville ho vere
Flyte  over dunkel rute
i roleg tempo

drysse

små pikslar av kjærleik
over mørk botn

Vare tider

Før i tida kasta folk blyge blikk
såg brått vekk

når hjartet stokk

No går folk heim
og googlar kvarandre

vilt
ved kjøkenbordet