tirsdag 27. mars 2012

Ja ikkje. Nei ikkje.

Ikkje rør meg
jau rør meg

ikkje rør

eg blir rasande,

og  flerrar fasaden din av deg,
legg deg naken til korp og kråke
så dei kan hakke i augo dine
med spisse sarkasmar,
stiletthælskarpe karakteristikkar

Ikkje rør meg
jau, gjer det
rør meg
så eg kan slå deg,
skrike til deg
spikre dei klamme fangarmane dine
opp på veggene
så alle kan sjå
for ein emosjonell blekksprut
du er

Ikkje rør meg ikkje

rør

ved meg

mandag 26. mars 2012

Rift

Motorsykkelen er eit brøl
i vegkrysset

Vårhjartet revnar
som ein papirpose

lørdag 24. mars 2012

dei små blå lysa heile natta

Heile natta satt dei i denne stilla
voks inn i glisne skogen
voks i hop med mørkret 


Der i dette mørkret
i denne  stilla satt dei

heile natta.

dei blåaktige lysa
mellom trea

lysa  ingen åtte
lyste for store stilla,
for glisne skogen

Dei satt der heile natta

og vakta

heimlause lys

onsdag 21. mars 2012

Forårsskrift

Dessse gåseplogane i livet
kan opne deg

Skrelle vintersjela
med valne
vårhender

Huda er skjør
om våren

Nokre
hardhendte  hagl 
kan vere nok.

Heimekos i avis

Kvar fredag og laurdag veltar bustadmagasina ut av avisene mine, fulle av hus til salgs.Framsidene  i desse bilaga oser av heimekos.
Ofte opnar det tjukkaste av desse bustad-blekkene med ein heime hos- reportasje hjå folk som gjerne har litt eksotiske og spennande yrke, men som  tilfeldigvis og eig eit hus dei har styla og pimpa så rykta har nådd avisene via grannar og familie. Stolt tek huseigaren med avisa gjennom alle romma sine. Dei er alle pinleg ryddige, og har spreke fargar, glasspeisar, pynteputer og sengeteppe utan ein fald.

Kor mange millionar vi nordmenn pussar opp for kvart år, er uvisst.Men det er nok mange. Nokre pussar  opp og sel huset vidare fortare enn andre rekk fylle ut lånesøknad.Dei får ei intens kjensle av livets meining når dei står der med ein sparkelspade i handa. Dei greier seg på 4-5 timars svevn i månader, berre for å gjenskape eit hus frå botnen av. For å kompensere for tomheitskjensla dei opplever når alt er ferdig, kjøper dei  raskt eit nytt hus.

Kva er det med oss her i verdas rikaste land som gjer at vi må halde på med denne pilgrimsferda melllom fargehandelen, Byggmakker og vvs-butikken?Kva driv oss inn i desperate  opppussingsprosjekt, med helsa som innsats? Eg veit ikkje.

Men det som er sikkert, er at det er med stor stoltheit folk viser heimane sine fram i aviser og blad. Dei strålar velkledde med ektefelle og ungar i sofakrokar eller kring kjøkenøya si, på høge krakkar med kule tenårings-ungar og ei alessiskål med perfekte epler. Dei sett saman dyre designstolar med ikeamøblar, handlar på italienske nettsider og miksar det med arvegods frå heimgarden til bestefar. Dei kjøper febrilsk låghalte kjøkenbord, og patinerer dei med utstudert slurvete måling for å få dei shabby chic nok til at Bonytt kan bli interessert til å  kome springande og lage ei sak på dei.

Korgstolar, florgardiner og tørka blomar er forøvrig på veg ut det, no. Bustad-onanistane ler berre av det. Denne stilen med grå, målingslitne gamle glasskåpar i fransk stil med krydderurter i sinkbøtter er like harry no som furumøblane og brystpanelet var då nittitalet var over. Det seier dei som sjølv hadde stilen for eit par år sidan. For motane skiftar fort, også i bustadverda.

I likheit med at vi fargar hår, skaffar oss grøne kontaktlinser , botoxpåfyll, toupe eller designklede, så signaliserer vi kven vi er med bustaden vår. Eit par eg kjenner gjekk inn i ein djup depresjon då dei oppdaga at badet dei nett hadde pussa opp i dyre dommar, likna  mykje på badet til kva som helst slags folk.Det var rett og slett for vanleg. Og kva var da vitsen? Dei ønskte uttrykke seg gjennom vvs.At dørhandtak, flis og blandebatteri skulle seie noko imponerande om smak og stil, og at dei var  interessante personar.

På åttitalet kunne vi sjå ein heil vegg i stova dekt med famliebilete, med ulike typar rammer, hengande hulter til bulter.Det ser du ikkje ofte i dag, anna en hjå svært gamle menneske. Ser du bilete henge tett  i tett i dag, er mange av rammene tomme og kjøpt på bruktbutikk, eller bileta er innramma foto-tapetrestar, av og til grafiske trykk av kjende kunstnarar.

Det er ikkje familiebileta som gjev oss heimleg  identitet. Det er kven du er - DU som har innreidd heimen.Skal du ha familiebilete på veggen, er dei kunstnerisk forseggjorte, gjerne i svart kvitt, collageform eller ser ut som dei er måla på lerret.Fotografbransjen må sjølvsagt tilpasse seg design-evolusjonen.

Vi likar å sjå oss sjølve utanfor familiekonteksten når vi framstår som kreative designarar i bustadreportasjar. Vi får noko kunstnarleg over oss. Vi viser fram heimen vår med familien som acessoirer og pynt, sitjande i Arne Jacobsen-stolane vi er så stolte av. Desse stolane vi fann på ein loppemarknad, fordi alle dustane som arrangerte det ikkje såg at det var kvalitet som stod der mellom gammalt furu-skrot.

Ikkje alle kan bli med i The Voice, Idol, 71 Grader Nord eller Ungkaren. Nokon må vere heime.

Og skal ein vere så mykje heime, kan ein like gjerne pusse opp.

Om berre

Om vi alle kunne forsvinne
verdige

lyfte som giraffhalsar på savannen
duvande som saftige stilkar

i  vind

når skuggane
kjem