lørdag 19. oktober 2019

Uansett

så saknar ho likevel han ho ikkje kjende

for ingen saknar ein så mykje som dei umøtte

dei lever mellom aldri skrivne dagbokblad,
søv i blanke konvoluttar inst i skåpet

t-skjorta hans ho aldri kjem til å sove i

ligg i fotenden

søndag 3. februar 2019

"Vår forakt for svakhet"


Høysensitive barn  var det mest latterleggjorte omgrepet i landet då boka til prinsesse Martha kom ut. Sjølvsagt var det ein ekstra bonus at det var eit medlem av kongefamilien som sette namnet sitt under ein slik boktittel. Kongelege bør jo helst ikkje skrive bøker i det heile tatt.  Prinsessa fortel i boka si om ungar som er spesielt mottakelege for sterke inntrykk, som er i overkant dyktige til å lese andre sine kjensler Dei reagerer sterkare på enkelte sanseinntrykk enn andre ungar plar gjere.

Etter bokutgjevinga, som fekk  skrekkelege meldingar i alle aviser, vart dette temaet snaddermat for satirikarar i alle medie. Omgrepet "høgsensitiv"  vart hengande att i ordskiftet,  på twittter til dømes. Det vart ståande att som ein metafor for  mentale luksusproblem. Ei beskriving av psykiske pyser, folk som skrik på oppmerksemd,  og skrale sjeler . Folk som ikkje kan skaffe seg fokus på andre måtar enn å skryte på seg høgsensitivitets-symptom.
Noko av denne responsen kjem nok i forlenginga av den alternative tilnærminga forfattaren av "Høysensitive barn"har til eksistensielle spørsmål, så den let eg ligge. Det som er meir interessant no,  er at for mange blir denne harselleringa ein stuerein måte å få dyrke fordommane sine mot ulike psykiske tilstandar. "Høgsensitiv, du? Hypokonder, tenkjer eg vi seier!" Og på denne måten blir det meir innafor å distansere seg frå alt "psykisk", med breid støtte frå media .

Du har sikkert sett dette blikket hos ein annan person. Kroppsspråket som viser denne openberre redsla for folkemengder. Du har sett den lett leselege, keitete usikkerheita enkelte kan ha i sosiale sammenhengar. Isolasjons-tendensane frå venner og aktivitetar, ho som alltid takkar nei og berre blir heime. Slik atferd gjer oss usikre, og litt irriterte og flaue. Du kjem kanskje til vennegjengen på cafe- gledsestrålande med eit par nyinnkjøpte sko frå salg, som du gjerne vil vise fram. Då blir du irritert  når du møter det såre blikket på andre sida av cafebordet. Blikket som viser at her er det nokon som ikkje har det bra. Nokon som har vondt, og som treng å bli sett.

Søren og. Når du sjølv så gjerne vil vise fram skoene, og at alle skal glede seg med deg. Så ser du rett på eit problem. Du blir irritert for at desse augene på andre sida av bordet  skal vere slik akkurat no, når det ikkje passar. Når du ikkje har lyst til å tenkje på vanskelege ting.
 Kvifor må dette menneske sitte her og skrike "problem" med augo akkurat i dag? Det lettaste er å late som du ikkje ser det. Eit godt botemiddel mot dårleg samvit er å sjå ein annan veg.

Mange i "tenk positivt"- alternativ-bransjen postulerer viktigheit av å omgje seg med positive menneske, og ikkje vere attmed menneske som dreg dei ned. Da får du det betre. "Du er di eiga lykkes smed, ikkje la negative, triste folk øydelegge for deg."  Men er det mogleg? Finst det miljø med berre positive menneske nokon stad, der alle jublar og syng i dusjen kvar dag? Der ingen har ein dårleg dag, ein tøff periode, eller opplever sorg? Om desse euforiske miljøa finst, lurer nok dei fleste av oss kvar dei er.

Sjølvsagt kan ein be folk ta seg saman, ikkje dyrke sorga, ikkje tenke så negativt, ikkje sirkle rundt problem, ikkje ha så tynn hud, ikkje ta alt i verste meining.  Mange gonger kan det vere ypparlege råd, om det er sagt i kjærleik og av nokon som vil deg vel, og som veit at du blir betre. Men ofte blir det diverre sagt bak ryggen til folk. Og om ein seier desse tinga til dei, er det i ein lett  irritert tone. Fordi eins eige utbytte av kontakt med ein venn/kjenning blir forringa når personen ikkje har det så bra. Vi gidd ikkje dra på andre sine problem, når vi sjølve har meir enn nok å tenkje på i ein travel kvardag. Og denne irritasjonen merkar ein deprimert person sannsynlegvis godt. Og kjenner seg antakeleg endå meir mislykka, sidan ein åpenbart plagar andre også, når ein strevar med seg sjølv.

Ei bok og ei teaterframsyning om framveksten til diverse nynazistiske miljø, "Vår forakt for svakhet" av Harald Oftsad, peikar på  noko som held eit slikt regime saman;
 Nazisme er læren om den autoritære elitens rett til å herske og utnytte andre, om den sterkes forakt for de svake og den konformes rett til å dømme avvikeren" ".
Fysisk og psykisk styrke er i denne ideologien handlar om å ikkje vere emosjonell, ikkje trenge hjelp frå andre, ikkje bli sjuk, ikkje bli gammal og hjelpelaus, og helst vere omgjeven av folk som er mest mogleg lik deg sjølv i alt.
Å hylle såkalla "styrke" gjev positiv identiteskjensle, og vil ofte heva statusen din når du samanliknar deg med andre. Folk med  såpass ekstrem ideologi  kjente seg sannsynlegvis ikkje så ovanpå, før dei endeleg fann ein ideologi der dei kunne kjenne ein felleskap. Og der kunne dei finne enkle løysningar.

Nynazisme er ei døme på ein ekstrem ideologi alle vi tek avstand frå.  Dei færraste 2019- menneske ønsker å herske over nokon, eller tilskrive ein type menneske makt over andre.

Men vi kan ikkje fristille oss i frå at det er mest bekvemt å unngå å  ta innover seg diffuse problem som ein ikkje veit så mykje om. Og  det er behageleg for sjølvbiletet å definere seg sjølv vekk frå denne gruppa som har nervar, psykiske problem, eller som slit. Denne gruppa vil vi ikkje assosierast med.

Når vi snakkar om at nokon er følsom, emosjonell, deprimert, ha lett for å ta til tårene, sensitiv er ikkje  birken-deltakar, grunder, advokat eller statsminister det første vi tenkjer på . Faktum er at representantar for alle desse fire har i intervju snakka om psykiske utfordringar. Likevel verkar det framleis som merkelappar som går på kjensler ofte tolkast som mindre positive av folk flest.

Ein diktar eller skodespelar kan godt vere emosjonell. Av mange blir han betrakta som eit spennande menneske vi gjerne vil kjenne. Men til kvardags, for folk flest, kan skiftande emosjonar  opplevast som masete, forstyrrande og krevande, og gjer at vi snur oss vekk og blir leie.

Sjølv om det enklaste kanskje ville ha vore å seie noko som ; Hei, ser det er noko  som ikkje er så bra no. Det tykkjer eg er leit å sjå. Men no skal vi kose oss med kaffen, og om eit par månader er det vår. Da er eg sikker på at du kjenner deg mykje betre.