torsdag 29. september 2011

Røyksoppar

Ein dag

vi vil kome til å sitje skjøre og opne

på cafear


og blåse ut små, grå skyer

av gamle dagar

mandag 26. september 2011

Kisteluft

Natta opnar kistelokket,
lukt av fleire år gammalt mørker breier seg

møllkulene trillar ut av gamle seilarstøvlar

Stivt samanbretta ligg
kamferstinkande epleslang
frå syttitalet

Framom månen
stryk
ein gulna dåpskjole

torsdag 22. september 2011

Eit raskt glimt

Gatelyset lagar eit neonauge,
det doggar på halogenbrillene

Mot asfalt  klakkar mollstemte hælar
i  haustkatedralen


postludiet er enno
eit par jamndøgn unna.

onsdag 21. september 2011

Viktig spørsmål

Du lurar på kva som er inst i spegelen, seier du.Jau, eg skal fortelje deg kva som er inst i spegelen.Der ligg alle styggedagane, dårleghårdagane,dagane du hadde lyst til å drite i, og legge deg igjen. Alle dagane der du skulka skulen, krangla med mor di, eller fekk dårlege nyheiter: Kvisedagar, hemndagar slåtida iheldagar, blåmåndagar og feittysdagar, oskeonsdagar.Jævla valentindagar.Alle desse dagane som kom deisande.Ikkje kunne du, i din aller fulaste, villaste fantasi, forestille deg i at dei alle budde der. Inst i spegelen.

mandag 19. september 2011

invitasjon

Ein varm cellokasse
med raud plysj
lokka til seg

eit smekkert instrument,
det glødde i treverket

la lokket varsamt att
ikring svingande former

og let bogen stryke dirrande over
strenger

så dei skalv der inne
i mørkret

søndag 18. september 2011

Utsyn

Eg vil klatre opp på den høgste tuva
stå på tærne i lyngen
til eg får tak i ei grein, og kan
slite meg opp langs stammen
på den store eika-

eg står på den øvste greina
og skjelv

der grip eg føtene
til den fyrste ørna som flyg forbi,

så eg kan hekte fingertuppane i den
nedste enden av måneskalken

Og segle med
over himmelbogen

lørdag 17. september 2011

Kveldsregle

Kveldshimmel gløder nedanfrå
i himmelrand.

Åsryggane er jarngryta
 det frøser kaldt i.

Natt samlar bitane
i hop

på botnen
er alle like

torsdag 15. september 2011

Hærverk

Djupt i mjuk hjartepose vart det skore
med stålkanta ordnøklar mellom fingrane;

ripa inn på mjukt underlag,
ei natt då ingen såg

berre blinde trafikklys
var ute

tirsdag 13. september 2011

Hylling

ein bauta
ville eg reise.
Ein stein som  lyfte seg
som ei tenorrøyst
mot alle gråvershimlar

der djupe søkk i steinen
var kjære avtrykk
av
hundre år
med vakkert klivne

vedskier

mandag 12. september 2011

Minne om dagar som har gått

Gyngestolar som
gyngar

utan at nokon rører dei

I stille stover

fredag 9. september 2011

Nytt

ei hand som enno ikkje 
grip rundt
noko,

men har
den mjuke bogen

som vil

onsdag 7. september 2011

Hausten ringjer

I ring på tørt
fortau jagar vinden
visne blad.

Mennesket
piskar tørt
og uroleg
i ring
i  rastlause
karmahjul

 på tredemøller

Når det ringjer
set vi han
på lydlaus

tirsdag 6. september 2011

Urskog

Djupt nede i skogbotnen
mellom fibrane
i svampaktig mose

dampar det frå ei sovande urtid,
der
skodda stikk den lange halsen 
i veret
ein halvt oppløyst
brontosaurus

snusar på
det som var der

og framleis
er