våren stryk så fort over plener i parkar, at den lysegrøne farga i hellingane har kome utan at nokon oppdagar det før etterpå. Han feiar med heile handflata over hus og tre og folk. Flytter litt på eit gåsetrekk, svingar med nokre gardiner .
Han sveipar lynfort gjennom rommet til sovande og urolege sjeler, dei som søv for ope vindauge.
Om dei urolege sjelene vaknar og prøvar jage våren ut, gjev han dei blåmerke.
Natt etter natt vil våren kome tilbake, og ikkje eit einaste av blåmerka kjem han til å la vere å trykke på.
Det er berre slik våren er.
-Orsak meg, men hjartet ditt er på utsida. Det bankar så alle kan sjå det. Tenkte berre eg skulle seie i frå. Dessutan ser det skikkeleg ekkelt ut.
tirsdag 27. april 2010
onsdag 14. april 2010
timeout
Skal seie han kvapp til, han som åpna sandboksen ved garasjen i burettslaget og fann ein liten engel samankrølla nedi der.
Ver så snill, lat meg sove, bad engelen. Eg er heilt utsliten, og treng ein timeout.
Mannen let forsiktig lokket att.
Seinare på dagen tenkte han at burde sagt med mild røyst til engelen at han kunne sove så lenge han ville. Det var jo tross alt vår, og ingen i grannelaget trong opne sandboksen att før til vinteren.
Men da han kom heim, var det berre ei lita grop i sanda att etter engelen.
Han var vel ferdig med timeouten sin.

mandag 12. april 2010
våren tok han
-Det var det året riksmeklingsmannen byrja å gråte vilt, midt i forhandlingane i kommunal sektor .
For ikkje eingong riksmeklingsmenn greier takle ein plutseleg mild ange av kvitveis gjennom eit ope vindauge.
For ikkje eingong riksmeklingsmenn greier takle ein plutseleg mild ange av kvitveis gjennom eit ope vindauge.
lørdag 10. april 2010
krypande fram til våren
Når du snur den digre steinen som heiter vinter og kikar under han, ser du at det ligg masse folk der. Dei er samanklemte og bleikgule i fjeset, og har ikkje sett dagslys sidan oktober.
Gjennom den ruskete sovesveisen sin glippar dei med augo som flattrykte uglekyllingar. Så krekar dei seg på beina, og skjenar til næraste uteservering .
For at ingen skal skjøne kvar dei har vore dei siste månadene, ler dei høgt og skjærande fleire gonger.

tirsdag 6. april 2010
kven var det...
..som skrudde sikringen ut av dagen
gjorde mørkret lengre,
kaldare
nattevinden i ventilen skumlare
kven
skrudde varmen i samtalane
ned frå 3 til 1,
justerte termostaten i kvar klem , kvart kyss
ned frå tjue til femten
eller ti?
Antakeleg nokon som ville spare varmen sin
til betre dagar
og sette alt på fullt
når spotmarknadsprisen
i livet
var låg nok
til at ein ikkje tapte på det

Abonner på:
Innlegg (Atom)