lørdag 12. november 2011

Mellom lange liner

Når ein ser twitterstraumen sildre forbi, ser ein samstundes dagen til mange menneske  slik han fortonar seg for folk i kring landet. Kaffedrikking, avislesing og retweeting frå Morgenbladet , KK og Aftenposten  først på dagen. Kvikke innspel frå nyheitsbiletet- linkar til artikar det kan vere verdt å lese.Nokre utrop på 140 teikn over tabloide vinklingar, men stemninga er stort sett godsleg. Og moderat  effektiv.

Mange kjenner at dei må be om orsaking til feeden for at dei twitrar i arbeidsida.Det trengst neppe.Dei som les tweeten, har lite å gjere sjølve akkurat da.Dei er jo på twitter dei og.Og dei som ikkje les, har neppe vondt av det som blir twittra eller retwittra av linkar, medan dei knugar og slit på jobben utan nettdekning.

Utpå ettermiddagen seier nokre i frå i tweet at no går dei frå jobb. Andre seier ikkje stort ved middagsleitet. Det er mykje som skal foregå i familiane på denne tida.Måtte einast vere hektiske tweets med spørsmål etter middagstips, eller artige gullkorn frå den yngre generasjonen, ytra  på veg heim frå barnehagen.

Medan dei små får sjå på Fantorangen, benkar twitterstraumen framom dax18. Og da byrjar det å bli straumkvervlar i twitterelva.Frydefulle tweets om politiske utspel, kudos til twittrarar som er på skjermen,om dei da gjer ein god figur. Mentions byrjar florere no. Meiningsurvekslingar kan byrje ta seg opp.

Dei intensiverer seg når Dagsrevyen og TV2 nyheitene byrjar,da det går på kritisk vurdering av nyheitsformidling, politikarar, avgjerder, og korleis alt eigentleg burde vere om rette politikarar satt i rette posisjonar, om vi hadde vore meir førre var i  #dettalandet, og ikkje vore så naive, så usystematiske, så dumsnille, så byråkratiske, så slurvete, så sosialdemokratiske, konservative, framandvennlege eller rasistiske.

Dette held  straumen fram med, gjerne i krasse ordelag til tider, heilt til nokon vaksne med twittertyngde kjem inn og sett feeden på plass ved å seie at dei ikkje gidd høyre på meir  trakassering og personforfølgjing no. Da brukar det å bli stilt.

Eit lite oppsving kan kome i samband med URIX ellerTtrygdekontoret, men det er mest krusningar på vatnet, sia mange alt har brent av krutet sitt tidlegare på kvelden eller byrjar tenkje på å leggje seg.Difor er det mange gøyale tweets , mellom anna om at ein ikkje vil leggje seg, og at andre må ta ansvar for ein. Tweets om mellommenneskelege saker, flørt, og gode musikktips. Det blir tettare mellom poesitweetsa og. Kvelden får fram melankolien i oss, mange vil skrive dikt om mørker og vårlengt, mange vil høyre, og mange vil retweete.

Så stilnar feeden sakte mot natt. Det blir mindre fart på tweetstraumen. Men dei  tvittringar som er, kjem stille som doggdropar. Nokre av dei vakre, og triste. Det kan vere spor av tørka  tårer mellom 140 teikn. Det kan vere ekko frå tomme stover i dei. Dei er vatn under twitterbrua når morgonen kjem. Men mykje fint kan bu under bruene.

Det er veldig fint når  twittrarar kan få snakka  mellom dei lange og høge linene.
Eg trur nesten nattkvitring er av det aller finaste.

1 kommentar:

Inger Marie sa...

Godt observert og sagt - som alltid.