mandag 27. april 2015

Siste helsing

Kunne du berre
gje lyd
frå der du er

eit lite vink

fortelje meg 
om du har kome
trygt fram,

du reiste jo så stilt

skuva ingen konvolutt
under døra
i grålysinga

kunne du berre sende
eit lauvblad
med den første oktoberstormen

la det klistre seg
mot ruta mi

tirsdag 14. april 2015

Polaroid frå lufta

Dei ligg på verandaen

et bommullsskyer
rett frå himmelen

kvite kroppar
skriv teiknet
for ungdom,

let hoftekammane
rope




mandag 6. april 2015

Fagbrev frå 1905

Du gjekk
mellom menneska
som ei lysande vegstikke

Snikra  hardt håp
inn i ei vogge

pløygde meining
or skrinn åker


torsdag 2. april 2015

Reknestykke

Vi drog ein sirkel  med passaren
midt i kladdeboka

lat oss balansere over
på hypotenusen,
sa du,

og rømme

Svalene flaug sine
eldgamle formlar
over oss

vi sprang 
gjennom hesjene,
braut lydmuren