fredag 27. september 2013

Oktober apokalypse

Da gåseplogene hadde revet opp himmelens buk
med vilkårlig vemodsdolk
rant seigt mørke ned

på stubbemarkene
lå døde slåttekarer

under våte eikeblader

Skuldkjensla


Ansiktet
stramt som ei klostercelle.
Krusifiks over døra,

vekker deg
frå hårskjortesvevn

med ein rykande kopp
grålysning


torsdag 26. september 2013

Mørk haustsong

Du kan stå ute i haustkvelden når dei lysande vindaugsrutene
kastar flyndre gjennom bølgande berbuskar
-og tenkje, dette hausthagehavet med duppande epler og lukt av jord,
dette tørre lauvet som raslar og vispar rundt i stive straumkvervlar,
vil vaske meg gong på gong opp på ei uendeleg nattleg strand
til eg ein morgon står smaløygd til knes i nysnø

onsdag 18. september 2013

Lik det eller ikkje.

Om du  er ein meitemark,
er kjærleiken ein fiskekrok

ein dag
trer han  mothakane
gjennom
kroppen din.

Di vondare,
di meir
krøllar du deg
rundt han

slik er
kjærleiken

slik er han

slik

mandag 16. september 2013

Når du minst ventar det

Ingenting vondt kjem med austavinden, har vi lært.Frå den kanten kjem berre varme føhnvindar, som feiar lauvet opp med varme hender og legg det varleg til sides.
Med austavinden kan vi kjenne oss trygge, det blir ingen storm .Om ein klipper eit digert hol i september, vil austavinden få holet til å gro igjen. Det er ingen vist i å bli sint når det er austavind. Ausavinden berre køyrer på. Han er så hyggeleg at ingen protesterer om eit tre ryk overende.
Om du ikkje likar austavind, er det ditt problem.

torsdag 12. september 2013

I byrjinga


veltar vi lubne rundt
i keivhendte famntak,

kvinkar som pingvinar

Så glade
at mammuthjarte inni
all verdas isblokker

kan byrja å slå

i takt

torsdag 5. september 2013

Eg reiser bort litt

Om eg let dette diktet stå ulåst ei stund,
kan Ernest Hemingway ake seg ned
på ei heil flaske whisky, ta seg inn og lage fest.
Frode Grytten kan ta med seg nokre oddingar,
ha nachspiel med gitar og
Arnulv Øverland skarrar furer i spisebordet
medan Gunnvor Hofmo dempar lysa,
sit ved vindauget og sukkar .

Sidan vil eg kome heim til eit dikt
med fulle askebeger
gjengløymde skor
i gangen

Eg skal slå vindauga
på vidt gap

vikla eigne ord ut
av silkepapir.

onsdag 4. september 2013

Når alt endeleg skal ryddast opp

Skal vi brette kvarandre saman,
legge kvarandre i komodeskuffer
med lavendelposar.

Tett saman skal vi ligge der 
ikkje lenger høyre stoveklokka
utrøytteleg kappe ljoset opp i små bitar,
strø det over kvitskura golv

søndag 1. september 2013

Det du aldri ser

Inst i spegelen ligg eit barn,
kryp saman i eit hjørne
armane over hovudet.

Å spegla seg
er å
snu ryggen til.