tirsdag 29. september 2015

Vekt (pakkeliste for ein flyktning)

Kor mykje veg dette håpet
det er så lite

om eg bretter det mange gonger
får det kanskje plass

denne trua her kan kanskje
halde seg nokre månader

om eg let ho stå kaldt
om nettene

litt barnelatter i lommene
kan eg la risle mellom fingrane
når eg frys

eg syr inn i kleda mine
kven eg er

vandraren
utan klokke
som søker ly i skuggen din

lørdag 19. september 2015

På flukt

 
vi sit i lyset frå fjernsyn
og ser

det er berre pikslar
det er ikkje folk

fredag 18. september 2015

Hausthud

Vi rusla gjennom skogens opne handflater,
 over skjebnelina

balanserte ut
på kvart vårt
fingeravtrykk

lauvet dryssa over oss
ustoppeleg

Verdsbilete

Det veks ei strand ut av oss no 

strekker seg så langt
hjartet kan sjå