torsdag 27. oktober 2011

Som ein liten prikk der oppe

 sjel  på veg i luftrom
 tretti tusen fots marsjhøgd
som bakken ikkje meir skal finnast
og ho evig må reise rundt der oppe
 inn og ut av drivande skylag, med val mellom kaffe og te
 til Armageddons englar deler flykroppen
med flammande sverd
rister henne ned
til evig dom

utan sikkerheitssele
lysstripa langs golvet
vil aldri tennast

onsdag 19. oktober 2011

ein jubeldag skal kome

når alle summetonar stemmer seg saman
til  tjukke akkordar
som ankertrosser

når  trikkeskinner omfamnar
andre trikkeskinner
som  frodige lianar gjennom byen

telefonliner kjæler
kvarandre
i lufta

-då skal endeleg
to framande hender
flette vakne fingrar

medan alle  trådar
syng

tirsdag 18. oktober 2011

Skyming

I uthuset
sit han
stilt

spikkar dagane dine
av emnet

ljose spon
av

tid

Eit kutt i oktober

Åsryggane er klipt
ut av det mørkegrå papiret
vinternetter er laga av

Skarpt kutta kant mot himmel
som har den barnslege blåfargen

 sommaren gløymde att i farten

lørdag 15. oktober 2011

Banket opp i Aure

Slik var overskrifta. På biletet såg eg fire afghanske gutar, på framsida til lokalavisa. 23. september hadde ein ungdomsgjeng gått laus på flyktningane, som var på veg heim frå opning av det nye kulturhuset. Dei hadde delteke ivrig i dugnaden for å få ferdig huset, no skulle dei heim og byte klede.Alle som hadde delteke i dugnaden, hadde nemleg fått billett til opningsfesten, som straks skulle byrje.

I staden møter dei overmakta.Bak samvirkelaget. Lokale ungdommar ventar på dei, og kallar inn forsterkningar, mellom anna frå det lokale rånemiljøet.Det endar med fleir skadde afghanarar, og ein av dei til legevakta etter kutt i aksla frå ei flaske.
Og ei  trist historie blir rulla opp. Om folk som gjev flyktningane fingeren gjennom bilvindauget, og brølar til dei fordi dei reinsar fisk på kaia og etterlet fiskeslo til måsane.Med hatske tilrop, hærverk på syklar og steling av eigedelar. Klassekampen reiser til staden eit par veker etterpå, og biletet blir fylt ut.Hovudmennene bak fleire av samanstøytane er to sekstenåringar. Ungdommar i rånemiljøet seier at saka hadde vorte verre om vaksne hadde kome ut frå festlokalet og blanda seg inn. Det varsvært  mykje rasisme på Aure, kunne rånarane fortelje.

Dette fører minnet tilbake til oppveksten min på denne same staden. Eg gjekk 9 år på Aure barne-og ungdomsskule.Kvar veke satt eg på skulebussen dei 18 kilometrane frå Aure sentrum og inn i Todalen. Staden for gamle indianerhøvdingar, viktigperar og neanderthalerar.Rottholet, Avholet,Avkroken. Det var det vi høyrte, på skulebussen og i skulegarden. Forslaget til skuletur i sjuande; "Vi tek med oss ein pose glasperler, og fer til Todalen", ropa ein gut i klassen. Alle lo, høgt og lenge. "Proffesor Baltazar" vart eg kalla. Og ikkje fordi eg var smartare enn andre.Eg veit eigenleg ikkje kvifor. Antakeleg fordi eg gjorde lekser av og til.

Høg status på undomsskulen fekk du om du hadde vitne på at du hadde klina i bilar på fest, smugrøyka i friminuttet,drukke heimebrent får du var 15. Du fekk ikkje status av å bu i ein avdal 18 kilometer frå folkeskikken,og ikkje vera så mykje på fest. Det vekte irritasjon. Kva var det med oss som var så mykje finare? Kven trudde vi at vi var? Som berre gjorde lekser og reiste heim med bussen? Idiotar. Små pupper var berre fjøra på toppen av alle slengmerknader og morsomheiter om person og heimstad. I niande sa eg ikkje meir i timane. Eg hadde funne ut at muntlegaktivitet kosta for mykje til at det var verdt det.

Så, når varaordføraren i min barndoms heimbygd  er "morosam" på  facebook omkring eit eurosongbidrag, trur eg det kjem veldig overraskande på folk frå mine heimtrakter at resten av landet reagerer så negativt på denne "harmlause spøken" som dei faktisk gjorde.  Folk som har lese resten av diskusjonstråden hennar på fb, seier at det var mange meldingar der som var mykje verre en den som hamna  i oslopressa. Men dei kommentarane  var ikkje så interessante for Akersgata.Ingen av dei andre i diskusjonstråden var jo ordførarkandidatar. Men  debattantane frå fb har no på sett og vis gjeve seg til kjenne i avisene likevel- gjennom handlingar. Men framleis nokså ansiktslause-for oss  utanfor bygda.

Vi todalingar vart aldri angripne med avkutta  flasker bak samvirkelaget. Vi fekk berre slengbemerningar, og sosiale stempel som sære og rare.Men det gjekk  kaldt nedover ryggen på meg då eg las desse avisoppslaga om rasistisk vald. Ei  heil veke tok det altså før ei så grov valdhending når avisene. Da var det allereie for lengst ei politisak. Oslopressa, borstett frå Klassekampen, har ikkje vist seg interesserte. Skremmande.Det vekte til live den kjensla eg hadde då eg budde der. Her er det ingen som ser deg, ingen som høyrer deg.  Det er ingen veg ut.  Blir du her, må du bli slik som dei andre. Elles går det ikkje.

Difor gjorde det meg så glad, då ein av grannane mine, på veg heim til Todalen i bil, køyrde forbi eit lite opptog i Aure sentrum ei stund etter alt dette stygge hende. To storfamiliar, dei ca tjue flyktningane på Aure, pynta til fest.Glade og forventningsfulle.Dei skulle feire enden av fasta, og bar med seg dei lekraste rettar til samankomsten sin.. Grannen min vinka til dei frå bilen.Dei smila og vinka tilbake.

Og eg tenkjer; hald fram å smile, hald fram å feste! Det finst ein  betre veg ut av alt. Det må det berre.

onsdag 12. oktober 2011

Augneblink med glas

opp frå dovnande øl
stig eit skjelvande speglbilete
buktar seg i  svimmel grimase

før eit andlet går i oppløysing
i  kolsyre

søndag 9. oktober 2011

forvitringar

i glisne gamle vindaugsrammer
ligg det forvitra sladrekjerringandlet
djupt i alle kvisthol

stramme munnar
i tette årringar
av spottande
mosegrodd
lått

vinden jamrar
gamle klagesongar

gjennom
rustne nykkelhol

lørdag 8. oktober 2011

kan tenkjast

du kan verte ein
heliumballong
på avvegar
ein gong

vite kor du har
vore
ikkje
kvar

du  fer

der oppe
åleine
over tretoppen

i sakte fart