søndag 29. august 2010

gamle ordtak

som ein tutar med ulvane
får ein svar,
seier ordtaket

eller var det kanskje
at ein ikkje skal selje skinnet
der hunden er begravd?

i alle fall
var det noko med eit pelsdyr

og sikkert veldig glupt sagt

fredag 20. august 2010

sommaren , dagen derpå

august kjem med den oljeblanke fargen på sjøen som viser at grumset frå hundedagane legg seg ned i djupet att. Landskapet blir mørkare grønt, og du kan kjenne den soppaktige lukta frå skog og mark. Den sier deg at hausten snart vil legge eit gulna blad i postkassa di, der det står at du må pakke ut ullundertyet igjen.

Når du ser ut vindauget om kvelden før du legg deg, er det berre eit fuktig mørke der- du kan høyre det ruskar seigt i lauvet, tungt av vatn. Da veit du det: no er sommaren snart ferdig. Du kan ikkje tøye han stort lenger. Du kan ikkje vase rundt i flippfloppar meir. Du må på jobb. Du kan ikkje ete frukost i hagen og smule rundt med brødskiva di til langt på dag.

Det byrjar å gjere litt vondt i hjarterøtene, det er ei sorg over sommaren som held på å gå frå deg.Han pakkar stilt sakene sine utan dramatikk, men det er eit oppgjør i full forståing om at det må vere slik.De har hatt det fint i lag, men no er det over. Han legg igjen nokre blomar du kan lukte på til trøyst, og blåbær du kan ete.

Og så sit du sitt med tanken på det fine du vil sakne frå sommaren, men også alt det du hadde planer om men aldri rakk. Og du veit at no rekk du det ikkje. Og det er så sårt, for i juni var dei tinga så viktige for deg.

og akkurat desse tinga gjer avskilsklemmen med sommaren så intens.

alternativt nyheitsstoff

av og til tykkjer eg det er mykje trist på nyheitene,
sjøl om
eg skjønar det er viktig å formidle alt det fæle som skjer i verda


men nokre gonger saknar eg fleire reportasjar om små dyreungar
som vinn i lotto.