-Orsak meg, men hjartet ditt er på utsida. Det bankar så alle kan sjå det. Tenkte berre eg skulle seie i frå. Dessutan ser det skikkeleg ekkelt ut.
onsdag 17. desember 2014
Desse vinternettene
hjarta snur seg tungt
over på andre sida
søv vidare.
Dei tykte dei høyrde noko,
nei
det var visst berre
vinden
som ruska i nokre
tørre minne
tirsdag 9. desember 2014
Orddans
På bordet
låg samtalen i mange lause trådar,
dei nausta flittig frå alle sider.
Du kan ta denne blåknuten,du
sa dei-
du ser ikkje ut
som du har nausta så mykje
låg samtalen i mange lause trådar,
dei nausta flittig frå alle sider.
Du kan ta denne blåknuten,du
sa dei-
du ser ikkje ut
som du har nausta så mykje
mandag 8. desember 2014
Å dikte ein opning
Berre i desember veit eg
så sikkert
at himmelen er ein
dryppsteinskatedral,
mørker over mørker
at evigheit
ikkje seier eit ord
at eg er ei lita salmebok
dei tynne sidene flyg
med vinden.
så sikkert
at himmelen er ein
dryppsteinskatedral,
mørker over mørker
at evigheit
ikkje seier eit ord
at eg er ei lita salmebok
dei tynne sidene flyg
med vinden.
lørdag 6. desember 2014
Vegen blir til
Eingong banka eg på ei framtid
men visste ikkje heilt kvar ho budde
da nokon endeleg opna,
var eg i ein annan by
men visste ikkje heilt kvar ho budde
da nokon endeleg opna,
var eg i ein annan by
onsdag 3. desember 2014
Desember gøymer
eitkvart,
det baksar av
våte venger-
paraplylyd
Ein grå engel
sitt på ei grein,
tung av vatn
og mørketid
dypper fjørene
i vindaugsvarme
mandag 1. desember 2014
1 1971 strekte du ut tunga for å fange snøfnugg
og gjekk inn gjennom ei open
kalenderluke-
under ein gammal, svart desember
minna dryssa frå open himmel
dalande colaglas fylt opp til randa
Colargol og kassettband
ullsokkar
papirdokker i ein skuff
i syttiein brukte vi telle
adventsstjerner
frå skulebussen
Abonner på:
Innlegg (Atom)