søndag 24. juli 2011

Dei stille dagane.

Dei tomme oslogatene.Gråveret som heng over byen.Og stillheita.Alvorlege ansikt under paraplyar. Natta der er ungdommar sitt i ring,sett fram eit lys til, legg på ein blome.Stilt,stilt. Ingen ser på klokka. Ingen spring etter bussen. Ingen rasar gjennom butikken med handlevogna.Dei berre står  i gatene.

Men landet har ikkje god tid.
For dette er ei vond og ubegripeleg  tid.

Vi har vore inne i dei rasande dagane, der vi sprang  frå rom til rom, og brølte motstridande meldingar frå tv, radio og sosiale media oss i mellom.Vi har rasa og skrike ut våre eigne emosjonelle teoriar og gjetningar, og teke ut sinnet vårt på dei som har hatt andre teoriar og gjetningar enn vi sjølve har hatt på kvifor dette forferdelege skjedde.Vi har vore redde. Vi har vore fordomsfulle og glefsa tilbake.Kanskje mest til dei vi hadde nærast oss.

Alle dei kjente, trygge stadene i oss sjølve vart borte. Alle dei trygge stadene utanfor oss sjølve er borte.Farga er vaska ut av sommaren. Kanskje er det derfor vi står så stille no. Vi veit ikkje lenger kvar vi skal gå.

Etter desse stilleståande dagane, skal vi også byrje å vite kva vi kjem til å hugse i frå dei.Kva som blir sitjande igjen.Kvar vi var hen da vi først fekk høyre kva som hadde skjedd.Kva vi hadde på oss den dagen. Intervju med ungdommar.Om det blir kondolansane på tv, frå all verdas statsleiarar.Kanskje er det mykje meir ulogiske ting i ettertid, det som blir sittande igjen.Hjernen er mangfoldig.

For dagane vil byrje å røre på seg att, sakte, vil vi igjen byrje springe etter bussen, stresse avgarde til avtalar, betale regningar, lage middag.

Men ingenting vil nokon gong bli det same meir.







Men

Ingen kommentarer: