søndag 3. juli 2011

twitterskulen, sett frå ein ny i klassen

Så vart eg drege baklengs inn på twitter, skeptisk og tvilande. Fekk klora ned ein bio, mentoren min forklarte meg reglane,og skaffa meg dei første vennene mine. Slik storesysken følgjer småsyskena sine til skulen, og raust let dei slå følgje med andre storingar dei første dagane. Deretter er ein overlaten til seg sjølv, og til å byggje vennelista si.

Twitterskulen er på nokre måtar ikkje ulik den verkelege verda. Nokre vener har du fordi dei er snille og lojale, og ser deg som den du er tvers igjennom tweetsa dine, der du prøvar vere så clever. Nokre twittervenner får du fordi du ser opp til dei. Når dei følgjer deg attende er du kjempestolt, og føler deg viktig.Du fekk tydelegvis  sagt noko smart, som har gjort dei nysgjerrige.Andre du møter på twitter er ekspertar på noko du tykkjer er særs interessant. Men nokre er ville, galne og spennande å henge med. Fordi du aldri veit kva dei kan finne på.Det slaget mor di ikkje likar at du er ute i lag med. Og når du har alle desse kategoriane på plass, kjem alle dei andre som kjenner dine venner. Og slik byggjer det på seg.

På ein måte blir det letttare då,  på ein annan mykje vanskelegare.Du har fleire no som byrjar å forvente noko av deg.Du må ikkje bli keisam og forutseieleg, da blir du avfølgd. Er du for lite aktiv: ditto.Du må ikkje bruke smilefjes, utropsteikn eller andre emoticons.Du må ikkje ha stave- eller kommafeil.Du bør ikkje pludre om trivielle daglegting for ofte.Du bør ikkje avsløre manglande kunnskap om temaet du kvittrar om. Nokre på twitterskulen har kvittra om at  dei konsekvent avfølgjer alle som snakkar om kjensler, draumar,veret, hurtigruta, familieliv.  Eg har kome til twitter-tenåra.

Alle veit kva tenåra fører med seg av kjenslemessig sentrifugering, toppar, botnar og kaos.Den eine dagen er du euforisk, den neste nede i kjellaren.Det handlar om å passe inn, om å halde plassen sin i gjengen,ikkje miste ansikt eller posisjon.Å ha dei riktige språklege kleda, ha dei riktige vennene, og bli engasjert  mange gonger i twitterdansen gjennom #ffnor.

Sidan eg er tenåring, må eg be om orsaking for åtferda mi. Alle feilskjær i form av sleivete merknader kjem sannsynlegvis av at eg er for ivrig etter å seie noko smart, og difor har trakka på tær eg ikkje såg i forbifarten.Eg er full av ukontrollerte  twitterhormonar, og vil eigentleg ingen noko vondt.Eg er berre ein liten elefant i eit språkleg glasmagasin.Difor; ber over med meg, ver så snill.

Eg blir vel twittervaksen med tida. Og kan byrje å studere.

1 kommentar:

Marit Elisebet Høines Totland sa...

Ein kan kjenna seg att her, ja. Særleg når ein heiter Marit.

Men; bli no ikkje heilt vaksen då!