tirsdag 27. august 2013

Livskvalitet

Å vere
utsynet frå papirkorga
til den glødande diktaren

lauvhaugen som
sleppte våren fram

eit sprøtt
fugleskjelett
som raspar langs asfalt

når trekkfuglane
har reist





fredag 23. august 2013

Haustkropp

Huda
ein fuktig teltduk

kjellarpust mot
jordslaghandflater

moll og dogg
dryp
av
hausthjartet.




søndag 18. august 2013

Sympatihøsten

Logrende haler
svinser over dine

svidde plener

legger igjen
hjertevarme

i hundeposer

tirsdag 13. august 2013

Erkjenning ved kanten



vi er berre insekt
 på vassflata

 tynne føter
 i små groper av himmel








onsdag 7. august 2013

Ein du kjenner

Oljefargen på vatnet høyrer august til,
trøystaren med tunge augnelok

stillar måseskrik,
let doggen tjukne i halsen-
kan ikkje lenger kvinka
kåte grasttråsongar,

og kvitkløverknise

August stryk blåtone over fjellnakken
ropar inn modne bær til kvelds

breier høyet,

høyrer det svevnkviskre
om turka sommardagar