lørdag 27. august 2011

Etter rulleteksten. Har vi det som trengst?

Med rulleteksten etter minnemarkeringa 21 august var den offisielle sørgeperioden over.Folk strøymde ut i gatene att, etter å ha gjeve statsministeren taktfast og langvarig applaus.Folk ikring landet tørka tårene framom fjernsynet, og gjekk for å smøre ei skive.

Skulane  byrja, ferien tok slutt. Folk deler feriebilete, plukkar bær og ser vermeldinga. Avisene har fått att framsidene om kva du bør ete og ikkje. Nokre gonger kan ein nesten gløyme den 22 juli. Det kan verke som det ikkje hende,dette fæle.Det var berre ei fiksjonsforteljing. Det kom aldri til å hende oss. Men det hende.

Og når eg tillet meg å tenkje på det, er noko av det første som slår meg kor vakker sorga kan vere. Eit andlet i sorg er fritt for stress.Sorga er så stor og tek eit menneske så fullstendig at det ikkje er plass til andre kjensler. Denne sorga involverte ikkje hemntankar, trong til vald og gjengjeld. Det var ei sorg som  ga klemmar, og som heldt roser.Som oppfordra til meir åpenheit og demokrati. Som ga ei kjensle av samhald, for det var ei delt sorg. Ingen klamra ho til brystet og sa den er berre mi. Kongehus og statsleiing delte.Pårørande av ofra delte.Overlevande delte.Og vi andre framom dei tusen tv-apparata delte. Det var noko utruleg rørande raust med dette vesle landet, der regjeringsmedlemmane såg utsom ei sorgtyngd lita familie når dei møtte pressa. Utanlandske journalistar lo oppgjevne av det manglande vakthaldet i Tinghuset, der fok spaserte rett inn i hallen med fulle ryggsekkar under fengslinsgmøtet, utan å få innhald og ID sjekka av politi. Der politikarar og kronprinspar står midt mellom folk på Rådhusplassen under rosemarkeringa,  utan synlege vakter.
Men vi er landet der folk heng opp gjengløymte vottar i trea langs skiløypa, og let tjuvar stikke av med nesten ubevakta munchmåleri.Vi er dei godtruande nordbuarane, som trur åpenheit skal vere vegen ut av sorga og inn i ei betre framtid.Vi står skulder ved skulder, frå kyst til kyst.

Men ikkje alle ønskjer vere med og dele. For nokon kjennest det ikke rett.Der mange i landet kjenner at denne sorga også er mi, og vil dele, kjenner nokon det motsette; I denne sorga har eg ingen plass. Oppmerksemda går feil veg, til folk eg ikkje bryr meg om. Eller, viktigare-desse folka bryr seg ikkje om meg. No skal liksom alle støtte dei. Og det kjennest ikkje rett. Når dei får all sympati, vil og folk sympatisere berre med meiningane deira.Kva blir det av meg då?

.Så er den første veka av Noreg etter 227 snart til endes.Korleis har ho vore? Det har regna ein del. Elevane har starta skulen, og valgkampen er i gang. Politikarar står ved valstands, som alltid på denne tida.

Så opplever vi  at sv-politikarar får høyre av rasande forbipasserande  at det hadde vore betre om det var sv-ungdommar som hadde vorte "plaffa ned",når dette fælslege  først skulle skje.Ein sv-politiker sa i dag i ukeslutt på NRK1 at dei hatske utfalla mot politikarar på stand har vore verre no i haust enn nokon gong tidlegare.Sjølv har eg våga meg inn på nokre kommentarfelt i aviser, som til dømes då Frp-politikar Dahlberg i Trondheim gjekk så lang som å seie i Adresseavisa at innvandarane kan vere ein ressurs for landet vårt.I kommentarfeltet veltar det fram hatefulle og rasande meldingar.Det er slike mengder.Ein blir stum, når ein ser alt dette sinnet som finst der ute.

Det er riktig og viktig å gjer som statsministeren seier, og bake kaker og gå på besøk til dei berørte, som sit heime med stor sorg etter tapet av sine- no etter at verda har stilna kring dei. Men kven vil gå med kaker og snakke med dei som fyller kommentarfelta med raseri, som skrik om skyting og vald mot eldsjeler som ivrig deler ut brosjyrar på stand for noko dei trur på? Kven vil gå inn, med det samme reine og heile andletet som sorga ga oss i juli, og ta dei på alvor-for å få i stand dialog  med desse som ikkje vil?

Eg er neppe den sjølv som greier ta den konfrontasjonen. Eg er kanskje redd eit slik møte vil skitne til sorga mi. Ei sorg er nøydd til å kjennast rett.

Nokre folk eg kjenner hadde ein hund som var glad i å bli sett av husstanden sin. Når familien var samla framom TV'n, stilte han seg mellom folk og fjernsyn, og bjeffa alt han greidde.Han visste da at dei kom til å bli sinte, men da såg dei han i det minste, og snakka til han. Det var ingen lett hund å like.

Men hunden logra når han vart klappa på hovudet.Og ein og annan gongen, når dei slo av fjernsynet og sette seg ned med han, roa han seg ned.

1 kommentar:

Anonym sa...

Nydelig.

@Rettferdighet