lørdag 23. februar 2013

henne har du sett

Den jenta som allltid forsiktig puttet vottene opp i støvlene og satte dem i bislaget der de ble kalde,
brukte alltid speile seg i et knappenålshode, og syntes hun vart tjukk og stor. Hun begynte å viske ut sine spor før de ble laget, og pustet innover  i genserkragen.En dag mistet hun sifrene i personnummeret sitt, og så dem trille vekk i snøen.Plutselig, helt uventet, så hun igjennom seg selv.

fredag 22. februar 2013

Mosemyr

Ein fot sett djupmjukt avtrykk i mosemyr,
for mennesket må gå over.

Før foten slepper grunnen ,
har mosen alt byrja å reise seg

Vi snur oss,
er berre riper i doggen

 morgondisen har ikkje flytta på seg

 Likevel
lyt vi halde fram.



onsdag 20. februar 2013

Berre henge ein stad. Ingen spesiell.


Vi pikslar ned nokre flyktige sjeler
ber dei drive rundt i rommet,
og servere oss røykringar,
nippe til
snakkebobler

samtidig dundrar vi
med  ironiske tomlar 
heit hjartebank
inn

på instagram

samlar grådig
alle likes
i  handflatene





søndag 17. februar 2013

Det var da og no og da

på inste rilla
i minnet

har ein aprilsundag
hengt seg fast

subbar igjen og igjen
over same datoen

har laga
eit  lite hol i tida





fredag 15. februar 2013

Du kan høyre vinter



Blåsmak av februarskuggen.
Raspar mot ru vintertunge

Sporsnø, ordsnø

kvistpistring ,
snareskravl


Fuglar trillar runde raklar
fram
på svarte greiner

søndag 3. februar 2013

ord og is


Isen delte seg
under orda dine

Du mista blyanten

Først vert det stille
når metaforar
hamnar under is

Så høyrer du
fugleføter raspe

der oppe