lørdag 9. april 2011

Når kroppen er heime åleine

Eg gjekk i søvne då eg var lita. Og eg prata i søvne også. Mamma kalte det å burble.
Det var ubegripelege ord som kom ut, som om eg var ein slags støysendar som slo seg på midt på natta. Eg produserte  høg og ukontrollert roping ,med enkelte tilfeldige ord innimellom som ga meining. Etter kva eg har høyrt seinare, vart eg ofte snakka til, og eg svara visst og. Men svara mine var i overkant kryptiske. Som eit spontan-orakel på nattetid,utan at noko av det  inneheldt  djupsindige bodskapar. Eg ga meg gjerne når dei vaksne snakka til meg, sov vidare, og hugsa ingenting av utbrota mine når eg vakna dagen etter.

Berre den gongen eg med stivt blikk kom inn i stua da vi hadde gjester og freista krype inn i stoveklokka, greip dei vaksne inn med handmakt.  Dei styrte meg varsamt tilbake på rommet mitt, utan å lage unødig oppstuss.

Tremeningen min gjekk og i søvne. Han dreiv med turn til vanleg, og det gjorde han tydelegvis når han sov også.Fleire morgonar var gardinstengene bøygde og hang og slong, etter at tremeningen min hadde prøvd å turne i dei om natta.Foreldra hans måtte stadig bytte gardinopphenga sine. Ei anna natt kom dei på han medan han freista presse dyna si inn på ei lita badehylle.

Far min var og søvngjengar i oppveksten. Da han var i gang med konfirmantførebuingar og skulle sove over på ein gard på Våg nokre netter, vakna folk på garden av at ytterdøra small opp midt på natta.Det var far min som var i fullt firsprang dei to kilometrane til kyrkja. Iført underty av typen doveremakko, og utan sko.Halvveges til Aure vakna han av seg sjølv, då han trakka i ein søledam.

Eg undrar på kvifor ingen ungdomar går i søvne lenger. Eg høyrer i alle fall ingen fortelje om det.Er det for mykje som skjer på internettet og i alle dataspela? Er hovuda deira så overfylte når dei  går og legg seg, at hjernen kollapsar til natta som ein daud mobiltelefon? Eller er det så kleint å snakke om søvngjengeri på skulebussen på morgonen,  at fenomenet blir tia i hel?At det på ein måte er eit signal om at ein har eit stussleg og keisamt lite liv? Ein sit ikkje oppe og chattar med kule folk, sender meldingar eller spelar World of Warcraft. Neida-ein vasar rundt i nattdrakt som ein idiot, og gjer bisarre ting. Fritt for ikkje å fortelje om det, liksom.

Ein elev av meg gjekk forresten i søvne, når eg tenkjer meg om. På hotellet vårt i London, på skuletur. To jenter i klassen skjøna ikkje kvifor han, i berre trusa, skreid stivt nedover korridoren på det særs snuskete etablisementet. Så dei følgde etter klassekameraten sin.På trappeavsatsen i tredje høgda stoppa han, og pakka ut kronjuvelane.Hadde ikkje dei to jentene gjort anskrik, hadde han nok fullført oppdraget sitt .Men den sovande kom godt nok i gang  med lysfontenen til at det vart særs pinleg da resepsjonsvakta kom opp trappa nett samtidig, og måtte hoppe til sides.

Det høyrer med til historia at denne eleven bruka å gå i søvne når han overnatta på nye plassar. Det hører og med at vi hadde klaga ein del på hotellet kvelden før."And you lot, were complaining about the room.." sa resepsjonisten til dei tre elevane, etter sidehoppet sitt, med all den britiske imperienedarva forakt han kunne meistre. Då vakna guten.

Eg trur denne historia er artigare for alle oss andre enn for den unge herren som vakna midt i trappa med ønskekvisten i handa,andlet til andlet med ein sur resepsjonist, når han  trudde han var på do.I slike tilfelle kan eg forstå at ikkje svevngjengeri er noko du  vil skryte på deg, akkurat.

Sjølv om det eigentleg er ein nokså fascinerande tanke. Kva kroppen vår kan finne på ,når vi sjølve ikkje er til stades...

Ingen kommentarer: