mandag 11. juli 2011

var det noko eg sa?

..ei kjent frase , dette. I samlivssituasjonar, mellom venninner. I forholdet til  foreldre- når ein ser at dei har ei uhellsvanger mine, utan at noko blir sagt. Den ubehagelege kjensla høgg til i magen. Det hender at ein kan seie dette til seg sjølv, etter at ein har merka ei rar stemning i eit møte. Nokre gonger spør ein  direkte den gjeldande personen;

-Var det noko eg sa?

Og grunnlaget for dette spørsmålet er gjerne ei endra atferd. Ei isnande tausheit. Ei stram mine. Ein taus telefon. Ein undertone i en samtale som ein ikkje blir klok på.Det kjennest som om ein sit til bords i "Fanny og Alexander". Den tida mor i filmen var gift med Biskopen.Ein veit at ein på eit eller anna vis har tråkka over. Nokon har blitt såra, kanskje  fornærma. Men når ? Av kva? Tulla eg for mykje? Vart spøken drege for langt? Vart ikkje meldinga fremma med glimt i auget? Var det eit synspunkt der som vart slege fast for kvasst?Nokon som kjende seg tråkka på av det?Og svara på desse spørsmåla finst ikkje alltid i eige hovud.Nokre gonger må ein spørre folk rett ut.

Var det noko eg sa?

Språket vårt kan vere vår beste venn, og verste fiende. Vi kan knytte tette band med det, forhold, vennskap, lojalitet, respekt. Men vi kan og støyte folk frå oss, krenke og såre. Det kan til og med forekome utan at vi veit det sjølve.Nokre gonger kan språket vårt vere pilkast med bind for augene. Vi er aktlause og uforsiktige. Og vi veit ingenting, før skaden er skjedd.Vi  har truffe nokon, forferdeleg ubehageleg.Kva kan ein gjere, når ulykka har skjedd?

Eg tenkjer at der er Twitter ganske lik den verkelege verda. Vi har eit verkemiddel .Nnår noko har gått for langt, gått over styr, ein spøk ikkje blir opplevd som ein spøk, og alvor ikkje blir blir teke på alvor, eller språket  blir berre ord utan innhald. Vi avfølgjer vedkommande.Rett og slett.

Den kjensla i magen-  brått høgg den til.

 -Var det noko eg sa?

På Twitter får vi gjerne ikkje  greie på kva vi eigenleg sa.
Men, forresten. Det gjer vi kanskje ikkje i det verkelege livet heller.

Ingen kommentarer: