torsdag 15. desember 2011

Julestemningar som aldri kjem tilbake

I elleve- tolvårsalderen var eg hysterisk oppteken av julesnøen, som måtte kome for at det skulle bli skikkeleg jul.Eg hylte og bar meg når vervarslet berre lova kaldt regn igjen og igjen, og det beste ein kunne håpe på var litt sludd, som kom slengande etter ein sein hauststorm. Eller kanskje blei det berre litt hagl,  ei handfull inntil fjøsveggen mot vest. Mor mi minte meg på om at eg omtrent heldt heile familien ansvarlege for julesnøen, så dei måtte trøyste og tenne håp når det såg som mørkast ut, og paraplyane på det gamle magnetkartet til NRK stadig var oppslegne.

Når ein blir vaksen, gret ein ikkje over julesnøen lenger. Ein er faktisk heilt nøgd utan, sidan snø betyr måking, forsinka trafikk og slikt. Jula handlar kanskje andre ting. Ein er ikkje så oppteken av at alle meterologiske detaljar må stemme.

Men nostalgi forbunde med jula kjenner vi alle til. Dei salte juletårene mine over snøen som aldri kom, er i dag berre eit minne eg smiler vemodig av.

Eg sit her oppunder julehelga 2011 med dette vemodssmilet og tenkjer på førjula i fjor. På gode førjulstradisjonar på arbeidsplassen min.Denne siste fredagen før jul, når alle pynta seg litt, og kanskje hadde nisselue på for moros skuld, så elevane fekk litt å le av.Vi fekk  juleroser i kinna av springing hit og dit, med CD spelar og pepperkakeboks.Ut frå klassromma tona julemusikken, elevane teikna på tavla, og song med på Rocking around the Christmas tree.Vi åt mandariner, og opna dei siste gåvene i klassekalenderen.

Etter at elevane flaug ut dørene, var det dei obligatoriske snittane i kantina, som kaffekassa alltid hadde pynta koseleg på ikea-budsjett og pyntelageret frå i fjor.Pensjonistane våre dukka opp til lunchen, med utkvilte andlet, i findress og cardigan. Det var klemming , dei sa  neida er på farten støtt og slett ikkje keisamt å sluttte i jobb no rekk eg lese heile avisa.  Bleike skuleandlet skein varmt i skjæret frå borddekorasjonslysa, når vi song rotmo-songar, høyrde på rektors tale og mintes det året snittane vart gløymde, og vi måtte ete marsipankake til forrett og ferdigpizza etterpå.

Torbjørn snakka alltid om blindeskulen i Polen når vi satt rundt bordet. Det var ei lang historie kvart år, om kan som var skjedd sia sist, og korleis det stod til med den gamle priorinna, som var nesten hundre år men framleis dreiv denne blindeskulen i Polen og aldri slutta med det.Kvart år sendte Torbjørn den blå kakeboksen  rundt bordet, så alle kunne gje pengar til dei blinde i Polen så dei og fekk ei fin jul.

Så var det "julerunden", juleøl og akevitt. Julemusikk, underhaldning. Kvart år bygde Fredrik og Tor eit tårn av ølboksar, for å sjå kor høgt det kunne bli.Kvart år senka vi skuldrane med ein øl, kontoret var stengt og mørkt, moppane vart sett bort, prøvebunkane gøymt. Vi kjende på den herleg forbodne kjensla av å drikke øl midt på ettermiddagen.Vi kjende på gleda ved å sitte saman med folk vi var glade i, som vi brydde oss om. Vi visste kva dei skulle gjere i jula. Vi visste kven som gledde seg til jul, og kven som ikkje gjorde det. Men vi var der i lag og høyrde på kvarandres historier og planer. Og vi vandra inn i vinternatta, frå pub til pub, inn mot byen.

Eg hugsar halvmørkret som senka seg medan vi satt der i lag og let jula liste seg innpå oss. Eg hugsar at vi snakka om at sola hadde snudd, og at no gjekk det mot lysare tider.Eg hugsa vi avvikla årets siste trekking i vinlotteriet. Vi song ringvejulesongen. Eg hugsar dei ny-tilsette, som med undring møtte alle desse tradisjonane og  som straks vart ein del av dei  slik eg sjølv blei då eg var ny.

Eg kan ikkje gråte og hyle av at denne tida er forbi. Denne julerunden, desse kjende korridorane, tappegangane, denne kantina, dette lærarrommet med dei kjende posthyllene, det vesle kjøkenet- det er borte og ein del av fortida no, slik den fortvila ventinga mi på julesnøen som elleveåring også er blitt fortid.

Slik er det med alle juleminne.Først opplever du dei, så blir dei vemodig del av det som aldri kjem att.
Det beste ein kan ta med seg, er kor fint det er at ein har delt desse stundene med andre.

Og håpe at vi ikkje mistar evna  til å dele.

tirsdag 15. november 2011

Det som eigentleg er farleg

eit innsekt kan spasere
på ein menneskerygg
så tungt

at det går igjennom

mandag 14. november 2011

Villver

Haustposen heng etter tærne
i eit tre
vrenger utav seg ei skur av lauv
og piskande regn
kastar laussnø opp på toppane
bles røyken ned i pipa

knekker greina han heng på
borar seg ned i mosen

sender ein nordavind
til å gjere reint

før vinteren
bankar frostrøyk av frakken
og set kofferten hardt ned
på tunet

lørdag 12. november 2011

Mellom lange liner

Når ein ser twitterstraumen sildre forbi, ser ein samstundes dagen til mange menneske  slik han fortonar seg for folk i kring landet. Kaffedrikking, avislesing og retweeting frå Morgenbladet , KK og Aftenposten  først på dagen. Kvikke innspel frå nyheitsbiletet- linkar til artikar det kan vere verdt å lese.Nokre utrop på 140 teikn over tabloide vinklingar, men stemninga er stort sett godsleg. Og moderat  effektiv.

Mange kjenner at dei må be om orsaking til feeden for at dei twitrar i arbeidsida.Det trengst neppe.Dei som les tweeten, har lite å gjere sjølve akkurat da.Dei er jo på twitter dei og.Og dei som ikkje les, har neppe vondt av det som blir twittra eller retwittra av linkar, medan dei knugar og slit på jobben utan nettdekning.

Utpå ettermiddagen seier nokre i frå i tweet at no går dei frå jobb. Andre seier ikkje stort ved middagsleitet. Det er mykje som skal foregå i familiane på denne tida.Måtte einast vere hektiske tweets med spørsmål etter middagstips, eller artige gullkorn frå den yngre generasjonen, ytra  på veg heim frå barnehagen.

Medan dei små får sjå på Fantorangen, benkar twitterstraumen framom dax18. Og da byrjar det å bli straumkvervlar i twitterelva.Frydefulle tweets om politiske utspel, kudos til twittrarar som er på skjermen,om dei da gjer ein god figur. Mentions byrjar florere no. Meiningsurvekslingar kan byrje ta seg opp.

Dei intensiverer seg når Dagsrevyen og TV2 nyheitene byrjar,da det går på kritisk vurdering av nyheitsformidling, politikarar, avgjerder, og korleis alt eigentleg burde vere om rette politikarar satt i rette posisjonar, om vi hadde vore meir førre var i  #dettalandet, og ikkje vore så naive, så usystematiske, så dumsnille, så byråkratiske, så slurvete, så sosialdemokratiske, konservative, framandvennlege eller rasistiske.

Dette held  straumen fram med, gjerne i krasse ordelag til tider, heilt til nokon vaksne med twittertyngde kjem inn og sett feeden på plass ved å seie at dei ikkje gidd høyre på meir  trakassering og personforfølgjing no. Da brukar det å bli stilt.

Eit lite oppsving kan kome i samband med URIX ellerTtrygdekontoret, men det er mest krusningar på vatnet, sia mange alt har brent av krutet sitt tidlegare på kvelden eller byrjar tenkje på å leggje seg.Difor er det mange gøyale tweets , mellom anna om at ein ikkje vil leggje seg, og at andre må ta ansvar for ein. Tweets om mellommenneskelege saker, flørt, og gode musikktips. Det blir tettare mellom poesitweetsa og. Kvelden får fram melankolien i oss, mange vil skrive dikt om mørker og vårlengt, mange vil høyre, og mange vil retweete.

Så stilnar feeden sakte mot natt. Det blir mindre fart på tweetstraumen. Men dei  tvittringar som er, kjem stille som doggdropar. Nokre av dei vakre, og triste. Det kan vere spor av tørka  tårer mellom 140 teikn. Det kan vere ekko frå tomme stover i dei. Dei er vatn under twitterbrua når morgonen kjem. Men mykje fint kan bu under bruene.

Det er veldig fint når  twittrarar kan få snakka  mellom dei lange og høge linene.
Eg trur nesten nattkvitring er av det aller finaste.

tirsdag 8. november 2011

Gamle dagar

ferdiglevd liv
kan kome til syne
samanrulla
eller bretta
i ei øskje
nedpakka
etter hundre år-


nokon vil synast
at dette var rare greier

eller bli
uforklarleg
glad

torsdag 27. oktober 2011

Som ein liten prikk der oppe

 sjel  på veg i luftrom
 tretti tusen fots marsjhøgd
som bakken ikkje meir skal finnast
og ho evig må reise rundt der oppe
 inn og ut av drivande skylag, med val mellom kaffe og te
 til Armageddons englar deler flykroppen
med flammande sverd
rister henne ned
til evig dom

utan sikkerheitssele
lysstripa langs golvet
vil aldri tennast

onsdag 19. oktober 2011

ein jubeldag skal kome

når alle summetonar stemmer seg saman
til  tjukke akkordar
som ankertrosser

når  trikkeskinner omfamnar
andre trikkeskinner
som  frodige lianar gjennom byen

telefonliner kjæler
kvarandre
i lufta

-då skal endeleg
to framande hender
flette vakne fingrar

medan alle  trådar
syng