Saka Nøtteliten mot parkvesnet :
Denne rettstvisten utvikla seg til å bli særs komplisert og forvirrande Det byrja dra i langdrag då den anklaga allereie innleiingsvis innrømte at han hadde gløymt kor han hadde stukke vekk tjuvegodset.Foklaringa hans var springande og fragmentert. Og hopp og sprett og tjo og hei og fire nøtter deler seg blei ein alt for upresis retorikk for aktoratet.Den anklaga vart omsider sett fri. "På grunn av bevisets stilling", vart det ståande i rettsprotokollane.Mange tykte dette var ei rar avgjerd.
Faren for gjentaking var jo tross alt temmeleg stor.
-Orsak meg, men hjartet ditt er på utsida. Det bankar så alle kan sjå det. Tenkte berre eg skulle seie i frå. Dessutan ser det skikkeleg ekkelt ut.
mandag 28. februar 2011
søndag 13. februar 2011
tidleg om morgonen
kunne ein tydeleg sjå fuglespor i nysnøen
frå det eine vinterhjartet til det andre
før dei vart trakka vekk
frå det eine vinterhjartet til det andre
før dei vart trakka vekk
lørdag 12. februar 2011
livsmysterium
dei snille
vinn til slutt
sa dei vaksne alltid
no er vi vaksne
og ingen har vel eigentleg
vunne enno
dei vaksne
døydde
beleilig nok
lenge før dei fekk eit forklaringsproblem
vinn til slutt
sa dei vaksne alltid
no er vi vaksne
og ingen har vel eigentleg
vunne enno
dei vaksne
døydde
beleilig nok
lenge før dei fekk eit forklaringsproblem
Abonner på:
Innlegg (Atom)