onsdag 17. desember 2014

Desse vinternettene



hjarta snur seg tungt
over på andre sida
søv vidare.

Dei tykte dei høyrde noko,
nei

det var visst berre
vinden
som ruska i nokre
tørre minne

tirsdag 9. desember 2014

Orddans

På bordet
låg samtalen i mange lause trådar,
dei nausta flittig frå alle sider.

Du kan ta denne blåknuten,du
sa dei-

du ser ikkje ut
som du har nausta så mykje

mandag 8. desember 2014

Å dikte ein opning

Berre i desember veit eg
så sikkert

at himmelen er ein 
dryppsteinskatedral,
mørker over mørker

at evigheit
ikkje seier eit ord

at eg er ei lita salmebok

dei tynne sidene flyg
med vinden.

lørdag 6. desember 2014

Vegen blir til

Eingong banka eg på ei framtid
men visste ikkje heilt  kvar ho budde

da nokon endeleg opna,
var eg i ein annan by

onsdag 3. desember 2014

Desember gøymer


eitkvart,

det baksar av
våte venger-

paraplylyd

Ein grå engel
sitt på ei grein,
tung av vatn
og mørketid

dypper fjørene
i vindaugsvarme







mandag 1. desember 2014

1 1971 strekte du ut tunga for å fange snøfnugg


og gjekk inn gjennom ei open
kalenderluke-

under ein gammal, svart desember

minna dryssa frå open himmel
dalande colaglas fylt opp til randa
Colargol og kassettband
ullsokkar
papirdokker i ein skuff

i syttiein brukte vi telle
adventsstjerner
frå skulebussen












fredag 21. november 2014

Lyrikkvarsel

Ein dag skal eg skrive kjøtet av beina
på ein levande bjørn,
og skrive borken av ospa
Eg skal skrive side opp og side ned i betong,
spjære ein silo med penna.

Eg skal skrive fram ei remjing or sjølve berget 
så skingrande at du må tenkje
viktig melding, lytt på radio

onsdag 19. november 2014

Kaldsmie


Novemberdag. Sol smeltar inn i hausten,
tømmer rimlava over kokande tele
sola bøyer alluminium i sølepyttar.

Eit menneske, smidd fram or ein istapp,
vaklar på glashælar
inn i  den tynne skuggen sin.

mandag 17. november 2014

Glimt


Vi er flyteljos,drivande
på sjelas svarttjørn

Haustvind rapar
fyrstikklaus
og svarlaus
gjennom skogen

kven skal kveike oss?










lørdag 15. november 2014

Livskunst

Hjarta deira strauk
over kvarandre
med
fingermåling


dei hadde
velta glaset med penslane
eingong i svartkvitt-tida

vit dette;
tilværet er papir

frå vegg til vegg

torsdag 13. november 2014

På settet til filmen om livet sitt

fall ho
djupt
ned

i ei glipe, midt
mellom me-tube
og lovemyselfie

til ei velta tekopp-verd,

ein nattblind date
med ein hattemakar
i eit portrom


Folkedjupet

ein bleik buk i eit glimt,
famn på famn

ein  morenerygg
som kan lyfte båtar
på nakken

bli der nede
vil ikkje sjå deg

søndag 2. november 2014

Allhelgensdag

Vi er tørrgraner i silhuett
mot instagramhimmel

når mørkret kjem
kveikjer vi  kyrkjegardslykta
med likes

fredag 31. oktober 2014

Dårleg nyttt

I  augenblinken eg kom inn døra
var du
dagboksblad i blikket

full av tru
og løkkeskrift.

eg kom
for å rive sida ut

mandag 27. oktober 2014

Nett slik

Tilfeldig
som ein snurra hestehale
i laus t-skjorte

tastar du løøv beibi løøv inn på mobilen
medan tyggislyden din
sakte
hypnotiserer hjartet mitt
til å kaste meg av bussen
i fart

søndag 26. oktober 2014

Mardraumsorkesteret

syng
den eldgamle
novembersongen

nattklam baryton,
smuldrande
rotveltpartitur
på grå bork

I årets blindsone
sit ein olding
med gapande munn,

og forbodne lauvdraumar

lørdag 25. oktober 2014

Avdekt.


Fossilet av kjærleikssorg
låg i smilerynkene dine

avtrykk av bladverket
frå  kysseskogen
var enno synleg
i handflatene

Du vart funnen
under fleire lag med 
kvinner

tirsdag 14. oktober 2014

Det ingen visste om henne

På baksida av
kvart smil
hang ein mørk
dress

søndag 21. september 2014

Mørketidsvariasjonar

Månadene er ikkje på vår side,
vi lever i lange måndagsskuggar
kalde morgonsteg på flintvegen
månen snur det andre kinnet bort
det tikkar sakte i elva

Vi myser på oss mørkesekken
trakkar langsamt
rundt årets gamle urskive

inn i vinter.



mandag 15. september 2014

Erkjenning ved kanten


vi er berre insekt
på vassflata

tynne føter
i små groper av himmel

lørdag 13. september 2014

Navigasjonsnegasjon

Vi skal velte vardane
stein av stein
skal vi velte vardane

sende oss sjølve blinde
ut over viddene
vi skal springe over stein

som dirrande kompasnåler



fredag 12. september 2014

I gatene i alle dei ukjende byane


går framande menneske
med minna sine smuldrande
i vilkårlege lommer,

dryssar dei uforvarande ut
som kakesmular
ned gjennom jernristene
i Lyckliga Gatan,

og tek pulsen på seg sjølve
medan dei sit
på dei blanke trikkane,
ser rynker
krype fram
mellom fingrane

I svart silkefor
lever håpet
sitt eige liv









tirsdag 2. september 2014

Gamalt nytt

Ho gjekk seg inn i ein kveld
som var brukt før.

Han strauk ein seig kingelvev
over andletet hennar.

I postkassa
låg gulna
kondolanseklemmar



lørdag 23. august 2014

Mørketidserkjenning



Livet er ei rute med lys
på fortauet
frå ei åpa dør



søndag 17. august 2014

Dei som er oss


Du var han som knytta skolissene mine
Du var ho som  gav meg ein ny blyant,
Og laga omrisset av den første  bokstaven
på arket mitt
Du var han som megla i slåsskampen,
som opna matboksar
Som viste meg korleis eg pressa planter,
kva eit herbarium var

Du var ho som lære meg å symje
Du var den eg var rasande på,
som sendte meg på gangen
Du var den  som teikna
humoristiske teikningar på tavla,
 lærte meg tyske preposisjonar
og plutseleg spela Miriam Makeba for oss
på platespelar.

Du var han med skorne som knirka,
og han som kalla oss alle med etternamn
og aldri smilte
Du var han vi ville skrive den beste stilen til
Du var ho som  hugsa namnet mitt 30 år etter,

du var han som fekk meg til å tenkje at lærar skal eg aldri bli
Men det var alle desse  som fekk meg til å bli lærar-

ho som fekk meg til å like å skrive,
han som fekk meg til å krangle,
og derfor fekk meg til å tenkje
til å studere, lese,
følgje førelesingar,
til slutt ta  eksamen.

Dette var dei eg møtte
kvar dag
i  tjue år

Livet mitt seinare
har avtrykk av dei alle





 
 

 

 

 

mandag 11. august 2014

Rotvelt


Om det bles opp
mellom oss
kor mange sekundmeter

kjem vi til å tåle
før bardunane
splintrast

og vi flaksar
til havs

mandag 28. juli 2014

Den sommaren.

Vi var
skumring
saman,

augustnære

slentra vi langs
månestripa

onsdag 11. juni 2014

Tenkt tilfelle

Om eg var ei sommarnatt
skulle eg breie meg over deg,

du svevnlause

som eit teppe, ta
deg med meg til sjøkanten der
vi kunne sitje tagale saman
eg ville hysje på måsane
pirke fram nokre krusningar

i sjøen

kanskje ville eg
etter kvart

høyre kva du har på hjartet
men eg ville sannsynlegvis ikkje

hugse noko av det
etterpå

eg ville heller ha losna
førtøyninga
utan at du såg det

late oss drive til havs

onsdag 4. juni 2014

På duellplassen

ein viss gråmorgon
pakka dei ord ut
or svarte esker

spente 
hanen

medan flyttebilar
køyrde
gjennom minnet

tirsdag 27. mai 2014

Tid bakom tid


Før vi blir fødde
sitt korgene våre
fast i tikkande siv

vi kan sjå
augestikkarar
med grøne vengjer

vinden kjemmer
himmelranda
rastlaust

men vi
blir kanskje
aldri
funne

torsdag 22. mai 2014

Leike heim

Det kom eit perfekt møblert dokkehus
ut av munnen hennar

Bittesmå stoveklokker slo når ho smilte,
byksande solflekkar
på blomstrete tapet

ho lo ein liten
biedenmeyerlatter

inst i kvar iris
satt ein svarttrost
i eit bur av smilerynker.


mandag 28. april 2014

Vår i oss


nettene er gjennomsiktige

hjarta fulle
av blindeskrift

vi vandrar svevnlause
i fingertuppskogen

finn blødande greiner,
og stryk oss mot dei


lørdag 26. april 2014

Leitelys

om nettene les eg tankane dine
med lommelykt under dyna,

i mørkret

eg blar meg igjennom deg
les siste sida først

vil finne ut
om det er eg
som er mordaren

lørdag 19. april 2014

Vårlåt

Eg spelar  den songen
som handlar om
ho som for til byen i nye skor,
og slengde med håret

perkusjonshælar mot brustein,
litt gitardryss av vårfuglar ,
 solbrillesmil

handveska på skuldra
full av lubne
moduleringar

eg skrur opp lyden,

la refrenget
spegle seg
i eit smilehol

Augustlivet

Nattvinden sender ut
doggvarsel,

tussmørker glir med ballongdekk
over grusen

I ei hengekøye av arrvev
svingar gamle dagar









torsdag 10. april 2014

Mysterium i april

Vi ropar opp i marsblå
kvelving
ser undrande inn
gjennom vindauga
der mange vårar budde
før

dei vart lagt ned
på himmellake
likevel forsvann dei

lørdag 5. april 2014

Snapchat

Beige tacokveldar med joggebukse over dataspel
ein småfull selfie under gatelys ein kveld i februar
på sjukebesøk til nokon som berre ligg under dyna
åra dundrar  i øyrene
-Kan du skimte rynker som skal kome
i dei gulna bileta
frå sytttalet?

Du skal vite
 at dette er deg.
Alle bøkene du ikkje har skrive
alle menneske du aldri skal møte

i dei gulna barnålene du finn
mellom bøkene i bokhyller
Alt dette er deg

tirsdag 25. februar 2014

Vårtrøst



Lite vondt kan komme med en gåseplog,

sa jeg til deg

tenkte at en fallende fjær
brenner vel ikke i atmosfæren


lørdag 15. februar 2014

Nokre ord med på veggen


Sjå opp
på skyane, sett 
mot i deg sjølv livet
blir kva du gjer det til
står det i eit blad,
du kan forme deg sjølv som leire 
laste ned ein app med mindfulness
du kan gjere yoga på stranda,
sende glimtet i augo på service
til ein lykkesmed

du kan bade blikket i flaskevatn
tenkje positivt
dra på trommereise
lytta til bruset frå kjenslene
i bloggbad

kjenne små, svarte bokstavar
krype oppover armen din



torsdag 13. februar 2014

Toroms


Dei reidde opp seng
i eit månekrater

Han sa her kjem vi til å sove godt,
ikkje høyre søppelbilen,
ingen gjenbuarar

vi har båe godt av
litt vektløyse no












onsdag 12. februar 2014

Nygamlingar



Gamle minne møtest
i svartkvitt
på ein kafe i byen

dei pustar
blinde
i kvarandres gammalminnelukt

fingertuppane famlar
over ruglete
kobbarstikkhjarte

kjenner på
gamle slag












lørdag 1. februar 2014

Cafescene i to akter


Dei fylte så mykje av plasen på cafeen at det var vanskeleg å manøvrere forbi dei om ein hadde dunkåpe. Små bord på den cafeen.Alle tre hadde PC'ane sine opne på den vesle bordflata.Eg veit ikkje heilt kvar kaffiekoppane deira stod. Ved PC'ane låg digre mobiltelefonar.
Alle tre hadde heilt like dressar. Koksgrå.Akkurat passe kvitt skjorteerme stakk ut ved handleddet trendy frisyrar, glattbarberte..

-Vi må finne denne søkaren, sa den eine
- Ja , sa den andre.-Vår mann kan i dag ha ein feit jobb på austlandet, men likevel tenne på ei slik utfordring.
-Han ser denne annonsen og tenkjer, faen. Dette er ein jobb for meg, seier den tredje dressmannen med korthogd overtyding.
-Det er nok same mannen vi ser for oss, sa den første fast.
- Kva løn ser går vi for?
-Vi går for firehundre tusen, meinte han eine i sofaen.
-Eller fem, sa den andre
- Det kjem an på kva erfaring vår mann  har.
-Er han ung, er han meir svolten på jobben.
-Vi kan diskutere løna
 -Sjølvsagt
-Men vi let oss ikkje pressse
 -Sjølvsagt ikkje.
-Han får tross alt jobbe med Frøyas største avis.
-I kveld, da?
-Middag på byen først, sjefen og nokre folk.
-Einn rask tur innom Blæst , eit par drinkar.
-Brukar bli seint.
-Sjåast då.

Da eg kika opp frå avisa mi att, var dei alle borte. Det satt ein litt eldre, salt og pepargrå kar ved samme bordet, hovudet i hendene, bøyd over kaffekoppen framfor seg
De så ut som han gret.

torsdag 16. januar 2014

Det er no eller aldri, sa du-


ei  augustnatt,
då verda hadde gått
heilt tom
for tolvslag

 vi kasta oss ut

frå langvisaren
på det gamle
kyrkjeuret

i kvar vår
edderkopptråd



søndag 12. januar 2014

Cafeliv for vidarekomne

Stamkafeen er ikkje lenger kva han  var. Det er rot i avisbunken som ligg framme. Mange bord er tomme for folk, men fulle av skitne koppar etter dei førre gjestene. Serveringsdamene står berre og og pratar med kvarandre medan køa veks, og irriterte middelaldrande akademikarar står surt i kø med skjerf i halsen og tenkjer at det var mykje betre før.

Sist laurdag stod eg mange, mange  minutt og venta på at serveringsdama skulle dukke opp- så eg fekk betalt den stakkars kaffikoppen eg stod der med. Ikkje ei sjel bak disken. Ingen serveringsdamer som sirkulerte i lokalet heller. Til slutt orka eg ikkje vente, sette meg ned ved bordet og drakk opp kaffien eg ikkje hadde betalt. Eg henta meg til og med påfyll.Kaffien var fæl, og hadde  tydelegvis stått på kolba nokre timar. Eigentleg burde eg ha fått betalt for å drikke han.

Det er ikkje slik vi vil ha kafeane, vi akademikarar i vår beste alder. Vi er grånande vanedyr i fornuftige skor, som helst vil attende til samme staden gong på gong. Og når vi seier samme staden, meiner vi det bokstaveleg. At vi vil ha samme utvalet i disken, samme serveringsdamene, samme inventar, at kaffekanner og koppar skal stå på samme stad som dei alltid har stått. Vi likar ikkje endringar. Vi vil at ting skal vere der vi ventar å finne dei.Alt anna er ei oppløysning av samfunnsnormer som vi tek sterk avstand i frå.


Vi ser det som direkte provoserande  at det står utstilt tre boksar med chilinøtter , og ingenting anna, i den disken vi er vane med at bugnar av freistande konditorvarer. Vi lurer på om dette er eit slags opprør. Om denne kafeen har kome i trassalderen, og viser oss fingeren gjennom demonstrative chilinøttboksar, rot på avisbordet, vond kaffe og skravlande, frekke servitriser. Om kafeen har låst seg inn på rommet sitt, og ber oss om å dra til helvete.

Difor tok vi sist laurdag ei drastisk avgjerd. Vi skal finne oss ein ny stamkafe. Det var det gode gamle programmet Norge rundt som sette ein av oss på tanken. I eit programinnslag frå ein lun, tradisjonskafe i byen vår.  I eit heimleg miljø med brune vegger, plysj og speglar i gullrammer, såg vi ein strålande konditor stolt vise oss kva som var dei viktigaste ingrediensane i den gamle tradisjonskaka dei hadde laga der i huset i hundre år.Denne cafeen fanst allereie då eg flytta til byen for å studere. Han har eigentleg ikkje endra seg mykje sidan då. Like brune vegger, tunge gardiner. Vindauga ser ut i gata gjennom eit plommefarga plysjblikk, og treng ikkje noko glitter og neon for å bli lagt merke til.

Dette må vere ein stad for oss. Når dei ikkje har endra ei kakeoppskrift sidan 1929, er det von om at kafeen har tyngde nok til å overleve eit kvart eigarskifte, trendmønster, til og med eit Olav Thon-angrep.  Og kanskje blir vi verande der. I eit miljø med uironiske blondedukar og rause blautkakestykke.

 Heilt til det blir rot på avisbordet, kaffekanna byttar plass, eller serveringsdamene ignorerer oss.

Vi finn oss nemleg ikkje i kva som helst.