torsdag 18. februar 2010

slapp heilt av

..slapp heilt av i handa di! Smila ho som gikk i klassen min på ungdomsskolen. Eg skal ikkje gjere noko gale, berre slapp heilt av!

Så smilte ho med heile tannreguleringa, som freista å halde reide på ei interessant samling med tenner. Men det spela ingen rolle om ein hadde kjetting på tennene når dongeribuksa satt slik ho gjorde på denne jenta. Røykpakka stakk frekt opp av lomma på jakka. På skuleveska hennar var dei viktigaste band-namna på syttitalet skribla inn.

Når ho foreslo å gjere noko artig med mi hand, var det uaktuelt å seie nei til tilbodet.Eit stilig partytriks antakeleg, som dei andre med tjukt overheng av øyensverte sikkert alle kunne frå før.
Noko gøy, som dei kule jentene som fekk kline på dei spennande festane alle var innvigde i. Eg let som ingenting- prøvde sikkert å sjå litt tøft avventande ut. Gav henne handleddet mitt. Ho greip det. Rundt meg satt dei andre jentene og smålo.

Eg trur ikkje eg tenkte noko spesielt då ho lyfte handa mi høgt, heller ikkje da ho raskt som eit lyn susa armen min nedover med knokane først, og slo den mot kanten av pulten med full kraft.

Eg hugsar enno lyden, av tynne fjortenårs knokar som small mot respatexen i bordplata. Eg trur og det gjekk eit par sekund før smerta nådde hjernen- slik at eg fysisk kunne kjenne kva som skjedde og ikkje berre høyre lyden av det.

Og eg husgar endå betre latterkrampen til jenta med tannreguleringa.Ho lo så ho nesten datt av stolen i klasserommet. Kanskje gjorde dei andre og, det hugsar eg ikkje. Sett bort i frå ho som lo så strengen på tennene nesten rauk på midten, hugsar eg berre kor usannsynleg vondt det gjorde i handa.

Eg veit ikkje kvifor denne episoden med handa er noko av det eg hugsar best frå ungdomsskulen. Det var neppe ei oppleving som resulterte i ny innsikt, klokskap og erkjenning.

Men eg veit at eg framleis er i stand til å slappe heilt av.

2 kommentarer:

Inger sa...

Du skriver så godt! Synes nesten jeg kjente smerten når jeg leste dette.

Så jævlig kan jenter være mot andre jenter - og sånn er det fortsatt, tror jeg.

Ina sa...

Jeg føler meg så menneskelig når til og med du har en skrivefeil eller to.. Men teksten var så bra at jeg måtte lese den to ganger, så jeg la ikke merke til det før jeg leste det igjen.