tirsdag 2. februar 2010

Å nei, ropar alle i byen...

... Hjelp!
Der kjem den onde læraren!
Den satans jævla kjerringa som trykker på stoppknappen på bussen, sjølv om ho ikkje skal av. Ho som ringjer på og stikk av i framande nabolag, men først skrik namnet ditt inn i callingen.

Spring for livet- steng ungane inne!
Her kjem den utspekulerte, infame trollkjeringa av ein adjunkt med opprykk- som stappar heile skåla med gratis tannpirkarar i lommen når ho er på cafe, ho som sett opna mjølkekartongar under takplatene i stova di, og sitt heime hos seg sjølv og ler til ho får krampe i magen når heile stua di stinkar av sur mjølk og du ikkje kan finne ut kor lukta kjem i frå.

Trekk for gardinene- ikkje sjå ut!
No kjem den fylkeskommunale skrekkøgla forbi.
Ho som spenner ut snubletrådar framom gammelheimen, og som stemmer 20 gonger på Framstegspartiet på pur faen. Ho som slepper laus alle hundane som er bundne utanfor butikkar i byen på laurdag og let dei springe fritt. Ho som nekta å pusse tennene, er oppe til lenge etter kveldsnytt, og som fis høgt i heisen og skuldar på andre.

Ho som kastar juletreeet ut i frå vindauget sitt i 4 etasje midt i februar , så kven som helst kan få det i hovudet. Ho som klipper av klesnora, og veltar alle syklane i sykkelbua med vilje. Ho som narrar folk til å ete reker med skalet på, som legg blaute teposar på dokanten din og snerkar til sjokomjølka di.

Du skal berre passe seg for denne mentalt forskrudde, infame gulgrøne haugen av meiningslause vekttal.- Høyrer du det?

For har du med slike å gjere, kan du bli slik sjølv. ...

3 kommentarer:

Inger Marie sa...

Huffa meg. Jeg kastet juletreet ut fra 4. etasje. Riktignok i januar og uten å treffe noen. Kanskje noe av det andre også stemmer, kanskje jeg er den dama som er adjunkt med opprykk. Du skriver godt Marit. Mer, mer.

Pelone Wahl sa...

HA! HA! HA! Nobody puts this fucking baby in the corner! Ren selvbiografien jo...!? ;D Skal si deg en ting søster, hadde jeg vært mann ville dette, tross det ikke er din intensjon, funket på meg som rene kontaktannonsen. Altså, en jeg tvert ville svart på. Åh... nå gleder meg enda mer til jeg, du og lille K skal slå vekttallene våre sammen og gjøre byen utrygg! Stor klem

Unknown sa...

På en prikk :D Du glemte bare at vi skufler den halvspiste matpakken vår ned på gulvet når vi er mette, tråkker på hvitosskiva og hopper på Litago' boksen så det smeller og sjokomelka spres over hele rommet, ellers er det meg på en prikk. Kollegaen min er hakket verre, hun kauker "Jævla taper bitch!" til meg når jeg sier at hun ikke kan røyke i skolegården. Men så er hun lektor, da.