søndag 28. februar 2010

matematikk og uendelegheit

Asymptote er et matematisk begrep som brukes på om en rett linje som kommer nærmere og nærmere en funksjon, men som aldri møtes. Kommer fra latin: asymptota (linea), (linje) ikke møtes.
I Dagbladkryssordet ei påske for eit par år sidan dukka behovet for dette omgrepet opp. Bror min spurte meg kva ein asymptote var, sidan det ordet kunne passe i rutene han skulle fylle. Og eg hugsa faktisk at eg hadde høyrt dette ordet før. Ein gong i ei fjern gymnastid, der mattetimane på ingen måte bidrog til å gjera livet lyst for min del. Snarare tvert i mot.

Men nokre gonger kan hjernen altså overraske- og hente fram frå roteloftet sitt eitkvart ein ikkje visste at låg oppå der. Kva ordet asymptote tyder, anna enn at det var eit matematisk uttrykk, kunne eg likevel ikkje svare på den påska. Så blei det full leksikonsjekk på oss.

Ingressen i denne teksten her, er kortversjonen av det leksikonet forklarte. Altså, ein asymptote er ei geometrisk line som aldri kjem i berøring med nokon kurve. I wikipedia på engelsk var det og teikningar av fleire slike kurver, som gjekk i både bogar og spiralar. Og dei var så nær denne asymptoten, at det nesten såg ut som det var kontakt. Men det er absolutt ikkje mogleg i matematikk. Ein regel er ein regel. Asymptoten kan aldri røre ved nokon kurve.

Og da eg såg denne definisjonen, og desse illustrasjonane, seig det innover meg ei så inderleg trist kjensle. På denne asymptoten sine vegne.

Alt som er spennande, skjer med kurvane - som bogar seg i fine figurar med fart og flyt. Dei får segle avgarde. Asymptoten går på sine einsame , keisame togskinner inn i æva. Matematikken sine lovar operere ikkje med unnatak og særordningar. Urørleg må den arme asymptoten sjå slake fine kurver kome nærare og nærare, heilt til han kjenner pusten deira mot kinnet. Auge til auge står han med dei. Før dei forsvinn breiddved einannan, ut i den matematiske uendelegheita. Parallelle, men likevel så åleine.

I gresk mytologi må arme Sisyfos trille ein stein opp ei fjellside, og miste han på toppen. Difor må han starte å trille på nytt heile tida. Men Sisyfos har jo tross alt fått dette arbeidet som straff for ugjerningane sine. Asymptoten har jo ikkje gjort noko gale!

Eg trur det er difor eg ikkje maktar matematikken sitt vesen. Han er så kald. Det finst liksom ingen nåde der. Om eg skulle lage mi eiga matematiske verd, ville mykje ha sett heilt annleis ut.

Der ville det alltid ha vore eit håp for slike som asymptoten.
For eg er sikker på at alle kurver aller helst vil vere heilt inntil nokon på ferda si mot det uendelege.

1 kommentar:

Anonym sa...

OddmundHavnen:

Matematikk og uendelegheit.

1. Veldig bra at du kan få en god novelle ut av en matematikkdefinisjon! Når du kan være istand til noe sånt,vil du vel aldri slippe opp for inspirasjon til å skrive.

2. For meg var det inspirerende å se noe som dette. Lykke til videre! Det var interessant å kommentere. Trolig skriver jeg me senere. MVH.