tirsdag 16. februar 2010

Det heimlause diktet

Eg fann eit dikt
ute på dørmatta
litt pjuskete såg det ut
i og med at eg ikkje abbonnerte
eller hadde bestilt noko dikt
sette eg det oppå
postkasserekka
så postmannen kunne ta seg av det
men neste dag
låg det på dørmatta igjen

nokon
vil visst at eg skal ha dette stakkars diktet,
tenkte eg.
Så eg tok det med inn
dusja det
og sette det på trykk

eg trur diktet trivst her
no

Ingen kommentarer: