tirsdag 9. februar 2010

eit viktig vedtak?

Eg trur eg har kome opp med ein utmerka stad i budsjettet å kutte kostnader, sa den finanspolitiske rådgjevaren til statsministeren.

Statsministeren kika opp frå papira, nokså fortvilt. Møtet hadde vara i fleire timar, og dei hadde hatt mange idear til sparetiltak, men ingen gode nok. Statsministeren var desperat. Han måtte sjå til å innfri veljarane sin tillit.

Vi legg ned lidenskapen! Sa rådgjevaren med eitt.
Lidenskapen er utruleg ressurskrevjande.
Han gjer for mykje ut av seg, tek for stor plass, og er for lite produktiv sett i høve til kva han kostar samfunnet . Folk blir berre oppøste av han. Dei må ete roande middel - og det er noko svineri.
Dessutan blir folk stadig borte frå jobb pga alle slags idrettsarrangement, kjærleikssorg, demonstrasjonar for og imot Palestina og deltaking i Ungdommens Kulturmønstring. Lidenskapen er heilt hysterisk, og dessutan eit veritabelt pengesluk for skattebetalarane.

Eg er sikker på at vi kan klare oss godt utan lidenskapen.
Frå og med neste kvartal fjernar vi han, rett og slett. Kva trur du?
Jau.. sa statsministeren og banka nervøst med blyanten i bordet. Da prøvar vi det.

Og så la dei ned lidenskapen, med ganske øyeblikkeleg verknad.

Folk tenkte ikkje så mykje over nedlegginga i starten. Men så byrja mykje å endre seg.

Det var ikkje gøy å gå på fotballkampar lenger.

Spelarane gad ikkje score. Du kan godt ta ballen litt, sa dei til det andre laget. Du kan få score neste gong, viss du vil.
Og publikum engansjere seg lite, uansett kvar ballen hamna.
Ein ikkje namngjeven supportarklubb forsov seg til ein viktig heimekamp, og møtte ikkje opp før langt ut i andre omgangen.

Salet av prevensjonsmiddel og brudekjolar stupte.

Bokhandlarane fekk ikkje selt ei einaste bok. Dei satt ihopkrøkte i dungar av det som før hadde vore bestseljarar, og sukka tungt. Ingen hadde lenger lyst til å lage nye dikt eller romanar heller. Det var liksom ingen vits no.

Papirinsdustrien fekk eit skot for baugen.No når ingen ville skrive og ingen orka å lese,vart det berre eit par dopapirmakarar att i bransjen.

Eitt etter eitt stengde teatra. Ingen skreiv stykke, gad spele i dei eller kome og sjå på. Konserthusa vart bygde om til kjøpesenter, rockeklubbane vart kommunale tilfluktsrom og kunstgalleria var tomme og måtte dekke rutene sine med papplater.

Statsministeren tykte liksom det var ei rar og ekkel stemning i byen når ha gjekk til jobb.Han vart i nokså dårleg humør av det.

Og sant å seie byrja han så smått å tykkje at jobben var noko meinsingslaus etter kvart.

Så det hende rett som det var at statsministeren skulka jobben, og sette seg på cafe.

Rådgjevarane hans sette seg saman i eit krisemøte.

Dette går ikkje lenger! sa dei. No må han skjerpe seg. Budsjettbalansen er god, og han orkar ikkje bry seg! Det er ei skam. Vi må få han til å ta seg saman. Han har aldri vore særleg mykje tess, ,men no må han verkeleg skjerpe seg. Ellers får han ta sin hatt og gå.

Det er rett og slett ikkje sikkert vi orkar ha nokon statsminister, viss det skal vere på dette viset.

(framhald i neste blogg)

1 kommentar:

Pelone Wahl sa...

Dette har jeg VELDIG sansen for! Nødvendigheten av både brød & cirkus til folket, er helt klart undervurdert. Gleder meg til å lese fortsettelsen. Vil ikke forundre meg om dette blir en tekst verdt å adressere statsministerens kontor, med kopi til kulturministeren... ;)