lørdag 13. februar 2010

eit viktig vedtak- 3 bolken

Å nei, jamra statsministeren, og kraup saman under dyna. Eg kjenner meg ikkje bra. Eg veit ikkje om eg greier nokon ubehageleg konfrontasjon. Har hatt det skikkeleg fælt i det siste.

Den Kloke Kona snøfta, og sette augo i mannen i senga.

Eg har hatt mykje å stri med, peip det vidare frå sengehalmen. Eg har vondt i magen, og er så slapp, du fattar ikkje korleis det er å vere meg.

Kona såg framleis berre på statsministeren, utan å flytte blikket.

Eg treng berre hjelp til å bli frisk, ikkje kritikk, sa han i senga. Eg må ha nærheit og forståing. Om eg betaler deg litt ekstra, kunne du kile meg på ryggen ein times tid? Da blir eg sikkert betre.

Før han visste ordet av det, hadde Den Kloke Kona gjeve han ein øyrefik.

Eg har ikkje tid til dette meir, sa kona. Eg har fleire eg skal innom i dag. Og det er rein plankekøyring å gje deg ein diagnose. No skal du høyre godt etter.
For det første: Over heile landet har folk vondt i magen. Du er ikkje den einaste. Snille, bra folk som aldri har gjort noko gale, ligg tvekrokete av smerter. Dei søv ikkje om natta, og har mista matlysten. Legane kan ikkje helpe dei. Difor kjem dei til meg. Og du skal vete at du og halve landet har akkurat same sjuka.

Statsmisteren gispa. Ein pandemi! Ropte han. Eg må ringe helseministeren- dette er ein nasjonal krise!

Hysj, sa kona. Her kjem det andre poenget mitt:
På grunn av deg ligg folk i heile landet vakne om natta og er livredde, fordi ingen finn ut kva som feilar dei. Men dei er eigentleg ikkje sjuke. Og det er ikkje du heller. De har berre magen full av lidenskap som de ikkje veit kva de skal gjere med.
Lidenskap skal jo ikkje haldast inne! Lidenskapen har ei lenger nedbrytingstid enn plutonium. Stenger du han inne i folk, tærer han hol i dei. Han er ein skummel materie å stue vekk.

Men lidenskapen er jo lagt ned, sa statsministeren forvirra. Han finst jo ikkje lenger!

Du kan ikkje legge ned lidenskapen din idiot, sa den kloke kona oppgitt.Han vil aldri slutte å finnast.

Folk vart jo både sjuke og oppøste av lidenskapen! sa statsministeren. Han kosta jo samfunnet vårt uhorvelege summar. Da vi tok kontroll på han, gjorde vi jo samfunnet ei teneste!

Lidenskapen tente millionar til det helvetes iskalde byråkratiet ditt også - har du gløymt det? sa kona. Hugsar du ikkje alle folka som var galne av sorg, og som måla bilete som kokte av farger og vart verdskjende for det ? Dei som komponerte symfoniar, og prisa gleda og kjærleiken? Som skreiv bøker, song songar, og dansa tærne sine til blods i balletten? Som jaga fram kribling i deg som du ikkje viste at du hadde? Hugsar du ikkje korleis det kjendest på innsida da du starta som ungdomspolitiker, den gongen du gjekk i demonstrasjonstog mot oljeboring nord for den sekstiandre breiddegraden?

Statsministeren vart still no.

Du må gjerne ha vondt i magen alt du vil for meg din tosk, sa den kloke kona. Du har jo valt det sjøl. Men det er ein god del folk i landet ditt som ikkje har valt å ha vondt i magen. Du la ned lidenskapen deira.Det er du som har skapt samfunnet dei har blitt sjuke av.
No kler du på deg og kjem deg på jobb. Så kallar du inn rådgjevarane dine, og så gjeninnfører de lidenskapen med øyeblikkeleg verknad. Eg kan love deg at mageknipen din forsvinn. Sjølv om du faktisk ikkje er det viktigaste no.

Så tok Den Kloke Kona den mystiske svarte kofferten sin og forsvann.

Statsministeren lura sjølvsagt seinare fleire gonger på kva som var i kofferten hennar, som han aldri fekk sjå inni. Han fekk ei svært hektisk tid på jobben , så det gjekk lang tid før han rakk fundere på noko som handla om Den Kloke Kona att.
Han vart travelt oppteken med å gjeninnføre lidenskapen.
Rådgjevarane hans protesterte alt dei kunne, men for ein gongs skuld gav ikkje statsministeren etter. Og det vart ei travel tid. Med opning av kulturhus, glødande politiske debattar, ville diskusjonar og varme forsoningar på gater og torg, intens kyssing, store utstillingar, festivalar, og heftig musikk som ljoma ut av alle opne vindauge.

Folk hadde ikkje vondt i magen lenger. Dei hadde berre mengder av sommarfuglar der- som flaksa som galne til dømes når det var premiere, ei snor skulle klippast, fine bursdsagsgåver opnast, kjærleiksbrev skrivast, medaljar delast ut , eller viktige talar skulle haldast.

Nokre folk surmula i dette hektiske, elleville kaoset. Dei tykte alt var ryddigare den tida lidenskapen var nedlagt. Men samtidig måtte dei innrømme at dei hadde ei meir aktiv fritid no enn før, fordi det var så mykje å finne på. Livet var rett og slett meir spennande. Difor fann dei ut at dei ikke lenger ville klage over sløsing med skattepengane til lidenskapelege føremål.

Den Kloke Kona Høyrte ingen stort meir til. Ho tok den mystiske kofferten sin og forsvann natta før lidenskapen kom tilbake.

Det siste nokon høyrde, var eit rykte om at ho var på veg til eit granneland, der dei nettopp hadde lagt ned empatien.

Ingen kommentarer: