torsdag 11. februar 2010

eit viktig vedtak- del 2

Krisemøtet var ferdig, og komiteen hadde vel ikkje greidd lage nokon strategi eller sanksjon med omsyn til statsministeren og skulkinga hans. Sjølv om sjefen irriterte dei ein heil del, var det ingen som hadde særleg lyst til å vere den som tok affære og stramma han opp.Dei ville heller kome seg heim og ete, og ta seg ein strekk på sofaen.

På ein cafe ikkje langt unna regjeringskvartalet, satt statsministeren åleine og hadde vondt i magen.Han hadde diverre, etter mykje kafeliv, vorte meir og meir plaga med mageknip. Han tenkte at det hadde sikkert å gjere med at han drakk for mykje kaffi. Men sjølv om byrja å drikke berre vatn, hadde han like vondt i magen.

Han tømde vassglaset i ein slurk , og ringte fastlegen sin.

Fastlegen trykte på magen til statsministeren, og tok mange prøvar. Han sørga for kikholsobservasjon av tarmar og magesekk. Han banka, lytta, spurte og grov. Alle mikroskopa på legekontoret var fullt av kroppsvæsker og celler frå stasministeren.

Men ingen på labben fann noko gale med prøvane. Så fastlegen meldte pass, og sende statsministeren heim med eit glas med vitamintablettar.

Neste dag orka ikkje statsministeren å stå opp.

Rådgjevaren hans hadde ein privat samtale med statsministerkona ut i gangen i statsministerbustaden. Dei kviskra lågt mellom tennene.

Han har blitt frykteleg rar i det siste, sa statsministerkona. Ho var på gråten. Han må kome seg ut av senga, sa rådgjevaren. Dette kan ikkje halde fram. - Han ligg berre og stirer, gret kona. Kan ikkje du snakke med han? -Snakk med han sjølv. Det er du som er gift med han, glefsa rådgjevaren irritert. Så gjekk han.

Statsministerfrua var desperat. Ho visste ikkje anna råd enn å ringe Den Kloke Kona.

Det var mange som var redde for Den Kloke Kona. Folk tykte ho var i overkant intens, og berre unnataksvis turde folk å sjå henne i augo. Men når nauda var størst, var det til henne folk ringte.

Ho kom på besøk i kveldinga, med ein mystisk svart koffert.
Den Kloke Kona såg lenge på den bleike skapningen i senga.

Så bad ho kona og ungane til statsministeren om å halde seg unna, så ho kunne gjere jobben sin.

Høyr her, sa ho til stastminsiteren som låg der så ynkeleg under dyna si. Eg vil du skal følgje veldig godt med. For det eg skal seie til deg no, kjem du neppe til å like.

(framhald i neste bloggen)

Ingen kommentarer: