lørdag 7. desember 2013

Vintervende


Vi er snøtunge graner
greinene våre peikar mot jorda

Nattstjerner prikkar i nakken
nordlyset feier vegen med oss
vi er knekkande kvist,
pustar som
botnfrosne bekker

Lystørste ventar vi
ved  åskammen,
med solstrime
i lommen





Ingen kommentarer: