onsdag 13. mars 2013

Vi ville kanskje ikkje dit

Vaksenlivet bular fram,
 fiskeauget gjennom persienner

 inn gjennom nykkelhol,
med knis i låsane
til jenterom dynka i pastellsukker

 mellom fuktige matapir
klistrar redde brødskiver seg saman
sveitteringar i ulevd framtid

Vaksenlivet sit i den mørke stova di
med morgonkåpa stramt knytt
spør deg med stemme, gul som ein fotoalbum,

-kvar har du vore?

Ingen kommentarer: