lørdag 30. januar 2010

biletet som kan lesast på to måtar

Du har sikkert sett det. Anten i psykologiske testar av det meir tabloide slaget, eller som eg, på køyreskulen. Biletet , eller teikninga av det som ved første augnekast kan sjå ut som ei vakker dame sett i profil. Med lang svanehals, pelskrage, augnevipper herifrå og til evigheita.

Ved andre augnekastet ser du ei gammal kone, med stor nase og nedovermunnviker. Augo hennar forsvinn inn i rynkeheimen.Om du såg den unge dama først, treng du kanskje hjelp av andre til å oppdage den gamle, eller omvendt.

Teorikurslæraren gjorde stort poeng på første førelesinga av kor augo våre kan lure oss . Kva poenget var ut over det, hugsar eg faktisk ikkje. Eg var neppe nokon mønsterelev på teorikurset, og strauk på teorien to gonger før eg bestod. Men nok om det.

Biletet du kan lese på to måtar, har dukka opp fleire gonger på min veg. Til dømes i ei lærebok i filmkunnskap. Her og som eit prov for at biletet kan lyge. Eit bilete kan lure deg skikkeleg - og få deg til å føle deg nokså dum nå nokon påpeikar at det ikkje er berre slik du trur. Og du kan bli enno meir overraska når du heilt av deg sjølv ser eit anna bilete stige fram. Det nyttar ikkje å sjå begge desse bileta samstundes. Ser du det eine, forsvinn det andre. Og omvendt.

Mange nyttar seg av dette verkemidlet. Både reklame, film og tryllekunstnarar. Illusjonsbyggarar av mange ulike slag.

Men livet brukar og dette verkemidlet for å spele oss nokre puss.

Vi hugsar vel alle kor gjennomgripande uvenner ein kan bli med bestevenninna i ungdommen. Det er så ugjenkalleleg som det kan bli- ei kort stund . Eller då ein som liten pakka ned bamsen og ville flytte heimefrå, fordi foreldra var dei dummaste som fanst. Biletet som endra seg fortare enn vi kunne blunke. Men heldigvis skifta det like fort attende.

Det er mykje nifsare når ein blir vaksen.
Når denne prosessen kjem snikande sakte.

Når ansiktet ein såg krystallklart og trudde blindt på byrjar å gli over i noko anna, heilt ukjent. Når svanehalsen til den unge jenta blir ein krokete gammel nase. Nå biletet ei stund løyser seg opp i streker, linjer og skraveringar utan meining- før eit heilt framandt bilete stig fram av kaoset. Eit stygt biltete vi ikkje har lyst til å sjå.

I denne ubegripelege prosessen kjenner ein seg så dum. Så utruleg dum. Ein kjenner seg som den einaste som ikkje såg det andre biletet; "Eg er ein idiot.Eg ser jo ingen ting!"

Det nyttar ikkje bli rasande på biletet med dei to andleta. Som eg sa, når vi ser det eine, greier vi ikkje sjå det andre samstundes.Det er heile poenget. Og det nyttar i alle fall ikkje bli rasande på seg sjølv- fordi det som møter auget vårt kan oppfattast på ulike måtar.

For den eine utgåva er like sann som det andre. Endringa skjer ikkje i biletet.

Ho skjer inni oss.

3 kommentarer:

Unknown sa...

Treffende, Marit! Mange som plutselig kan se ting i et nytt lys etter å ha lest denne.

Pelone Wahl sa...

"I romersk mytologi er Janus en gud med to ansikter; et smilende og et surt ansikt. Blir ofte brukt som symbol på dualitet og teater. Måneden januar er oppkalt etter Janus..." Om noen timer er derimot januar over, så se godt på begge ansiktene, et av gangen, for når klokka slår tolv, vil det ene forsvinne. Ergo, ta deg i var for hvilket av ansiktene du ser på når timen er slagen... ;)

Anonym sa...

Kjempefint sagt, men huff.

Det er ikke alltid en vil se det gamle sure ansiktet og innimellom er det i overkant vanskelig å finne igjen den unge pene jenta.