torsdag 28. januar 2010

ein tekst til språket

Dette er ein tekst til språket.Språket som fyller øyrene våre kvar dag, som summar ut frå tv og radio, frå mobiltelefonar, som pressar seg fram bak oss på bussen, surrar i songtekstar på ipoden vi alltid går med. Språket som renn ut av munnane våre, veltar ut av avisene, sprutar ut av dei gode bøkene som geysirar, renn i feite strie straumar frå politiske debattar, opprop, skodespel i teateret og førelesingar på universiteta.

Språket er ei flodfbølgje med bokstavar, bere avbrote av nokre komma , punktum , semikolon, spørsmåls-og utopsteikn. Ei yrande mengd av ord, stavingar, fonem og morfem at det er ufatteleg at vi greier ta det inn .
Men det gjer vi vel eigentleg ikkje. Vi driv med ordstraumen som daud fisk.

Noko blir att.

Orda med plysj på som vi høyrde då vi var små. Ord som kunne kosast med. Regler vi hinka og hoppa etter til rytmekomp av slengtau, stundom for å erte ei i klassen. Grand Prix- tekstar frå syttitalet som vi tok opp på kasett. Lausrivne, korte setingar: "Saldo i deres favør". Den herlege forventninga i adventsversa. Den pinlege konfirmasjonstalen, da pappa byrja å gråte. Monologar som har stoppa tida ein augneblink, som Espen Skjønberg i "Kaos er Guds nabo"på åttitalet.

Språket kan vere varmt og iskaldt. Spisst og kantete, laust og tåkete, ei pil i hjartet, eit spark i knehasane eller eit svimmelt juv av intens glede. Språket kan brennmerke , utslette, bygge og inspirere. Det kan snu livet ditt opp ned på eitt minutt, sjølv om du eitt minutt etter at orda er uttala, ikkje greier å hugse noko av kva som vart sagt.

Språk er nådelaust.

Det kan få deg til å krympe deg når du ser andre svinge språket sitt over hovudet som eit blenkande samuraisverd.Og du veit at ei slik handsaming av våpen kjem du aldri til å få til.

Språket kan snu ein valgkamp og sikre deg ein Nobelpris. Det kan starte krigar.Det kan trengje gjennom betongen og redde deg 2 veker etter jordskjelvet.

Språket er ein sjanglande elefant
og ein rosa, fjørlaus fugleunge.

Vi bør nok ha litt respekt for det.

4 kommentarer:

inger marie sa...

Du skriver godt Marit. Takk for at du deler med oss andre.

Ingvild Segersam sa...

Dette var vakkert, min kjäre, gode norsklärer. Noe slikt presterte nok aldri vi med våre ukentlige "hendt i veka". Takk!

Unknown sa...

Du skriver slik at jeg kjenner ordene i kroppen!

Unknown sa...

Du skriver slik at jeg kjenner ordene i kroppen!