onsdag 11. juni 2014

Tenkt tilfelle

Om eg var ei sommarnatt
skulle eg breie meg over deg,

du svevnlause

som eit teppe, ta
deg med meg til sjøkanten der
vi kunne sitje tagale saman
eg ville hysje på måsane
pirke fram nokre krusningar

i sjøen

kanskje ville eg
etter kvart

høyre kva du har på hjartet
men eg ville sannsynlegvis ikkje

hugse noko av det
etterpå

eg ville heller ha losna
førtøyninga
utan at du såg det

late oss drive til havs

2 kommentarer:

Anonym sa...

Wow!

Marit sa...

Tar det wowet som ein positiv reaksjon, kjære Anonym (kven du no er:-) Alltid glad for besøk i bloggen min.