søndag 28. mars 2010

ein skugge

Det for ein herrelaus skugge ikring
i byen

han freista stadig henge seg på folk,
men dei berre vifta han vekk

Takk, eg foretrekkjer min eigen skugge,
sa dei
kort

skuggen smaug seg vidare
for å freiste på nytt

og på nytt

audmjuk og lengtande

Ein skugge er visst ikkje så mykje verdt
utan eit menneske

torsdag 25. mars 2010

politisk

...det er umogeleg å seie noko på denne sida av budsjettåret, og slik saka står no, er det mange faktorar som spelar inn med omsyn til kva resultat ein kan forvente seg, difor kan vi ikkje vere for bastante på dette tidspunktet og seie ja eller nei da dette er avhengig av avveiingar i høve til det totale biletet som det enno er særs vanskeleg å få oversikt over i desse sensitive sakstilhøva, sett i samanheng med perspektivet framover og konsekvensane det måtte kome til å få...

men om eg får tid, kan vi godt ta ein kaffe

søndag 21. mars 2010

satelittar

Som svevande romsøppel
flyt daude facebook-profilar ikring på nettet

Dei er ute av banen sin
og sender statusoppdateringar i alle retningar

til svarte hol i verdsrommet

gamle applikasjonar, comments

"liker dette"
tommel opp eller ned

signal som er uendelege ekko
mot fjerne galaksar

Dei driv forbi og forbi,
desse daude profilane

og undrar på
om det finst liv nokon stad

lørdag 20. mars 2010

Håp

Give me hope, Joanna, song den rusa mannen igjen og igjen.
Han gjekk utan ytterjakke midt i Kongensgata, i mot køyreretninga.

Eg håpar det gjekk bra med han

mandag 15. mars 2010

Andre sida

Når ein er trygt plassert
på den eine sida
er det lett å undrast på
kva dei driv med
på den andre

På motsett side
er det likeeins

Vi burde byte av og til


Dei gjer kanskje ikkje så mykje spennande

på den andre sida

men om vi bytte av og til

vart det nok mindre banking
i veggen

torsdag 11. mars 2010

eit talent utanom det vanlege

Han var ikkje noko utprega eller særskilt ekspessivt barn. Og han snakka ikkje mykje.

Men han var flink til å pusle med penn og papir. Da var det stille lange stunder, ansiktet var langt inne i arket, svisj, svisj sa blyanten når han skyggela. Ein såg berre hårhvirvelen hans, når fantasien jaga han djupt inn i papiret.
Han var ikkje så glad i å leike med andre ungar. Når dei ville ha han med ut, drog han ofte berre på det og sa at han tykte det var litt kaldt, og ville heller vere inne og teikne.
Sidan han aldri ville leike, byrja ungane i gata å synast at han var ein skikkeleg raring. Dei gad ikkje å spørje han om å kome ut. Men dei kasta nokre gonger snøball på ruta hans , når dei ikkje hadde anna å finne på. Mor hans kom ut og jaga dei, og det var litt gøy. Etter kvart gløymde dei nesten heile den rare vesle teiknefyren.

På ungdomsskulen satt han og mykje for seg sjølv. Sa lite i diskusjonar. Når dei andre gutane fomla rundt i verste hormontåka og drog i bh-stroppene til jentene, satt teikneguten og eit par andre raringar i ei hjørne og lo av sære teikneseriar på utanlandsk ingen andre hadde høyrt om. Men teikneguten laga nokre teikningar av læraren som var skikkeleg kule. Dei vart sendt rundt i timane når læraren såg ein annan veg. Ein gong fekk ein lærar sjå ei teikning av seg sjølv. Han byrja å gråte inne i hendene sine, og alle knisa desperat. Teikneguten smila berre litt.

Etter vidaregåande vart teikneguten oppdaga, då lærerteikningane han laga i keisame skuletimar hamna i russeavisa.Det var eigentleg flaks for han at han keia seg mykje. No laga han illustrasjonar til barnebøker og julehefte.

Vi skulle tru han var lykkeleg no.

Da ein gamal skulekamerat av han opna postkassa ein dag, låg det ein ufrankert konvolutt der. Inni konvolutten låg ei teikning. Det var lett for skulekameraten å kjenne at kona si på teikninga, tett omslynga med grannekaren.Det var ikkje noko brev, og ikkje noko poststempel. Og etter ein konfrontasjon, tilstod kona at ho hadde hatt eit forhold med grannen, tårene rann og stor ståhei følgde.

Fleire rundt i byen byrja å finne teikningar i postkassane. Om underslag, vald, og utruskap. Nokre gonger nekta folk som var avteikna på alt det teikninga skulda dei for. Mange blei heilt avsindig rasande, uansett om dei følte seg truffe eller ei. Dei truga folk rundt seg med politi og full etterforsking. Samstundes vreid dei seg som lus mellom neglar. For kven skulle dei anklage? For kva? Det er vel eigentleg ikkje forbode å legge teikningar i folk sine postkassar.?

Folk byrja etter kvart å bli ganske olme på den føkkings teikneguten. Heile byen var overtydde om at det var nettopp han som stod bak dette, som ein annan jævla moralens Robin Hood.Han blei ikkje mindre mistenkt av at han hadde fått ny jobb - som avisteiknar. Han satt no ofte og laga teikningar frå rettsalen, der til dømes ein mordar kunne sitte i anklagebenken. Han tykte det var ganske fint å formgje den bøyde nakken, omgjeven av mørke dommarkapper.

Han eig ikkje moral den satans fyren, sa ein rasande forretningsmann som hadde gått i klassa til teikneguten. Kven trur han at han er? Kona har reist frå meg, og eg må selje huset etter skilsmissa. Det må da vere noko vi kan gjere for å stoppe han, før han øydelegg oss! Det ER jo han som legg desse stygge og hjartelause teikningane i postkassane våre! Kven kan det elles vera?

I det vesle eittroms husværet sitt med sovealkove satt teikneguten. Han hadde allereie byrja å keie seg i rettsalen. Det var lange dagar, og ikkje så mykje spennande å formgje. Det er grenser for kor lenge det er interessant å sitte og teikne same mordaren i anklageboksen, dag etter dag. Og uansett kort godt han teikna, fekk det jo ingen effekt på utfallet av dommen.

Sant å seie meinte han no at han var esla for større oppgåver.

Han ville vere ein stad der han kunne ta spenntak mot samfunnsopinionen, der det han teikna kunne tenne folk. Han ville boltre seg i eit offentleg rom, der streken hans gjorde ein forskjell.

Han søkte jobb som politisk teiknar i ei hovudstadsavis.

søndag 7. mars 2010

på eget ansvar

"Tøyet i garderoben henger her på eget ansvar"
Stod det på skiltet i teaterfoajeen

Det kom opp på veggen
etter en kamp på liv og død
mellom to særdeles aggressive vinterfrakker

en frakk havnet på legevakta
han lå i en pøl av forsilke da de fant ham,
den andre skrek av smerte gjennom vrengte lommer
og gapende flenger i foret

årsaken til basketaket er ukjent

Det gjelder derfor
å ta sine forholdsregler

lørdag 6. mars 2010

Ryddigheten

Innerst i et skap, med tellekant
Lå selvtilliten som hun aldri fant

Er lett for meg å peke på den nå
Men ingen sa til henne hvor den lå.

fredag 5. mars 2010

Marsblått

-Han er marsblå i dag
sa far min

Han fortalde aldri
kvifor han let månaden mars
gje namn
til ein eigen blåfarge

var det farga på nakne skogen,
skrubba gjennom vinteren av snø og haglskurer?
blåskjæret i gammal snø, som hadde sunke i hop?

Eg veit ikkje
og det er ingen å spørje

Men det er mars no

og i morgon skal eg ut
og sjå
om eg får auge på noko blått

torsdag 4. mars 2010

Isen

Berre kom utpå, sa han
heilt trygt her
Eg tykkjer det det knakar
sa ho
og tok eit skjelvande steg
mot han

det er kanskje best
du står utpå her
åleine
sa han

Eg er slett ikkje viss på
om isen kan bere
oss båe

mandag 1. mars 2010

Berre litt om månen

Det handlar ikkje om
varulvar.
Flo og fjøre,
kvasse skuggar
eller svevnløyse.


Men om månen
i seg sjølv

hverken vond eller god

berre ein blank knapp i nattehimmeltrøya.

Han følgjer deg heim
viss du vil

og ventar stilt utanfor vindauget
til i morgon.