torsdag 11. mars 2010

eit talent utanom det vanlege

Han var ikkje noko utprega eller særskilt ekspessivt barn. Og han snakka ikkje mykje.

Men han var flink til å pusle med penn og papir. Da var det stille lange stunder, ansiktet var langt inne i arket, svisj, svisj sa blyanten når han skyggela. Ein såg berre hårhvirvelen hans, når fantasien jaga han djupt inn i papiret.
Han var ikkje så glad i å leike med andre ungar. Når dei ville ha han med ut, drog han ofte berre på det og sa at han tykte det var litt kaldt, og ville heller vere inne og teikne.
Sidan han aldri ville leike, byrja ungane i gata å synast at han var ein skikkeleg raring. Dei gad ikkje å spørje han om å kome ut. Men dei kasta nokre gonger snøball på ruta hans , når dei ikkje hadde anna å finne på. Mor hans kom ut og jaga dei, og det var litt gøy. Etter kvart gløymde dei nesten heile den rare vesle teiknefyren.

På ungdomsskulen satt han og mykje for seg sjølv. Sa lite i diskusjonar. Når dei andre gutane fomla rundt i verste hormontåka og drog i bh-stroppene til jentene, satt teikneguten og eit par andre raringar i ei hjørne og lo av sære teikneseriar på utanlandsk ingen andre hadde høyrt om. Men teikneguten laga nokre teikningar av læraren som var skikkeleg kule. Dei vart sendt rundt i timane når læraren såg ein annan veg. Ein gong fekk ein lærar sjå ei teikning av seg sjølv. Han byrja å gråte inne i hendene sine, og alle knisa desperat. Teikneguten smila berre litt.

Etter vidaregåande vart teikneguten oppdaga, då lærerteikningane han laga i keisame skuletimar hamna i russeavisa.Det var eigentleg flaks for han at han keia seg mykje. No laga han illustrasjonar til barnebøker og julehefte.

Vi skulle tru han var lykkeleg no.

Da ein gamal skulekamerat av han opna postkassa ein dag, låg det ein ufrankert konvolutt der. Inni konvolutten låg ei teikning. Det var lett for skulekameraten å kjenne at kona si på teikninga, tett omslynga med grannekaren.Det var ikkje noko brev, og ikkje noko poststempel. Og etter ein konfrontasjon, tilstod kona at ho hadde hatt eit forhold med grannen, tårene rann og stor ståhei følgde.

Fleire rundt i byen byrja å finne teikningar i postkassane. Om underslag, vald, og utruskap. Nokre gonger nekta folk som var avteikna på alt det teikninga skulda dei for. Mange blei heilt avsindig rasande, uansett om dei følte seg truffe eller ei. Dei truga folk rundt seg med politi og full etterforsking. Samstundes vreid dei seg som lus mellom neglar. For kven skulle dei anklage? For kva? Det er vel eigentleg ikkje forbode å legge teikningar i folk sine postkassar.?

Folk byrja etter kvart å bli ganske olme på den føkkings teikneguten. Heile byen var overtydde om at det var nettopp han som stod bak dette, som ein annan jævla moralens Robin Hood.Han blei ikkje mindre mistenkt av at han hadde fått ny jobb - som avisteiknar. Han satt no ofte og laga teikningar frå rettsalen, der til dømes ein mordar kunne sitte i anklagebenken. Han tykte det var ganske fint å formgje den bøyde nakken, omgjeven av mørke dommarkapper.

Han eig ikkje moral den satans fyren, sa ein rasande forretningsmann som hadde gått i klassa til teikneguten. Kven trur han at han er? Kona har reist frå meg, og eg må selje huset etter skilsmissa. Det må da vere noko vi kan gjere for å stoppe han, før han øydelegg oss! Det ER jo han som legg desse stygge og hjartelause teikningane i postkassane våre! Kven kan det elles vera?

I det vesle eittroms husværet sitt med sovealkove satt teikneguten. Han hadde allereie byrja å keie seg i rettsalen. Det var lange dagar, og ikkje så mykje spennande å formgje. Det er grenser for kor lenge det er interessant å sitte og teikne same mordaren i anklageboksen, dag etter dag. Og uansett kort godt han teikna, fekk det jo ingen effekt på utfallet av dommen.

Sant å seie meinte han no at han var esla for større oppgåver.

Han ville vere ein stad der han kunne ta spenntak mot samfunnsopinionen, der det han teikna kunne tenne folk. Han ville boltre seg i eit offentleg rom, der streken hans gjorde ein forskjell.

Han søkte jobb som politisk teiknar i ei hovudstadsavis.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Oddmund Havnen:

Eit talent utanom det vanlege.

1. En svært god kort)novelle. S å god at du må ha en bedre slutt!! Men det er jo litt av en jobb, vet jeg. Det er bare å jobbe med det - lenge. Så blir det som regel noe av det.

Anonym sa...

Oj, kjenner en sånn en kar, en med livsfarlig strek. En som med få, korte pennestrøk, gjort på sekunder, nagler sannheten usminket ned på papiret. Da jeg giftet meg var gaven fra ham typisk nok et brudebilde fra helvete. Tror sannlig jeg må finne det fram igjen. Aldri hatt det oppe, da min konen hatet det. Vel, men nå skal det på veggen. He he, kan jo alltids har det på kontoret. Du har forresten en humoristisk penn, fylt med passe doser gift. Det liker jeg!