lørdag 12. juni 2010

skjoreungen

..ein liten skjoreunge satt murande stille midt i skulegarden. Neppe den beste plassen å vere for ein fugleunge. Det kunne kome bilar. Og den vesle skrotten såg ikkje særleg flygefør ut. Han hadde trekt det vesle hovudet inn i fjørene, så nebbet berre stakk såvidt fram. Samtidig pressa han kroppen ned i asfalten, slik at det ikkje såg ut som han hadde bein. Han flytta seg ikkje då eg gjekk litt nærare heller.

Eg tenkte på om det var noko eg kunne seie til oppmuntring,
så han ikkje skulle vere så redd.

Hei, skjoreunge! Det kjem sikkert til å gå bra,
og du lærer nok å flyge før det kjem ein bil.

Men slikt bør ein nok aldri love.

Det hadde vel vore bedre om eg kunne gi han ei gladnyheit.
Men diverre veit eg for lite om kva skjoreungar blir glade av.

Ingen kommentarer: