torsdag 3. juni 2010

konservering

Om eg ein lysande junikveld
tok heile solnedgangen
og la han ned ned på eit norgesglas

sette glaset i kjellaren
tok det fram og åpna det i november
ein grå og utvaska måndag

ville eg da framleis kjenne
smaken av kjøleg heggblomstring
høyre lyden av ivrige hælar mot grusen
kjenne vårregn,
sjå sommarforventing i små bobler
sprette mellom hustaka i byen?

Det er ikkje så sikkert

junikveldar
blir vassne i smaken
når vi legg dei ned
på små glas

ein bør sette tennene i dei
medan dei er ferske

2 kommentarer:

Ina sa...

Du skulle hatt en "liker" knapp på innleggene dine!
Og jeg er helt enig, sommeren funker bare når det er sommer!
Klem

Anonym sa...

Det tror jeg, men for de fleste, kun et kort sekund. For de som mestrer tankeflukt, derimot, vil selv det korteste sekund være nok til å bli båret varmt gjennom den kaldeste vinter. Og så langt jeg ser av dine tekster, er du så absolutt en av disse. Så, fram med norgesglasset! :)