tirsdag 27. mars 2012

Ja ikkje. Nei ikkje.

Ikkje rør meg
jau rør meg

ikkje rør

eg blir rasande,

og  flerrar fasaden din av deg,
legg deg naken til korp og kråke
så dei kan hakke i augo dine
med spisse sarkasmar,
stiletthælskarpe karakteristikkar

Ikkje rør meg
jau, gjer det
rør meg
så eg kan slå deg,
skrike til deg
spikre dei klamme fangarmane dine
opp på veggene
så alle kan sjå
for ein emosjonell blekksprut
du er

Ikkje rør meg ikkje

rør

ved meg

4 kommentarer:

Ola Todal sa...

Duverden kor du skriv! Var redd du hadde gløymt oss.

Little Man From Another Place sa...

Nordmøring?

Marit sa...

Jepp. :-) Korleis visste du det?

Little Man From Another Place sa...

Jeg vet det er et nordmørsnavn, to steder.