onsdag 21. mars 2012

Heimekos i avis

Kvar fredag og laurdag veltar bustadmagasina ut av avisene mine, fulle av hus til salgs.Framsidene  i desse bilaga oser av heimekos.
Ofte opnar det tjukkaste av desse bustad-blekkene med ein heime hos- reportasje hjå folk som gjerne har litt eksotiske og spennande yrke, men som  tilfeldigvis og eig eit hus dei har styla og pimpa så rykta har nådd avisene via grannar og familie. Stolt tek huseigaren med avisa gjennom alle romma sine. Dei er alle pinleg ryddige, og har spreke fargar, glasspeisar, pynteputer og sengeteppe utan ein fald.

Kor mange millionar vi nordmenn pussar opp for kvart år, er uvisst.Men det er nok mange. Nokre pussar  opp og sel huset vidare fortare enn andre rekk fylle ut lånesøknad.Dei får ei intens kjensle av livets meining når dei står der med ein sparkelspade i handa. Dei greier seg på 4-5 timars svevn i månader, berre for å gjenskape eit hus frå botnen av. For å kompensere for tomheitskjensla dei opplever når alt er ferdig, kjøper dei  raskt eit nytt hus.

Kva er det med oss her i verdas rikaste land som gjer at vi må halde på med denne pilgrimsferda melllom fargehandelen, Byggmakker og vvs-butikken?Kva driv oss inn i desperate  opppussingsprosjekt, med helsa som innsats? Eg veit ikkje.

Men det som er sikkert, er at det er med stor stoltheit folk viser heimane sine fram i aviser og blad. Dei strålar velkledde med ektefelle og ungar i sofakrokar eller kring kjøkenøya si, på høge krakkar med kule tenårings-ungar og ei alessiskål med perfekte epler. Dei sett saman dyre designstolar med ikeamøblar, handlar på italienske nettsider og miksar det med arvegods frå heimgarden til bestefar. Dei kjøper febrilsk låghalte kjøkenbord, og patinerer dei med utstudert slurvete måling for å få dei shabby chic nok til at Bonytt kan bli interessert til å  kome springande og lage ei sak på dei.

Korgstolar, florgardiner og tørka blomar er forøvrig på veg ut det, no. Bustad-onanistane ler berre av det. Denne stilen med grå, målingslitne gamle glasskåpar i fransk stil med krydderurter i sinkbøtter er like harry no som furumøblane og brystpanelet var då nittitalet var over. Det seier dei som sjølv hadde stilen for eit par år sidan. For motane skiftar fort, også i bustadverda.

I likheit med at vi fargar hår, skaffar oss grøne kontaktlinser , botoxpåfyll, toupe eller designklede, så signaliserer vi kven vi er med bustaden vår. Eit par eg kjenner gjekk inn i ein djup depresjon då dei oppdaga at badet dei nett hadde pussa opp i dyre dommar, likna  mykje på badet til kva som helst slags folk.Det var rett og slett for vanleg. Og kva var da vitsen? Dei ønskte uttrykke seg gjennom vvs.At dørhandtak, flis og blandebatteri skulle seie noko imponerande om smak og stil, og at dei var  interessante personar.

På åttitalet kunne vi sjå ein heil vegg i stova dekt med famliebilete, med ulike typar rammer, hengande hulter til bulter.Det ser du ikkje ofte i dag, anna en hjå svært gamle menneske. Ser du bilete henge tett  i tett i dag, er mange av rammene tomme og kjøpt på bruktbutikk, eller bileta er innramma foto-tapetrestar, av og til grafiske trykk av kjende kunstnarar.

Det er ikkje familiebileta som gjev oss heimleg  identitet. Det er kven du er - DU som har innreidd heimen.Skal du ha familiebilete på veggen, er dei kunstnerisk forseggjorte, gjerne i svart kvitt, collageform eller ser ut som dei er måla på lerret.Fotografbransjen må sjølvsagt tilpasse seg design-evolusjonen.

Vi likar å sjå oss sjølve utanfor familiekonteksten når vi framstår som kreative designarar i bustadreportasjar. Vi får noko kunstnarleg over oss. Vi viser fram heimen vår med familien som acessoirer og pynt, sitjande i Arne Jacobsen-stolane vi er så stolte av. Desse stolane vi fann på ein loppemarknad, fordi alle dustane som arrangerte det ikkje såg at det var kvalitet som stod der mellom gammalt furu-skrot.

Ikkje alle kan bli med i The Voice, Idol, 71 Grader Nord eller Ungkaren. Nokon må vere heime.

Og skal ein vere så mykje heime, kan ein like gjerne pusse opp.

3 kommentarer:

Jane sa...

Godt skrevet, Marit, du er suveren til å ta ting på kornet! Hvorfor prøver du ikke å få publisert noe av det du skriver, annet enn her på bloggen din?

Marit sa...

Tror ikke det er så stor interesse for slikt småpusleri. Det utgis mer enn nok bøker, tenker jeg:-) Men fint å skrible litt i bloggform.Og veldig hyggelig med respons, tusen takk!

Synøve sa...

Fint å sjå deg på igjen her - og du får no sagt det som vanleg:) men ; ikkje eit vondt ord om bruktbutikkar...:)) Klem