søndag 13. mars 2011

Ting det ikkje er vits i å gøyme på

Han var ikkje så stor, og gjekk kanskje i andreklassen på barneskulen. Han var i den alderen då ranselen er firkanta og stikk ut på begge sider av ryggen. Dette var nok på syttitalet, og då var alle skuleranslane til små ungar firkanta. Og på syttitalet var andreklassingar veldig små og tynne.

Det var etter siste skuletime, og alle ungane sprang så fort dei små beina kunne bere nedover til skulebussen. Ikkje fordi dei var redde for å bli for seine, men fordi dei alle så gjerne ville sitje i framsetet.

Dette heilage setet ,som stod parallelt med førarsetet, fekk ein liten andreklassing til å kjenne seg som ein nestkommanderande. Slik kunne ein sitje og sjå sjåføren , gasse, gire og bremse, opne døra kjekt med den store sveiva, handtere billettmaskina .Ein slapp bli sitjande saman med ein av dei store ungane som var ekle, eller saman med ein gamling som hadde vore hjå legen og byrja bry seg, og kanskje seie rare ting. Dei andre ungane kunne byrja å le av dei rare tinga gamlingen sa, og det var så pinleg. Sat ein i framsetet, var ein kongen av bussen. Ingen dummingar eller gamlingar kunne ramme ein der.

Nesten alltid sprang dei store fortast, og dei små kunne springe til dei nesten kasta opp, men det var ingen vits likevel, for dei store var alltid større og hadde alltid så lange bein.

Men denne gongen sprang andreklassingen fortast. Eg veit ikkje kvar dei store ungane var denne dagen, men det var faktisk denne andreklassingen som kom fram til bussen først! Eller rettare. Det var to andreklassingar. Og i det den vesle tynne ,som hadde sprunge så det vesle hjartet nesten eksploderte i brystet, sette foten på neste stigtrinnet i bussen, pressa ein større og sterkare klassekamerat seg forbi han. Og når denne klassekameraten står på øvste stigtrinnet, snur han seg og slår den vesle andreklassingen så hardt i andletet at han dett bakover på rumpa i ein søledam.

Ein kan lure på kvifor det er slik at den som greier å erobre framsetet i livet med rå kraft, kjenner at det i tillegg er naudsynt å slå folk i andletet.

I dag er den minste andreklassingen far sjølv. Eg ser han bere det vesle barnet sitt kjærleg omkring. Heldigvis trur eg han har gløymt episoden med framsetet.

Det er nok berre systera hans som aldri kjem til å gløyme.

2 kommentarer:

Synøve sa...

Sterk den der - godt at livet kan ha noko i ermet....:) Vi storesøstre har mangt å halda styr på....(oss sjøl i tillegg) god helg til deg:)

Elin sa...

Veldig, veldig fin den her ja, Marit. Traff ei nerve hos meg. Klem, elin