lørdag 29. mai 2010

når det regnar..

..blir alle stovegrisar glade. Det blir legitimt og forståeleg å halde seg inne.

Joggarane kan springe kortare rute, men får likevel respekt og ros frå alle- fordi dei joggar i så dårleg ver. Folk flest samlar seg under tak i pøsregnet, dei som eig kjøpesentra gnir seg i hendene. Dei veit nemleg at kundane ofte blir ståande i døropningen til senteret som lite vedtaksdyktig kveg, fordi dei ikkje har lyst til å stille seg på busshaldeplassen i dritveret og få regn i handleposen sin.

Så dei går heller innatt og handlar litt til.
Og nye klede blir ein glad av.

Men dei aller gladaste er nok den vesle ungen med regndress opp til nasen, som hoppar i den digre søledammen med samla bein.Han ler frå langt nede i magen av alt vatnet som sprutar opp. Og den smilande hunden som rullar seg i det blaute graset og lagar godlydar.

Dei har fått med seg det viktigaste;
det gjeld å bruka regnet til noko fornuftig

tirsdag 25. mai 2010

på drittsekkakademiet

..er det særs vanskeleg å kome inn. Mange bra folk har blitt avviste i døra, sjølv med glimrande vitnemål og attestar. Dei har ringt og hulka til administrasjonen, og trygla om ein skuleplass.Men ingen triks har nytta .

På drittsekkakademiet kjenner dei att eit skikkeleg talent når dei ser det.Ingen greier sutre seg til skuleplass der. Yrkesetikken blir sett høgt.

Leiinga ved skulen er likevel særs provoserte over at mange går ikring og kallar seg drittsekkar, utan å ha papira sine i orden. Dei såg gjerne at styresmaktene greip inn meir og regulerte marknaden.

Så, viss du har møtt ein drittsekk, er det kanskje ikkje eingong ein fagmann du har hatt med å gjere.

Men det positive er at da treng du nok heller ikkje ta han så alvorleg.

lørdag 15. mai 2010

orsak meg...

-men hjartet ditt er på utsida
det bankar
så alle kan sjå det

tenkte berre eg skulle seie i frå

dessutan
ser det skikkeleg ekkelt ut

torsdag 13. mai 2010

sminke

Ei løgn var så stygg
at dei måtte sende ho på spa

der fekk ho kompressar over augo,
dampbad og ansiktsmaske

satt i badekåpe med handduken
rundt hovudet
kosa seg ved poolen


Da ho kom på jobb måndag
kjende ikkje folk henne igjen

skulle ikkje tru
det var den stygge gamle løgna,
gispa dei beundrande

løgna lo kokett, slengde på håret

no

skulle livet hennar endeleg byrje

for alvor...............

onsdag 12. mai 2010

ein stein i skoen

-det kjende ho med eitt at det var.Det kjentest veldig irriterande. Steinen flytta litt på seg når ho gjekk, og de det var skikkelig ekkelt og litt vondt. Gangen vart haltete og rar av det , og kvar gong ho såg sitt snitt, rista ho diskret på foten for at steinen skulle dette ut.Men han datt ikke ut.

Neste dag då ho vakna og skulle ha på seg sko, hadde steinen vokse og det var berre såvidt ho fekk foten nedi skoen. Heile dagen gjekk ho på tå, og skoen var forferdeleg trong, så ho måtte gå meir og meir på tå.Det vart slitsamt, og gangen vart endå meir haltete og rar enn dagen før.

Dagen etter fylte ikkje berre steinen heile skoen, men mesteparten av golvet i entreen og.Han hadde esa ut over skohylla, og klemt den flat. Ho måtte byrje å sette unna møblar og flytte på kleda i garderoben, for steinen voks inn i frakkane som hang der. Ho gjekk på jobb uten skor den dagen.

Då ho vakna neste morgon, hadde steinen vokse opp gjennom mørkloftet, og ho såg åpen himmel gjennom restene av taket der steinen hadde sprengt seg opp mellom åsar, bjelkar og knust takstein.Ho fann ikkje att entreen, stova og kjøkenet, alt var trengt vekk og pressa til side av steinen, som no fylte heile huset. Ho fann ikkje att klesskåpen på soverommet sitt heller, der var alt fullt av stein. Ho fann ikkje kleda sine. Difor måtte ho gå på jobb i nattkjolen.

Same dagen laga lokalfjernsynet reportasje om det øydelagde huset hennar, som var fylt av verdas største stein i skoen. Riksmedia kom og på banen. Folk tok bilete av huset med mobilkameraet sitt. Naboane vekselvis måpa og gispa på alle sider.

Samstundes, ubemerka og i ein lånt joggedress, gjekk jenta på visningar . Let folk berre halde på.

Ho hadde ikkje stein i skoen lenger, og det var det viktigaste.

lørdag 8. mai 2010

om livet var som ein dansefilm..

..ville alle ha vore i god form.

Og uansett kva problem ein støytte på, kva krangel ein havna i , og kor livet bala seg til for ein, var det berre å sette i gang og danse. Helst så mange som mogleg på ein gong, på rare og uventa stader, noko som gjerne stoppar trafikken og blokkerer heile gata i båe køyreretningar. Men alle berre ler av slikt i dansefilmar.

Hadde livet vore som ein dansefilm, hadde det vore berre korte små glimt av kvardagar innimellom kveldane når gjengen møttest på den kule klubben. Der dansar folk sensuelle dansar i løyndom.Ingen treng gå på jobb heile tida i dansefilmar, ingen må handle dopapir eller vaske opp.

Var det kjærleik med i spelet, vart alle misforståingar på vegen til slutt oppklara gjennom ein dans- om livet berre var som ein god dansefilm.Ingen gret åleine utan at nokon kom dansande forbi utanfor vindauget deira, fekk dei på betre tankar og sette handlinga i gang att.

Vil ein søke på ein skule og livet var som i dansefilmar, var den steinharde treninga og førebuingane med gnagsår og blodsmak estetisk og vakker - i sepiatonar med sveitteglinsande og glatt hud og utan dårleg ånde.

Om treninga foregjekk i slitne lagerlokale med skitne vindauge og tomme oljefat i krokane, lukta det aldri bensin eller støv og tåfis. Sveitt treningsty satt perfekt og såg trendy ut. Treningsøktene var korte, og framgangen eksplosiv. Om du var helten og den slemme rivalen hadde stengt deg inne i kottet under trappa for at du skulle bli for sein til opptaksprøva di, gjorde det ingenting. Hovudpersonen kjem seg alltid ut i dansefilmar, og får alltid avlegge sin velfortente audition. Juryformannen tek rørt av seg brillene etter prøvedansen, og ynskjer deg velkommen som elev.

Dansefilmen får fram det beste i folk. Kvardagar blir kortare, festen lengre, vennskap sterkare, kjærleik meir intens. Ingen har mensen, går til tannlegen, betaler rekningar , tek trappevasken.

Etter dansen har alle kome seg eit steg vidare i liva sine, knytta venskapsband, tilgjeve fiendane sine og fått ønska sine oppfylte.

Get your ass on the floor.
Lat oss danse oss vekk frå straumrekninga no i natt.

onsdag 5. mai 2010

nokre gonger..

tek Fantomet på seg hatt og frakk,
og går ikring blant folk som ein vanleg mann.

Men han hatar det,
og han skjønar ikkje poenget.
Han ser sur og innbitt ut på teikningane

Det er ikkje mange menn i hatt og frakk
i Dei Djupe Skogane.

Det er det mest lianar,
og diverse dyr

som er vanskelege
å imponere

Konklusjonen blir vel :
skal ein sjå plaga ut i hatt og frakk
er det lurast å dra inn til byen