lørdag 18. desember 2010

skjøre englar og raseri

Ikkje kast den så hardt i disken da sa butikkdama den tåler ikkje det jaha seier eg tenkte no å sende engelen i posten men det går vel ikkje om den ikkje tåler såpass som å bli lagt litt hardt på disken eingong du må pakke inn i silkepapir og bobleplast sa butikkdama anklagande javel sa eg men heile poenget var faktisk at den pakken ikkje skulle bli så stor og ta så mykje plass ja tenkte du sende den i ei eske sa butikkdama krevande nei sa eg som sagt tenkte eg sende den i ein konvolutt på grunn av vekta jaja om du at sjansen på det så sa ho stramt ja det er vel de i butikken som veit kor mykje denne jævla engelen toler ropte eg eg anar jo ingenting om englehandsaminga til postverket eg ville aldri ha sendt denne i ein konvolutt i posten sa butikkdama forakteleg og svøpte engelen i lilla silkepapir neivel da blir det ikkje nokon handel sa eg og for ut døra og kjøpe ein CD i staden i fullt sinne nei makan......

Ingen kommentarer: