tirsdag 27. april 2010

våren uvørent forbi

våren stryk så fort over plener i parkar, at den lysegrøne farga i hellingane har kome utan at nokon oppdagar det før etterpå. Han feiar med heile handflata over hus og tre og folk. Flytter litt på eit gåsetrekk, svingar med nokre gardiner .

Han sveipar lynfort gjennom rommet til sovande og urolege sjeler, dei som søv for ope vindauge.

Om dei urolege sjelene vaknar og prøvar jage våren ut, gjev han dei blåmerke.

Natt etter natt vil våren kome tilbake, og ikkje eit einaste av blåmerka kjem han til å la vere å trykke på.

Det er berre slik våren er.

Ingen kommentarer: