orda dreg seg over kroppen din
som sleipsniglar
urørlig må du
høfleg
gape når dei nærmar seg
munnviken
vi vil deg berre vel seier dei
vil at du skal lære
innvendingar
pissmaurar seg
oppover jakkermet ditt-
for du veit;
ein går seg ikkje inn i eit dikt
som
slik ein brasar inn i eit spindelvev,
seier dei
og ler
nei,
det er jo eg som spinn tåden,
seier eg
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar