No rullar det blyantar
frå alle verdshjørne
nokon måtte sleppe dei
vi undrar stadig
kva som nesten vart skrive
i nett den augneblinken
handa losna grepet, før
ordet losna frå tanken
blyantane rullar og rullar
held fram å rulla
nokon må ta dei opp
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar