torsdag 1. november 2012

Alt dette som fyller opp

Sjå opp for store tal og bokstavar,
ropar fjernsynet

dei feitatste typane

fyller oss
med  muntre muddermasker
og åndeleg fotmassasje

Om natta
gulpar folk i seg trykksverte
rett frå kartongen

i det harde, blå lyset
frå opne kjøleskåpdører

2 kommentarer:

Anne Marie sa...

For et fantastisk dikt! Likte spesielt godt de siste fem linjene.

Marit sa...

Tusen takk! Slik respons blir ein veldig glad av.:-)