søndag 24. oktober 2010

den gode viljen?

Han fortalde:

Eg trudde eg ville og så tenkte eg at eg skulle sondere terrenget om ho og kanskje ville.
Om ikke ho ville noko heilt anna, da, - utan at eg eigentleg hadde nokon klare indikatorar på kva ho eigentleg ville og ikkje ville. Nok om det.

Men- da eg etter kvart ymta frampå kva eg kanskje ville, så fekk eg liksom ikkje noko klart inntrykk av om min forsiktig antyda vilje fekk henne til å ville noko som helst. Ho var ikkje villig til å ville noko - i alle fall ingenting som gjekk an å forstå for meg.

Difor så tenkte eg berre helvete heller. Når ein er så uklar på kva ein vil, skal det godt gjerast at andre vil kome til å ville.

Ho får berre gjera som ho vil

Så skal eg kjenne etter om eg vil nokon andre noko. Og det trur eg faktisk at eg vil,ganske snart.

fredag 15. oktober 2010

eit vakkert ord

del 1

så rart
midt i vegen

låg eit vedunderleg vakkert ord

og blinka

eg plukka det opp
nokon hadde nok mista det


del 2

tid har gått

eg har det vedunderlege ordet i lommen
framleis

-veit du?

ein heilt vanleg
grå dag,

til dømes

ein tirsdag

kjem eg kanskje til å gje det til nokon

da fangane rømte frå fengslet

..sprang dei inn i næraste godtebutikk, og brukte alle pengane sine på ein gong. Dei styrta ut av kiosken med munnane full av salte ufo, slengde seg opp i næraste tre, og klatra heilt til tops i eit forrykande tempo. Ingen masa om at dei skulle komme ned.
Dei var ute til lenge etter sengetid, og leikte mørkegøymsel. Fleire av dei plumpa i søledammar, og vart blaute på føtene.

Da fangevaktarane fann dei i ellevetida, var det eigentleg heilt greitt å bli med heim.