søndag 29. august 2010

gamle ordtak

som ein tutar med ulvane
får ein svar,
seier ordtaket

eller var det kanskje
at ein ikkje skal selje skinnet
der hunden er begravd?

i alle fall
var det noko med eit pelsdyr

og sikkert veldig glupt sagt

1 kommentar:

klokehaud.blogspot.com sa...

Og når bjørnen er skoten, kan du ta ein fest!